Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 15.04.2021 kl 09:14
Volda kommune melder at dei skal sette 388 dosar koronavaksine i løpet av dagen. Det gjer at alle med høg risiko og alle ned t.o.m. 71 år no har fått tilbod om vaksine. Nokre på 70 år vil også få tid for vaksinering denne veka.
Publisert: 14.04.2021 kl 13:04
Mats Brænde Helle (16) frå Volda har fått vise seg fram for AaFK, og gjorde sakene sine godt.
Publisert: 13.04.2021 kl 13:00
Frå laurdag 17. april til laurdag 1. mai vert det vår-teljing av hjort på Søre Sunnmøre
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 12.04.2021 kl 14:29
Det er ikkje kome nye positive prøvesvar på Covid-19 i Ørsta. - Alle prøvesvara vi har fått igjen frå helga har vore negative, men vi ventar framleis på nokre prøvesvar frå laurdag, seier kommuneoverlege Marte Vaage Øie.
Publisert: 12.04.2021 kl 10:08
Volda kommune har lagt ut næringsområdet på Øvre Rotset ut for sal, og set som føresetnad ein forpliktande avtale om heilskapleg utvikling.
Publisert: 12.04.2021 kl 08:44
Ørsta kommune har ikkje fått inn melding om nye positive Covid-19-testar i løpet av søndagen.
Publisert: 11.04.2021 kl 13:00
Grunna den store nedbørsmengda dei siste dagane, lek det nok ein gong kloakk ut frå avløpsrøyret ved hamna. Til glede for måsane og endene som held til der, men til ergring for forbipasserande. Kommunen vurderer no om avløpsrøyret kan utbetrast som ein del av Sentrumsprosjektet.
Publisert: 10.04.2021 kl 13:00
Grendeutvalet i Hornindal etterspør utbetring av stien opp til den populære Dagsturhytta, og foreslår samstundes at stien vidare til toppen av Ytrehornsnakken også blir utbetra. – Den kunne blitt utbetra ved å nytte sherpaer, slik det er gjort ved andre turmål.
Publisert: 09.04.2021 kl 10:51
Frå måndag opnar politiet dei fleste publikumsmottaka i Møre og Romsdal, men Ørsta og Ulsteinvik må vente til torsdag.
Publisert: 08.04.2021 kl 16:00
Volda Skisenter melder at snøfallet dei siste dagane gjer at dei kan opne trekket heilt til topps. - Velkomne til kveldskøyring!
Publisert: 08.04.2021 kl 11:55 - Oppdatert: 08.04.2021 kl 12:00
Folkehelseinstituttet (FHI) har fått varsel om at ein flypassasjer frå Oslo til Ørsta-Volda lufthamn Hovden har fått påvist koronasmitte.
Publisert: 08.04.2021 kl 10:25 - Oppdatert: 08.04.2021 kl 11:01
Volda kommune har fått tildelt 288 dosar av Pfizer-vaksinen som skal settast i løpet av torsdag 8. april.
Publisert: 08.04.2021 kl 08:45
Etter smitteutbrotet i Ørsta er det venta stor pågang ved teststasjonen i Hovdebygda, og Volda kommune går no ut og oppmodar dei som er i ventekarantene og ikkje har symptom om å vente med å bestille test.
Publisert: 07.04.2021 kl 15:00
Sunnmørsposten melder at voldingen Jonas Kvalen er ferdig i den tyrkiske klubben Tokat, og no skal spele for klubben Al Ain i Dei sameinte arabiske emirata.
Publisert: 07.04.2021 kl 14:56
Volda kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle. - Personen har ingen nærkontaktar i Volda eller Ørsta.
Publisert: 07.04.2021 kl 12:40 - Oppdatert: 07.04.2021 kl 13:03
Onsdag ettermiddag melder Ørsta kommune om fire nye smittetilfelle. Ein av dei smitta er tilsett på Bakk-Ola-marka, som no er stengt for besøk.
Publisert: 07.04.2021 kl 10:52
Politiet melder at ein bil har køyrt av vegen i Åmdalen og treft ein stolpe.
Publisert: 06.04.2021 kl 15:30
Stad kommune meiner at testing og smittesporing gjennom påska syner at smittesituasjonen no er godt kontrollert, og opphevar dei lokale smitteverntiltaka. Dei nasjonale tiltaka gjeld framleis.
Publisert: 06.04.2021 kl 13:00
Møre og Romsdal Røde Kors melder om lågare utfart denne påska enn tidlegare år, og færre skadar og oppdrag for Møre og Romsdal Røde Kors Hjelpekorps.
Publisert: 06.04.2021 kl 11:14
Publikumsmottaka ved politistasjonane og lensmannskontora i Møre og Romsdal politidistrikt vil vere stengde fram til måndag 12. april.
Publisert: 05.04.2021 kl 13:00
Grodås Bilsenter søkjer kommunen om å få byggje på. Dei vil utvide dagens butikkdel med sitteplassar til kundar, lager og lokale til ein frisørsalong.
Publisert: 04.04.2021 kl 13:00
Katuglehaugen hyttefelt i Hornindal kan likevel bli ein realitet. Tiltakshavarane seier til kommunen at planen ikkje er død, og at dei vil ha den med i kommuneplan så snart som råd.
Publisert: 03.04.2021 kl 13:00
Volda kommune er klare til å byggje nytt høgdebasseng ved vassverket. Det skjer eit år før planen, og kommunestyret seier ja til å framskunde finansieringa.
Publisert: 02.04.2021 kl 13:00
Kommunestyret har avgjort å byggje nytt reinseanlegg for Mork/Furene og renovere reinseanlegget på Vikeneset.
Publisert: 01.04.2021 kl 13:00
Ei gruppe huseigarar i Håmyra meiner utearealet og innkøyrslane deira har blitt annleis enn dei var førespegla, men kommunen har godkjent endringa i reguleringsplanen. Det klagar huseigarane på og kallar det eit forsøk på å legalisere ein feil som er gjort av utbyggar.