Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 11.07.2023 kl 06:00 - Oppdatert: 14.07.2023 kl 14:25
PPT har informert politikarane i Volda om ein urovekkande trend: Fleire elevar er synleg rusa på skulen. – Men etter Rusreforma kjem det ikkje lengre meldingar om dette til den kommunale rushjelpa. Systema heng ikkje lengre i hop!, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 06.07.2023 kl 11:00
Volda Småbåtlag held på å oppgradere vassanlegget på bryggene i småbåthamna, og undrar om Volda kommune nyttar vatn til gjestebrygga på deira vassmålar.
Publisert: 04.07.2023 kl 20:00
Det vert arrangert ny Jesus-marsj i Volda sentrum i august.
Publisert: 04.07.2023 kl 16:00
Volda kommune har opna for tidlegrøysting til kommune- og fylkesvalet. Dette er eit tilbod til dei som elles er hindra frå å røyste i den ordinære førehandsrøystinga.
Publisert: 04.07.2023 kl 09:40
Ny reguleringsplan for Voldatunellen er sendt til offentleg høyring, og Vegvesenet har arrangert ope folkemøte på Samfunnshuset. – Vegvesenet seier Stjernebrua er umogleg å få til, og den nye plasseringa av tunnelløpet gjer at fleire hus må vike, er oppsummeringa frå ordførar Sølvi...
Publisert: 22.06.2023 kl 12:50 - Oppdatert: 03.07.2023 kl 23:54
Harald Holte får Kulturprisen 2023 for lang og tru teneste i kulturlivet i Volda. – Harald har vore engasjert i musikklivet i Volda i ei rekke sjangrar i heile 65 år!, seier ordførar Sølvi Dimmen, som stod for overrekkinga av blomar og gåvesjekk. Men overraskingane stoppa ikkje der!
Publisert: 08.06.2023 kl 14:30
Eit stort fleirtal i fylkesutvalet er samde om ny Fylkesveg 60 frå Tomasgard til Raftevoll, og gjenbruk av vegen mellom Raftevoll og Røyrhus. – Dei har rydda opp i dei geografiske detaljane som skapte uro etter vedtaket i Samferdsleutvalet, seier Volda ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 06.06.2023 kl 13:13
Det er oppstått forvirring kring vedtaket i samferdsleutvalet om å nytte eit alternativ 3c når ein skal ruste opp Fv 60 i Hornindal. – Det er ein trase som ikkje er i kommunedelplanen, så her må ha skjedd ein feil, seier varaordførar Sverre Leivdal (Ap), som har vore i kontakt med...
Publisert: 06.06.2023 kl 12:40 - Oppdatert: 06.06.2023 kl 15:33
Volda kommune melder at dei er råka av den tekniske svikten i systemet for meldingar til barnevernet. – Det er oppdaga ei melding som har forsvunne, seier kommunen.
Publisert: 31.05.2023 kl 16:24
Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke at det skal byggast ny Fv 60 frå Tomasgard til Raftevold og frå Raftevold til Røyrhus bru skal vegen gjenbrukast.
Publisert: 23.05.2023 kl 11:58
Fylkeskommunedirektøren meiner at den beste måten å få betre veg på Fv. 60 Tomasgard-Røyrhus bru i kommunane Volda og Stranda, er å gjenbruke delar av eksisterande veglinje i staden for å byggje heile vegen i ny trasé.
Publisert: 19.05.2023 kl 20:00
Grendelaget i Volda sentrum og Volda kommune arbeider med å få på plass ein avtale der grendelaget vil ta over og drifte leikeplassen «Jungelen». – Når det byrja å ryktast at Jungelen skulle rivast så vaks engasjementet igjen, og grendelaget har teke ei rolle i dette engasjementet, seier...
Publisert: 19.05.2023 kl 10:00
Det har vore to hjorteteljingar i kommunane på Søre Sunnmøre i vår, og tala syner at Volda har den største hjortebestanden.
Publisert: 17.05.2023 kl 17:00
Voldatunnelen er det rimelegaste prosjektet når Statens vegvesen har lagt fram sine prioriteringar for utbyggingar på riksvegnettet.
Publisert: 11.05.2023 kl 17:17 - Oppdatert: 12.05.2023 kl 06:47
Volda kommune støttar Norsk Innovasjonssenter med kr. 350.000, og kjøper aksjar i selskapet for kr. 250.000.
Publisert: 11.05.2023 kl 17:10 - Oppdatert: 12.05.2023 kl 06:46
Kommunestyret har vedteke å innreie den tredje etasjen i symjeanlegget i byggeperioden. I etasjen skal symjeklubben få kontor, og det kan bli klasserom for skulelevar i Volda.
Publisert: 09.05.2023 kl 09:40 - Oppdatert: 09.05.2023 kl 09:41
Styret i Sunnmøre Kulturnæringshage har vedteke å støtte realisering av innovasjonssenter på høgskuleområdet i Volda med 150.000 kroner. Norsk innovasjonssenter vil stå som ein av fleire leigetakarar i bygget som Volda Utvikling AS skal realisere i Aasenkvartalet på høgskuleområdet.
Publisert: 08.05.2023 kl 13:07
Når formannskapet har sagt at 3. etasjen i nytt symjeanlegg skal innreiast, håpar symjegruppa at dei får areal til eit kontor så dei kan byrje gjenoppbygginga av symjeopplæringa og symjemiljøet i Volda. - Symjegruppa vil tilsette ein person for å bygge klubben oppatt, og det ligg mykje...
Publisert: 02.05.2023 kl 13:35
Etter fleire dyre investeringar må Volda kommune omstille seg til ein strammare økonomisk kvardag, og kommunedirektør Rune Sjurgard inviterer politikarane til å diskutere den politiske utvalsorganiseringa.
Publisert: 02.05.2023 kl 13:13
Det meiner VTI Symjegruppa og Stiftinga Voldabadet om kommunen sitt forslag om å vente med å innreie tredje etasje i det nye symjeanlegget. Det er i denne etasjen symjeklubben har ønskje om å ha eit kontor og sosialt rom for klubbmiljøet og andre som nyttar anlegget.
Publisert: 25.04.2023 kl 14:10
Volda kommune har skrive kontrakt med Danfo AS om levering av toalettbygget som skal stå ved badeplassen på Botnasanden. Bygget skal leverast i slutten av juni og stå klart til badesesongen.
Publisert: 04.04.2023 kl 15:25
I eit brev til Helse Møre og Romsdal uttrykker ordførarane på Søre Sunnmøre uro over korleis helseføretaket planlegg og gjennomfører kutt i tenestetilbod utan å involvere kommunane der innbyggjarar vert råka. – Vi fryktar at pasientar vert kasteballar.
Publisert: 31.03.2023 kl 14:10
Når fagetatane no legg fram si tilråding til kva prosjekt dei vil prioritere i Nasjonal Transportplan så er Voldatunnelen inne. Kostnaden for E39 Volda-Furene er no rekna til over to milliardar kroner, 650 millionar av desse er bompengar.
Publisert: 27.03.2023 kl 09:55 - Oppdatert: 27.03.2023 kl 12:43
Partiet De Kristne har bytta namn til Konservativt. For første gong stiller dei liste til kommunevalet i Volda med det nye namnet. Erlend Krumsvik er partiet sin ordførarkandidat.
Publisert: 23.03.2023 kl 11:30 - Oppdatert: 23.03.2023 kl 17:27
Etter at Helse Møre og Romsdal har kunngjort at dei styrer mot eit overskot på kr. 70 mill., har ordførarane på Søre Sunnmøre kravd at nedlegginga av Mork rehabiliteringssenter vert stoppa. Men helseføretaket står fast på nedleggingsvedtaket og avviser kravet.