Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 14.04.2023 kl 06:45
Natt til fredag har politiet hatt promillekontroll på E39 Ørstavegen.
Publisert: 13.04.2023 kl 10:11
Ein buss som skulle leigast ut til russen vart stoppa på Kjøs, og kontrollørane fann ei rekke manglar.
Publisert: 04.04.2023 kl 15:25
I eit brev til Helse Møre og Romsdal uttrykker ordførarane på Søre Sunnmøre uro over korleis helseføretaket planlegg og gjennomfører kutt i tenestetilbod utan å involvere kommunane der innbyggjarar vert råka. – Vi fryktar at pasientar vert kasteballar.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 31.03.2023 kl 15:55
Hovdebygda sin treningsleir syner viktigheita av ei god reiseforsikring. Først vart altmoglegmann Kalle slått ut av eit kanonskot i 120 km/t, før ein spelar vart sendt rett på sjukehus med akutt tarmslyng.
Publisert: 31.03.2023 kl 14:10
Når fagetatane no legg fram si tilråding til kva prosjekt dei vil prioritere i Nasjonal Transportplan så er Voldatunnelen inne. Kostnaden for E39 Volda-Furene er no rekna til over to milliardar kroner, 650 millionar av desse er bompengar.
Publisert: 31.03.2023 kl 13:20 - Oppdatert: 31.03.2023 kl 14:24
«Normale varer til unormale prisar» er slagordet til butikkjeda Normal. Til hausten kjem dei til Spinneriet i Volda.
Publisert: 31.03.2023 kl 12:56
Femten bilførarar fekk fartsbøter når politiet stod på E39 Elvagata fredag formiddag.
Publisert: 30.03.2023 kl 15:05 - Oppdatert: 30.03.2023 kl 15:28
Eigar av CrossFit Volda, Sigrún Arna Brynjarsdóttir, skal flytte heim til Island, og kan no avsløre kven som tek over det populære treningstilbodet.
Publisert: 30.03.2023 kl 10:23
Volda Handballklubb hadde ikkje anna å spele for i siste seriekamp enn sjølvtillit inn mot kvalifiseringskampane for å halde seg i eliteserien. Men etter to gode kampar på heimebane gjekk dei på ein smell borte mot Romerike Ravens.
Publisert: 29.03.2023 kl 11:55 - Oppdatert: 29.03.2023 kl 11:57
Politiet melder at ein skiløpar er skadd etter eit fall på sørsida av Kyrkjetinden i Ørsta. Det har ikkje vore snøskred på staden.
Publisert: 29.03.2023 kl 11:05
Ørsta brann og redning rykker ut til melding om pipebrann i Follestaddalen. Politiet sin operasjonssentral beskriv hendinga som udramatisk.
Publisert: 27.03.2023 kl 13:32
Ni bilførarar fekk forenkla førelegg når politiet hadde fartskontroll på Straumshamn.
Publisert: 27.03.2023 kl 09:55 - Oppdatert: 27.03.2023 kl 12:43
Partiet De Kristne har bytta namn til Konservativt. For første gong stiller dei liste til kommunevalet i Volda med det nye namnet. Erlend Krumsvik er partiet sin ordførarkandidat.
Publisert: 23.03.2023 kl 11:30 - Oppdatert: 23.03.2023 kl 17:27
Etter at Helse Møre og Romsdal har kunngjort at dei styrer mot eit overskot på kr. 70 mill., har ordførarane på Søre Sunnmøre kravd at nedlegginga av Mork rehabiliteringssenter vert stoppa. Men helseføretaket står fast på nedleggingsvedtaket og avviser kravet.
Publisert: 23.03.2023 kl 10:23
KFUM Volda Volleyball skal ut i semifinale i seriesluttspelet, noko som ikkje har skjedd sidan glansdagane på 80- og 90-talet. Men utgangspunktet før den historiske kampen er alt anna enn enkelt.
Publisert: 22.03.2023 kl 13:18
Det vart skrive ut sju fartsbøter og ein førar miste førarkortet under ein fartskontroll i 60-sona på E39 forbi Hornindal skule.
Publisert: 22.03.2023 kl 09:25 - Oppdatert: 22.03.2023 kl 10:02
Eiksundtunnelen er open igjen etter at den var stengt ein periode etter at ein bil fekk vanskar inne i tunnelen.
Publisert: 22.03.2023 kl 09:15 - Oppdatert: 22.03.2023 kl 19:40
VTI Fotball kunngjer at dei har signert den 26 år gamle spissen Dacosta Boadu frå Ghana.
Publisert: 21.03.2023 kl 11:10
Fem bilførarar fekk forenkla førelegg når UP hadde fartskontroll på Vartdal.
Publisert: 21.03.2023 kl 08:45
Ordførarane i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre har gått saman om eit brev til styret i Helse Møre og Romsdal der dei krev ei ny vurdering av nedlegginga av Mork rehabiliteringssenter grunna endra økonomiske føresetnadar.
Publisert: 20.03.2023 kl 15:20 - Oppdatert: 20.03.2023 kl 15:34
Trafikantar på E39 ved Liadal har tipsa Møre om at ein lastebil har køyrt i grøfta måndag ettermiddag.
Publisert: 20.03.2023 kl 14:55
Seks bilførarar fekk bøter for høg fart og tre fekk bot for mobilbruk når UP hadde trafikkontroll på E39 i Hovdebygda.
Publisert: 20.03.2023 kl 12:02
KFUM Volda Volleyball vart beste lag då 3. – 6.-plass i eliteserien spelte kvartfinalar i helga. Volda er no klare for semifinalar saman med TIF Viking, Randaberg og Koll.
Publisert: 20.03.2023 kl 08:35
Måndag morgon melder politiet at ein mopedførar har velta ved Ørsta ungdomsskule.
Publisert: 17.03.2023 kl 15:30 - Oppdatert: 17.03.2023 kl 16:58
Etter at sjukehusa i fylket fekk eit ekstratilskot frå staten på kr. 125 millionar, styrer Helse Møre og Romsdal mot eit overskot på kr. 70 mill. i 2023. - Dette viser at det absolutt er rom for å stoppe hastevedtaket om nedlegging av Mork, seier ordførarane på Søre Sunnmøre.