Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 22.10.2021 kl 13:24
Studentsamskipnaden i Volda deler ut 160.000 kroner i velferdsmidlar til lag og organisasjonar knytt til Høgskulen i Volda.
Publisert: 21.10.2021 kl 13:00
I 2018 tok Idrett Uten Alkohol (IUA) initiativet til samtalar med Norges Volleyballforbund om eit rusfritt fredagstilbod for ungdom, med utgangspunkt i verdas største idrett – volleyball. Tre klubbar ønska å vere med på pilotprosjektet, og hausten 2019 starta SmashingFriday opp tilbod i...
Publisert: 21.10.2021 kl 10:26
Tidlegare Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Fredric Holen Bjørdal, har byrja som advokatfullmektig i Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 20.10.2021 kl 18:50 - Oppdatert: 20.10.2021 kl 19:40
Onsdag kveld har mannskap frå Volda Brannvern berga ein fugl som sat fast i ein skorstein i Bakkevegen.
Publisert: 20.10.2021 kl 18:20 - Oppdatert: 21.10.2021 kl 13:04
Vegtrafikksentralen melder at forbindingsvegen mellom Sørestranda og Eiksundvegen er stengt grunna eit jordras.
Publisert: 20.10.2021 kl 16:00 - Oppdatert: 20.10.2021 kl 18:19
Politiet melder at naudetatane er på veg til ei trafikkulukke på E39 i Furene.
Publisert: 20.10.2021 kl 13:00
Tradisjonen tru vert det ringerunde til lokalt næringsliv i samband med TV-aksjonen. Varaordførar Sverre Leivdal håpar på god oppslutnad.
Publisert: 20.10.2021 kl 11:37
Ørsta Brann og Redning har rykt ut til melding om vasslekkasje i ein bustad i Øsøyrane.
Publisert: 18.10.2021 kl 16:20
Volda kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle med Covid-19. Kommunen meiner smitten truleg skriv seg frå eit utbrot i ein annan kommune.
Publisert: 18.10.2021 kl 13:00
Formannskapet i Volda kommune er samde om å kontakte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å bukt med skadeleg lysfiske i fjordane. – Hadde det vore snakk om ein hubro eller noko slikt, så hadde Statsforvaltaren sett foten ned for lenge sidan, meiner Arild Iversen (KrF).
Publisert: 17.10.2021 kl 13:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen gler seg over den nye regjeringa sin lovnad om å reversere domstolsreforma. – Dette har vi kjempa hardt for!
Publisert: 17.10.2021 kl 10:00
Sorenskrivar i Møre og Romsdal tingrett, voldingen Kirsti Høegh Bjørneset, håpar den nye regjeringa ser på effektane av domstolreforma når dei no varslar reversering. – Det vil vere synd om vi ikkje får meir tid til å prøve ut det eg meiner er ein god modell.
Publisert: 16.10.2021 kl 15:00
KFUM Volda Volleyball startar opp med diamantvolleyball. Det er eit tilbod til born og unge fortrinnsvis med psykisk utviklingshemming. – Fokus er på idrettsglede og meistring, seier klubbleiar Kristin Indresøvde.
Publisert: 16.10.2021 kl 13:00
I morgon er det klart for toppkamp i Volda campus Sparebank 1 arena når serieleiar Gjerpen kjem på besøk.
Publisert: 15.10.2021 kl 12:57
Etter initiativ frå Hornindal grendeutval ser no Volda kommune på moglegheita for å etablere ein «heimekontor-hub» i kommunehuset Smia på Grodås. – Vi håpar å vere klare til å byrje utleige rett over nyttår, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling, Jarl Martin Møller.
Publisert: 14.10.2021 kl 15:00
Fredag 15. oktober arrangerer Mørenett Noregs første elsikkerheitsdag, der alle nettkundar vert inviterte til å gjennomføre ein enkel digital kontroll av det elektriske anlegget sitt.
Publisert: 13.10.2021 kl 16:06 - Oppdatert: 13.10.2021 kl 18:59
– Regjeringa sitt tydelege signal er at vi vil gjeninnføre strukturen som var før domstolsreforma, seier Stortingsrepresentant Jenny Kling (Sp) til Møre.
Publisert: 13.10.2021 kl 13:40
Aurstad Tunnel AS har fått oppdraget med å utbetre snu-nisjane i Naustdalstunnelen, Fjærlandstunnelen og Storehaugtunnelen. Kontrakten har ein verdi på over 35 millionar kroner.
Publisert: 13.10.2021 kl 13:00
Formannskapet har vedteke ei ekstraløyving til utbetringa av Engesetvegen, etter at det lågaste anbodet synte at ein mangla 4,85 millionar kroner til arbeidet. Den samla kostnaden for utbetringsarbeidet vert no 20,2 millionar kroner.
Publisert: 12.10.2021 kl 08:37
Måndag ettermiddag fekk Volda kommune melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19.
Publisert: 10.10.2021 kl 13:00
I den japanske toppserien kan kvart lag berre signere ein utanlandsk spelar. Voldingen Jonas Kvalen er no medlem i denne eksklusive klubben. Møre har snakka med Jonas om ambisjonane før seriestart, om kvardagen i ein av verda sine største og mest folkerike byar, og tankane om livet etter...
Publisert: 09.10.2021 kl 13:00
Laurdag hadde Mork Grendelag samla folk til dugnad på Helgehornet for å rive den gamle observasjonshytta.
Publisert: 08.10.2021 kl 13:00
Ein større del av habilitering- og rehabilitering kjem i framtida til å gå føre seg i kommunane. Det krev auka kapasitet og kompetanse, og Volda kommune har byrja prosjektet «Rehabilitering – med brukar i sentrum» og skal arrangere ei krusrekke for tilsette i helse og omsorg.
Publisert: 07.10.2021 kl 13:00
Etter siste tildeling av koronastøtte til lokale verksemder, har Volda kommune framleis att 340.730 kroner i støttemidlar. Midlane må nyttast innan 1. november, elles går dei attende til staten. Kommunen forlenger difor søknadsfristen til 13. oktober.
Publisert: 06.10.2021 kl 14:00 - Oppdatert: 06.10.2021 kl 14:03
I eit grunngjeve spørsmål i kommunestyret, bed Raudt og SV om at Volda kommune ser på tiltak mot aukande fattigdom i Volda. Dei vil ha tiltak i 2022-budsjettet, men det vert opp til formannskapet korleis ein går vidare i saka.