Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 14.07.2023 kl 09:00 - Oppdatert: 14.07.2023 kl 16:10
Koordinator for førebyggande arbeid i Møre og Romsdal politidistrikt, Pål Inge Olsen, er ikkje overraska over at dei rådgjevande einingane i kommunane får få eller ingen meldingar om rusbruk blant born og unge. – Intensjonane er veldig gode, men det er ikkje laga bra nok løysingar for at...
Publisert: 14.07.2023 kl 06:00 - Oppdatert: 14.07.2023 kl 14:28
– Det stemmer det ordføraren seier i Møre tysdag 11. juli. Det er ikkje meldt opp saker til rådgjevande eining for rus-saker sidan ordninga vart oppretta 1. juli 2022, seier avdelingsleiar for rus- og psykisk helseteneste (RPHT) i Volda kommune, Elin Høydal Vatne.
Publisert: 13.07.2023 kl 17:00
Ørsta Senterparti nytta høvet til å framsnakke Ørstafjordkryssing når dei leverte Ørsta sine prioriteringar for NTP til stortingsrepresentantane Erling Sande og Geir Inge Lien, som begge sit i transportkomiteen.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 13.07.2023 kl 16:00
Styret for Animation Volda skal sjå over 1200 filmar og plukke ut det beste av det beste til eit filmprogrammet på 80 filmar som skal synast fram på animasjonsfestivalen i september.
Publisert: 13.07.2023 kl 15:58
Ørsta var første kommune i landet som laga eigen skogreisingsplan og i 2018 vart det opna eiga tømmerkai. Men framleis er det utfordringar for å få tømmeret frå skogen til kaia: vegnettet.
Publisert: 12.07.2023 kl 18:00
Statens vegvesen set ned fartsgrensa på Fv 5890 på Folkestad. Fartsgrensa vert sett ned frå 80 km/t til 50 km/t.
Publisert: 12.07.2023 kl 14:50 - Oppdatert: 12.07.2023 kl 15:57
Vegtrafikksentralen Midt melde onsdag ettermiddag at E39 Hjartåbergtunnelen var stengt på grunn av bilstans. Først kl. 15.35 vart den opna igjen.
Publisert: 12.07.2023 kl 10:40 - Oppdatert: 12.07.2023 kl 11:59
Bekymringsmeldingar som politiet har sendt via Altinn har ikkje nådd kommunane, men kommunalsjef for oppvekst, Per Ivar Kongsvik, seier det ikkje er grunn til å tru at dette gjeld Volda. – Politiet har tett og god dialog med oss, og fyl opp alle bekymringsmeldingar med direkte kontakt.
Publisert: 12.07.2023 kl 09:45
Biblioteksjef ved Høgskulen i Volda, Mariann Schjeide, er oppnemnt til å sitje i ein av dei mest høgthengande seksjonane i International Federation of Library Associations and Institutions (IFLA).
Publisert: 12.07.2023 kl 09:26
- Før første gong på mange år kan vi melde om ein nedgang i talet på brot på arbeidsmiljølova, seier LO sin Sommarpatrulje etter at dei har reist rundt i Møre og Romsdal for å undersøke arbeidstilhøva til unge og nye arbeidstakarar.
Publisert: 11.07.2023 kl 13:00
Denne våren har Volda kommune hatt ei stor oppgradering av uteleikeplassen til Engeset barnehage og rett før ferien var det endeleg klart for høgtideleg snorklipp.
Publisert: 11.07.2023 kl 06:00 - Oppdatert: 14.07.2023 kl 14:25
PPT har informert politikarane i Volda om ein urovekkande trend: Fleire elevar er synleg rusa på skulen. – Men etter Rusreforma kjem det ikkje lengre meldingar om dette til den kommunale rushjelpa. Systema heng ikkje lengre i hop!, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 10.07.2023 kl 14:29
- Eg blir ikkje sjukmeld, men eg må bruke krykker for første gong i mitt liv, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp). Eit uhell i hagen førte til eit mindre beinbrot.
Publisert: 07.07.2023 kl 13:42
Ein bilførar miste førarkortet etter å blitt tatt i 122 km/t på E39 i Austefjorden.
Publisert: 07.07.2023 kl 11:40
Seks bilførarar fekk fartsbøter då UP hadde kontroll på Grodås fredag formiddag.
Publisert: 06.07.2023 kl 11:00
Volda Småbåtlag held på å oppgradere vassanlegget på bryggene i småbåthamna, og undrar om Volda kommune nyttar vatn til gjestebrygga på deira vassmålar.
Publisert: 06.07.2023 kl 09:55
Ein bil har køyrt av vegen ved Valset og ligg på taket. Naudetatane er på veg.
Publisert: 06.07.2023 kl 09:10 - Oppdatert: 06.07.2023 kl 11:33
Flyselskapet Norwegian kjøper Widerøe, opplyser selskapet i ei børsmelding. Prislappen er 1,1 milliard kroner.
Publisert: 04.07.2023 kl 20:00
Det vert arrangert ny Jesus-marsj i Volda sentrum i august.
Publisert: 04.07.2023 kl 16:00
Volda kommune har opna for tidlegrøysting til kommune- og fylkesvalet. Dette er eit tilbod til dei som elles er hindra frå å røyste i den ordinære førehandsrøystinga.
Publisert: 04.07.2023 kl 09:40
Ny reguleringsplan for Voldatunellen er sendt til offentleg høyring, og Vegvesenet har arrangert ope folkemøte på Samfunnshuset. – Vegvesenet seier Stjernebrua er umogleg å få til, og den nye plasseringa av tunnelløpet gjer at fleire hus må vike, er oppsummeringa frå ordførar Sølvi...
Publisert: 29.06.2023 kl 10:12
Thea Slenes frå Ørsta er teken ut i U17-landslaget sin EM-tropp.
Publisert: 28.06.2023 kl 18:30 - Oppdatert: 28.06.2023 kl 20:17
Arne Lothe vert dagleg leiar i den nye Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, som skal forvalte eigardelane som tidlegare SpareBank1 Søre Sunnmøre hadde i SpareBank1 SMN og dele ut av overskotet til allmennyttige føremål.
Publisert: 27.06.2023 kl 11:45 - Oppdatert: 27.06.2023 kl 13:16
Tysdag formiddag kunne ein observere politibil med blålys som køyrde gjennom Volda sentrum.
Publisert: 27.06.2023 kl 11:41
Måndag kveld melde politiet om funn av ein Golden Retriver på Krøvelseidet ned mot Åmdalen. Politiet gjekk ut og bad om tips, men ingen eigar har meldt seg.