Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 04.04.2024 kl 10:17
Håvard Strand er tilsett som assisterande rektor ved Øyra skule, og Monica Ertresvåg er tilsett som assisterande rektor ved Volda ungdomsskule.
Publisert: 04.04.2024 kl 10:12
Marianne Espenakk Mork vert ny rektor ved Dalsfjord skule.
Publisert: 24.03.2024 kl 11:00
«Verdiskulen» i Bjørkedalen, med Anne Bjørkedal i spissen, har fått ei løyving på 200.000 kroner frå Kraftfondet i Volda kommune. Anne Bjørkedal har som mål at skulen vere ein møteplass i bygda, og ein stad der kreative menneske kan arbeide i lag.
Publisert: 22.03.2024 kl 09:47
Publisert: 19.03.2024 kl 14:30 - Oppdatert: 19.03.2024 kl 15:16
– Det er ikkje kvar dag ein får lovnader om 8 milliardar kroner til veginvesteringar i regionen, seier Svein Sunde i Gode Vegar AS etter at kommunalminister Erling Sande (Sp) og leiar i transportkomiteen Sigbjørn Gjelsvik (Sp) kom med nyheita om at både E39 Voldatunnelen og Rv. 15...
Publisert: 18.03.2024 kl 17:45 - Oppdatert: 18.03.2024 kl 17:47
E39 Voldatunnelen er blant vegprosjekta som regjeringa vil prioritere når dei legg fram Nasjonal Transportplan for perioden 2025-2036.
Publisert: 18.03.2024 kl 11:20 - Oppdatert: 19.03.2024 kl 14:23
No når Sundal Kraftverk har sett ny generator i drift, er vassleidninga frå Fyrde vassverk stengt av. – Det er ein kjedeleg situasjon som har oppstått. Kommunen har visst om dette lenge, og har hatt god tid til å setje inn reserveløysing, seier Trond Ryslett i Sundal Kraftverk AS.
Publisert: 14.03.2024 kl 13:00 - Oppdatert: 14.03.2024 kl 14:31
Onsdag var det feira kranselag for den nye symjehallen i Volda.
Publisert: 08.03.2024 kl 14:34 - Oppdatert: 11.03.2024 kl 10:50
Det vart slått full alarm i Voldaskulen etter at Elevundersøkinga synte veldig høge mobbetal. Særskilt i 5.–7. klasse. No er det gjennomført ei ny spørjeundersøking, og denne syner heilt andre tal.
Publisert: 05.03.2024 kl 11:25 - Oppdatert: 05.03.2024 kl 11:30
Kommuneoverlege Marte Vaage Øie meiner ei innføring av Helseplattformen i Ørsta kommune vil vere direkte uforsvarleg. – Eg vurderer situasjonen som så alvorleg, og med potensielt langsiktige alvorlege konsekvensar for helsetenestene, at eg som kommunen sin lovpålagde medisinskfaglege...
Publisert: 05.03.2024 kl 08:37
Tysdag morgon har Volda brann og redning vore ute til melding om oljelekkasje i krysset mellom Røyslidvegen og Smalebakken.
Publisert: 04.03.2024 kl 09:28
Miljøpartiet Dei Grøne slår saman lokallaga sine i Volda og Ørsta.
Publisert: 03.03.2024 kl 16:00
Aldri før har vi vore fleire innbyggjarar i Møre og Romdal. Ved inngangen til 2024 talde vi 270.624 personar.
Publisert: 03.03.2024 kl 13:00
BUA Volda held til på Samfunnshuset, og har ope måndagar, onsdagar og fredagar. Dei ynskjer at så mange som mogleg skal nytte seg av det flotte gratis-tilbodet, så då er nok den nye lånetrenden heilt perfekt for BUA.
Publisert: 01.03.2024 kl 10:34
Ulstein kommune tilbyr Jarl Martin Møller stillinga som kommunedirektør. Møller er i dag kommunalsjef for samfunnsutvikling i Volda.
Publisert: 27.02.2024 kl 13:50
Volda kommune gjekk kr. 17,5 millionar i pluss i 2023. Det er ei resultatgrad på 2,9%, langt over kommunen si målsetjing om 1,75%.
Publisert: 23.02.2024 kl 20:00
Ørsta kommune ser på moglegheitene for å utvide handelsområdet i Hovdebygda, og har allereie gjort avtale med ein grunneigar om bygsling av tomt. – Det er fullt i Furene, og det siste næringsområdet innan rimeleg reiseavstand er Saunesmarka i Ulstein.
Publisert: 23.02.2024 kl 18:00
Etter at A. Våge AS varslar flytting seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp) at kommunen så absolutt ønskjer industribedrifter i Volda, men medgir at det er plassmangel. – Det er heilt krise. Det finst ikkje ledig næringsareal i Volda. Det må vi gjere noko med.
Publisert: 23.02.2024 kl 17:00
Etter mange år i Furene har A. Våge AS no vakse ut av lokala sine. Dei har venta på at det skal kome nye industriareal i Volda, men no vurderer dei flytting ut av kommunen. – Det finst ikkje tilgjengeleg areal, og då har vi ikkje anna val enn å sjå andre stadar. Elles stagnerer vi, seier...
Publisert: 22.02.2024 kl 12:25
Ein prøvefeil førte til at det vart sendt ut varsel om koliforme bakteriar i vatnet ved Volda vassverk.
Publisert: 15.02.2024 kl 14:41
Leiar for helsestasjonen i Volda, Gitte Edvardsen, byrjar i ny jobb som einingsleiar ved Sandetun omsorgssenter i Sande kommune.
Publisert: 06.02.2024 kl 13:10
– Utbetringstiltak skal setjast i gang i 2027, uansett kva sirkus og usikkerheit Sp og Ap forsøkjer å skape kring denne saka, seier Frank Sve og Hans Olav Myklebust i Møre og Romsdal FrP etter kritikken om handsaminga av Fv. 60.
Publisert: 06.02.2024 kl 13:00
Ordførarane i Volda, Stranda og Sykkylven må vente på fylkestinget før dei får vite den vidare lagnaden til Fv. 60. – Kaotisk og useriøst, seier leiar i Volda Arbeidarparti, Sverre Leivdal.
Publisert: 16.01.2024 kl 11:00
Naturvernforbundet Volda og Ørsta ønskjer vern av brakkvassdeltaet inst i Austefjorden. – Dette er omtala som det einaste velutvikla brakkvassdeltaet på Sunnmøre, og den raudlista planten Firlingen held til der.
Publisert: 13.01.2024 kl 07:00
Når selskapet bak utbygginga på Øvre Rotset, Volda Handelspark AS, skal til på «L-bygget» der mellom anna Brændes Rørleggarforretning skal inn, ønskjer dei opning for at privat og offentleg tenesteyting kan kome inn i bygget.