Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 05.10.2021 kl 15:42
Ørsta kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19.
Publisert: 05.10.2021 kl 13:30
Volda kommune har skrive avropsavtale om å vere med vidare i arbeidet for Helseplattformen, og skal tilsette ein eigen prosjektleiar for innføringa av det nye pasientjournalsystemet.
Publisert: 05.10.2021 kl 12:03
Volda kommune har fått melding om to nye tilfelle av Covid-19.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 04.10.2021 kl 12:45
A. Våge AS har skrive kontrakt med Herøy kommune om bygging av to nye kaier på næringsområdet på Mjølstadneset.
Publisert: 04.10.2021 kl 08:30 - Oppdatert: 04.10.2021 kl 09:48
Det var manuell dirigering på Fv 655 i krysset mellom Dalevegen og Mosmarkvegen i Ørsta måndag morgon, etter at ein moped velta.
Publisert: 03.10.2021 kl 17:15
KFUM Volda Volleyball sine jenter har vunne sølv i U17-NM.
Publisert: 02.10.2021 kl 19:15
KFUM Volda Volleyball er klare for finalen i U17 NM. Dei møter Kristiansand SK søndag ettermiddag.
Publisert: 01.10.2021 kl 15:56
Vegtrafikksentralen melder at ferjesambandet Volda-Lauvstad er 30 minutt forseinka i høve ruta, grunna ambulanseoppdrag. forseinkinga vil gjelde ut dagen.
Publisert: 01.10.2021 kl 10:22
Denne helga reiser KFUM Volda Volleyball sitt jenter U17-lag til NM i Stavanger med ambisjonar om plassering på øvre del av resultatlista.
Publisert: 30.09.2021 kl 12:00
Etter gjenopninga av landet blir det dobbelt så mange billettar tilgjengeleg til Klypa sitt jubileumsshow. - Kjellen er sjølvsagt forbanna over ekstraarbeidet dette gir han, men vi andre kan berre juble over fulle hus og skikkeleg show igjen!
Publisert: 30.09.2021 kl 10:30
Frå komande måndag kan ein sjølv bestille oppkøyringstime.
Publisert: 29.09.2021 kl 12:44
SpareBank 1 Søre Sunnmøre har i dag vedteke å auke utlåns- og innskotsrenta med inntil 0,25 prosentpoeng.
Publisert: 29.09.2021 kl 11:40
Fredag 1. oktober tiltrer Else-May Norderhus som statsforvaltar i Møre og Romsdal. Konstituert statsforvaltar, Rigmor Brøste, går tilbake til stillinga som assisterande statsforvaltar.
Publisert: 29.09.2021 kl 09:34
Oppljostunnelen på riksveg 15 Strynefjellet vert i veke 40 stengt halvanna døgn på grunn av oppstått skade.
Publisert: 28.09.2021 kl 15:30
I mai opna Sunnmøre Caravan butikk- og salslokale i Furene. No opnar dei også bubilverkstad.
Publisert: 28.09.2021 kl 14:24
Ørjan Håskjold Nyland er teken ut i Ståle Solbakken sin landslagstropp til VM-kvalifiseringskampane mot Tyrkia og Montenegro.
Publisert: 28.09.2021 kl 14:12
Den nybakte Noregsmeisteren i strandvolleyball, Jonas Kvalen, er klar for ny klubb. Voldingen held fram proffeventyret i japanske F.C. Tokyo.
Publisert: 28.09.2021 kl 13:38
Komande torsdag er det drop-in vaksinering på Ørsta kulturhus. Personar som ønskjer å ta dose ein, to eller dose tre for anbefalte grupper, kan stikke innom.
Publisert: 28.09.2021 kl 13:00
Formannskapet har bestemt at dersom Norhus AS skal lage bustadfelt på G/Bnr. 20/610 og 20/6 m.fl. på Heltne, så skal minst 60 prosent av bustadbygga vere einebustadar. I planforslaget frå Norhus er det lagt opp til ei blanding av einebustadar, to- og firemannsbustadar.
Publisert: 27.09.2021 kl 13:00
Vegvesenet er i ferd med å lage ein plan for mindre tiltak langs riksvegar over heile landet. Formannskapet i Volda kommune vil prioritere miljøgate i sentrum og Furene-krysset i konkurransen om pengane. – Krysset i Furene er minst like farleg som flyplasskrysset, meiner ordførar Sølvi...
Publisert: 26.09.2021 kl 12:00
Ei veke er gått sidan Eliteturneringa i Volda campus SpareBank1 arena, og arrangementsansvarleg Leif Røv er i gang med å evaluere gjennomføringa. - Tilbakemeldingane frå spelarar, trenarar, dommarar, sponsorar og publikum er heilt fantastiske.
Publisert: 25.09.2021 kl 20:00
Volda kommune har godkjent planen for masseuttak på Grevsneset med returanlegg for asfalt og betong. Gåande og syklistar som nyttar gamle Austefjordvegen har vore uroa for at vegen skal bli utilgjengeleg, men tiltakshavar seier drifta ikkje vil forandre dagens situasjon.
Publisert: 25.09.2021 kl 11:00
Volda kommune gjer makebyte med utbyggar i Rotsetfjøra. - Dette sikrar tilgang til sjøen for ålmenta, sikrar båtopptrekk og underbygg kvaliteten ved Garvarbuda, meiner kommunedirektøren.
Publisert: 24.09.2021 kl 15:00
Etter forslag frå ordførar Sølvi Dimmen (Sp) har formannskapet vedteke at Volda kommune skal leige ut gymsalen i Austefjord skule til lag og organisasjonar. – Det er ei levande bygd med ei rekke aktivitetar. Vi har lagt ned skulen. Vi skal ikkje leggje ned bygda, seier Dimmen.
Publisert: 24.09.2021 kl 13:30
– Formålet med Globalskolen er i samsvar med kommunen og skulestaden Volda sine verdiar, meiner Volda kommune, som no overtek eigarskapen til skulen for 100.000 kroner.