Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.02.2019 kl 07:00
Fire av fem som døyr i brann høyrer til ei risikogruppe. Anbjørn Steinholm Flislid (Ørsta Frp) har vore i samtalar med pårørande som er bekymra for branntryggleiken. No bed han om nullvisjon for omkomne i brann i Ørsta.
Publisert: 17.02.2019 kl 10:30 - Oppdatert: 02.04.2019 kl 16:19
20-åringen er på 8.-plass på listeforslaget og håper å bli valt til ungdomskandidat for Høgre i neste val. Han brenn for ungdomsklubben, er ein ekte Volda-patriot, og er oppteken av å få fleire unge aktive i politikken.
Publisert: 15.02.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 15.02.2019 kl 09:33
Ved hjelp av loddsal og donasjonar frå medlemmane, har Volda Rotaryklubb og Ørsta Rotaryklubb samla inn 15.000 kroner kvar til ny beintettleiksmaskin ved Volda sjukehus.
Publisert: 14.02.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 14.02.2019 kl 17:34
Mari Hasle Einang (23) er nestleiar i Changemaker og vier nesten all si tid til klimakampen. No er ho å sjå i NRK-programmet «Grenseløs».
Publisert: 13.02.2019 kl 07:00
Fleire lokale songarar frå Volda og Ørsta er å sjå i TV2-programmet «The Voice». Nora Aurdal (20) frå Volda imponerte stort fredag og er med vidare til neste runde.
Publisert: 12.02.2019 kl 15:30
Tittelen på revyen er treffane. Her har studentane verkeleg trekt fram det mest ekstreme som rører seg i samfunnet for tida! Ingenting verkar å vere for drygt for denne gjengen, som gjorde ein framifrå prestasjon der høgdepunkta stod i kø, og revyen vart nettopp; ekstremt underhaldande!
Publisert: 12.02.2019 kl 07:00
Læringsverkstedet Bratteberg barnehage inviterte skular og andre barnehagar til flott utstilling og markering av Samefolkets dag. Om lag 50 born tok turen.
Publisert: 11.02.2019 kl 07:00
Apotek1 har pussa opp og bygd om butikken på Spinneriet. Lokalet har blitt lysare, lettare og meir tilgjengeleg.
Publisert: 10.02.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 10.02.2019 kl 10:15
Annfrid Fagerhol vart ramma av hjernebløding i 2015. Mork vart redninga, og no har ho skrive om opplevinga i eit røyrande og treffande dikt.
Publisert: 09.02.2019 kl 18:00
Arnt Ove Wiik var berre 35 år og hadde nettopp blitt far for andre gong, då livet vart snudd på hovudet. Etter opphald på Mork kom han seg på beina att, og kunne gå rett ut i arbeid i 25 nye år.
Publisert: 09.02.2019 kl 07:00
Ti skular frå Volda og Hornindal deltok på Norli si årlege Junior Lesekonkurranse. Øyra skule stakk av med to pokalar: 5A vart fylkesvinnarar og 5B vann turistpokalen.
Publisert: 08.02.2019 kl 14:43
Vegen over Aldalen er stengt, likevel viser skiltinga av vegen er open.
Publisert: 08.02.2019 kl 07:00
Kjenner du nokon som er kreftsjuk eller ein nær pårørande? Eller ein eldre person som kunne hatt glede av litt selskap i det daglege? Det er stort behov for frivillige som kan gje av si tid og glede eit medmenneske – og alle kan gjere noko.
Publisert: 07.02.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 07.02.2019 kl 22:38
Mork rehabiliteringssenter kan verte lagt ned i 2020, og det er venta at kommunane skal ta ein større del av rehabiliteringsarbeidet. Dette byr på enorme utfordringar for Volda kommune, og ein risikerer langt tøffare utsiling.
Publisert: 06.02.2019 kl 07:00
Det vart fødd 117 nye voldingar i fjor. – Dette er det høgste talet nokon gong, og det er utruleg kjekt med ei god utvikling, seier leiar ved helsestasjonen, Toril Høydal.
Publisert: 05.02.2019 kl 07:00
UDI har vedteke å leggje ned asylmottaket for einslege mindreårige i Volda. – Dette er veldig synd. 23 tilsette mister arbeidet, og mykje god kompetanse vil forsvinne, seier fungerande mottaksleiar, Andre Eiksund.
Publisert: 04.02.2019 kl 07:00
Det Lille Napoli Ørsta har hatt besøk av Arbeidstilsynet. Rapporten som er komen i etterkant viser at det er fleire avvik.
Publisert: 03.02.2019 kl 07:00
Sidan turorienteringa i Volda starta opp for seks år sidan, har Sunniva Vågen Dimmen vore ein aktiv turgåar. Ho har nemleg teke alle postane kvart år. 2018 var siste år med turorientering, for no skal friluftsforeininga bidra i Stikk UT!
Publisert: 02.02.2019 kl 07:00
Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund (ATL) og Kjell Erik Rotevatn i Rotevatn Trafikkskule møtte samferdselsminister Jon Georg Dale denne veka, for å drøfte fleire utfordringar, mellom anna nedlegging av regionale trafikkstasjonar.
Publisert: 01.02.2019 kl 07:00
Bokåret 2019 startar med ei stor kåring av dei beste barne- og ungdomsbøkene på nynorsk. No kan du nominere din favoritt.
Publisert: 31.01.2019 kl 07:00
Rotevatn Trafikkskule vil skape liv i sentrum, og er i gong med å flytte verksemda til nyoppussa og større lokalar i «kjernen av sentrum».
Publisert: 30.01.2019 kl 18:00
Salet av lettare og gjerne meir alkoholsvake produkt og alkoholfritt aukar, medan salet av brennevin og raudvin går ned.
Publisert: 30.01.2019 kl 07:00
Det vert Hollywood-sus over årets Internasjonale dag på Høgskulen i Volda, med ekteparet Kristofer og Gry Molvær Hivju som hovudgjestar og føredragshaldarar.
Publisert: 29.01.2019 kl 07:00
I helga spelte Volda vidaregåande skule volleyball-NM for skulelag i Bodø. Herrelaget gjekk heilt til finalen og fekk sølv. Damelaget enda på ein flott 9. plass.
Publisert: 28.01.2019 kl 14:48
I helga var det klart for opning av Ørsta sin nye idrettshall. Det var stortstilt opning, med vill jubel over Ørsta sitt "Soria Moria-slott".