Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 31.05.2022 kl 20:00
Bilentusiastar i alle aldrar samla seg ved Fora Form i Ørsta då Street Legal Dragrace og «Burnout» endeleg kunne arrangerast igjen for første gong sidan 2019, under Sunnmørstreffet til Amcar Ørsta/Volda laurdag.
Publisert: 31.05.2022 kl 11:00
Tussa og Ørsta kommune har inngått ein avtale om å byggje ut fiber til Digernes, Festøya, ytre Standal, Trandal, Masdal, Rot, Flåvika og Flåskjer. Salet av fiber til dei om lag 70 husstandane og bedriftene startar til sommaren, og utbygginga vil vere ferdig sommaren 2023.
Publisert: 30.05.2022 kl 21:00
Team Joggis gjentok suksessen frå i fjor med å arrangere Vartdalsstranda halvmaraton til inntekt for Kreftforeiningen. Midlane dei fekk inn er øyremerka Vardessenteret som skal byggjast ved Ålesund sjukehus.
Publisert: 29.05.2022 kl 13:00
I snart 30 år har Syngedamene, med utspring i Volda Sanitetslag, gledd dei som bur på Volda Omsorgssenter med song, musikk og litt trim.
Publisert: 28.05.2022 kl 18:00
Med alle korsongarane i ring rundt publikum, starta Volda mannskor sin vårkonsert i Volda kyrkje søndag 22. mai. Ved flygelet sat Tom Erik Bogen og i midtgangen stod dirigent Nina Vedeld Telseth og leia songarane med tydeleg og engasjert direksjon.
Publisert: 28.05.2022 kl 13:00
Osdals Catering skal stå for det meste av matserveringa i Aasentunet under Festspela 9.–12. juni.
Publisert: 27.05.2022 kl 20:00
Ørsta og Volda ballettskule siktar høgt når dei endeleg kan arrangere sommarshow for fullsette salar igjen. Showet, som denne gongen har sirkustema, har premiere på Ørsta kulturhus fredag 3. juni, og to framsyningar laurdag 4. juni.
Publisert: 27.05.2022 kl 13:00
Eli Hatlen starta som pastor i Ørsta Frikyrkje 1. februar. Mannen, Sølve Hatlen, er pastor i Volda Frikyrkje. På eit møte i «Damer i byen» vart Eli intervjua om den nye spennande jobben.
Publisert: 26.05.2022 kl 20:00
På Dårflot langs riksveg 15 i Stryn sikrar Statens vegvesen endå betre mot skred. Fire firma konkurrerer om oppdraget, blant dei Aurstad Tunnel AS.
Publisert: 26.05.2022 kl 14:00
NTNU-professor Sveinung Løset frå Dalsbygda vart 14. mai utnemnt til æresdoktor ved Clarkson University i USA for si forsking på is i arktiske strøk, og kva betydning isen har for maritime operasjonar.
Publisert: 25.05.2022 kl 18:00
Volda Eldreråd og Volda pensjonistlag arrangerte møte på Volda Turisthotell i samarbeid med SpareBank1 Søre Sunnmøre torsdag 19. mai. Det var godt oppmøte og heile 74 personar tok del.
Publisert: 25.05.2022 kl 16:00
19. mai var den nye bryggja på Raudøya komen på plass. Men den er ikkje heilt klar for bruk enno.
Publisert: 24.05.2022 kl 22:00 - Oppdatert: 27.05.2022 kl 16:07
Både første- og tredjeplassen pluss vandrepokalen under Luftkjølt Laurdag, gjekk til bilane til Sverre Andre Blindheim og Bente Rekdal.
Publisert: 24.05.2022 kl 20:00
Etter to års pause var det igjen tid for Luftkjølt Laurdag. Det ligg ei imponerande dugnadsånd bak dette trivelege arrangementet.
Publisert: 24.05.2022 kl 16:00
Rundt 3000 menneske i Noreg får plutseleg og uventa hjartestans utanfor sjukehus kvart år. I Ørsta er det mange hjartestartarar.
Publisert: 23.05.2022 kl 20:00
Voldaherrane gjekk til kamp mot Førde søndag med tapet i cupen i minnet. Då vann Førde 3-0, noko grøntrøyene hadde planar om å revansjere. Og til stor glede for heimepublikummet klarte dei det. Fredrik Kvalsnes og Robert «Matte» Dahlberg sørgja for ein fortent 2–0 siger og tre nye poeng...
Publisert: 22.05.2022 kl 13:00
Revidert nasjonalbudsjett gir Volda kommune ein vekst i frie inntekter på kring ti millionar kroner. Men dette dekkjer berre delar av ekstrakostnadane pandemien har påført kommunen.
Publisert: 21.05.2022 kl 13:00
Veronika og Jeremy frå England fekk ein smak på norsk nasjonaldag medan dei låg til kai i Volda.
Publisert: 19.05.2022 kl 20:00
På Ulvestad barneskule er me så heldige å få lov til å reise til Yksnøya i lag med studentar frå Høgskulen i Volda. På basen deira der har dei praksis saman med oss. No skal de få høyre litt om kva me har gjort der.
Publisert: 19.05.2022 kl 13:00
Endeleg vart det Skytingens dag att etter tre års pause på grunn av pandemien. Søndag 15. mai arrangerte Hjartåbygda skyttarlag Skytingens dag på bana i Aldalen.
Publisert: 17.05.2022 kl 13:00
Åshild Ytredal Liaskar har vore ein del av bunadsnemnda på Sunnmøre sidan 1980. Ho har vore spesielt engasjert i arbeidet med å utvikle ein rekonstruert kvinne- og herrebunad frå Sunnmøre.
Publisert: 16.05.2022 kl 20:00
Forsøket med å ta i bruk meir lokalprodusert mat var vellukka og til inspirasjon. No tek Volda kommune regien for eit prosjekt der målet er meir kortreist mat inn i kjøkkena på institusjonane.
Publisert: 16.05.2022 kl 18:00
Forfattar Bjørn Hatterud er både homofil og funksjonshemma. Dette skriv han om i bøkene sine. Under Bygdepride møtte han lesarane på Volda folkebibliotek.
Publisert: 16.05.2022 kl 14:00
Tysdag kunne skuleelevar i Volda og Ørsta endeleg samle seg til stafett igjen etter to år med avlysingar.
Publisert: 16.05.2022 kl 13:23 - Oppdatert: 17.05.2022 kl 18:21
Ørsta og Volda folkedanslag vart skipa i 1985. Då kom ein førespurnad til folkedansgruppa ved Hovden skule, om nokon ville delta i jubileumsveka til Nordenforeininga på Møn i Danmark.