Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 11.03.2021 kl 15:35 - Oppdatert: 11.03.2021 kl 15:42
Statens vegvesen seier at det er ein unik ukultur når det kjem til trafikkåtferd blant unge i Ørsta-området.
Publisert: 11.03.2021 kl 14:02
På nettstaden sin melder Ørsta kommune at dei avventar nasjonale føringar og stoppar bruk av AstraZeneca-vaksinen inntil vidare.
Publisert: 11.03.2021 kl 13:53
Volda kommune stadfestar at det ikkje er funne mutert virus hjå personen som testa positivt på covid-19 etter kontakt med smitteutbrotet i Stad kommune. Alle ti nærkontaktane som sit i karantene har testa negativt.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 11.03.2021 kl 13:30 - Oppdatert: 11.03.2021 kl 14:19
Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol seier Volda kommune avventar nasjonale føringar før ein held fram vaksinering med AstraZeneca-vaksinen.
Publisert: 11.03.2021 kl 13:26
Ordførar Sølvi Dimmen er ein av fire personar som måndag fekk koronavaksine då vaksineteamet stod att med restdosar på slutten av dagen. Dimmen og dei andre tre står ikkje på noko prioriteringsliste, og kommunen får kritikk for ikkje å kalle inn frå reservelista. – Tidsaspektet var...
Publisert: 11.03.2021 kl 10:56
Onsdag kveld melde Stad kommune om fem nye koronasmitta. Totalt har 22 personar testa positivt for Covid-19.
Publisert: 10.03.2021 kl 16:30 - Oppdatert: 11.03.2021 kl 14:06
Ørsta kommune har fått melding om to nye koronatilfelle. Smittekjelda er foreløpig ukjent. Kommunen stadfestar at det er snakk om mutert virus.
Publisert: 10.03.2021 kl 13:38
Ålesund, Sula og Giske opnar for barneidrett på tvers av kommunegrensene, men på Søre Sunnmøre vil kommunane vente. – Akkurat no, med nye smittetilfelle i Volda og med omsyn til situasjonen i nabokommunane i sør, er det nok lurt å avvente litt for vår del, seier Volda-ordførar Sølvi...
Publisert: 10.03.2021 kl 11:04
Til saman 17 personar har no fått påvist koronasmitte i Stad kommune. Eit smittetilfelle i Volda og eit i Stryn er også knytt til utbrotet i Stad.
Publisert: 09.03.2021 kl 13:10 - Oppdatert: 09.03.2021 kl 13:15
Tysdag ettermiddag melder Volda kommune om eit nytt tilfelle av koronasmitte. Dette er ikkje knytt til smittetilfellet som vart meldt om måndag kveld.
Publisert: 09.03.2021 kl 09:05 - Oppdatert: 09.03.2021 kl 09:13
Måndag kveld fekk Stad kommune svar på 52 koronatestar. Svaret viste at fem nye personar har testa positivt for covid-19. Om lag 200 personar sit no i karantene.
Publisert: 08.03.2021 kl 23:25 - Oppdatert: 09.03.2021 kl 16:04
Måndag kveld melder Volda kommune at ein ny person i Volda har testa positivt på Covid-19.
Publisert: 08.03.2021 kl 10:40
Søndag kveld melde Stryn kommune at ein person hadde fått påvist koronavirus. - Dette er ein nærkontakt til en smitta i Stad kommune. Personen har no symptom på Covid-19 og er isolert.
Publisert: 08.03.2021 kl 10:35 - Oppdatert: 08.03.2021 kl 10:39
Sidan fredag har Stad kommune drive smittesporing i samband med påvist smitte med covid-19. Til no er det påvist til saman åtte personar med covid-19-smitte i kommunen. Seks av dei smitta er i same husstand. I tillegg er eit smittetilfelle i Stryn kopla til utbrotet.
Publisert: 07.03.2021 kl 15:30
Fylkeskommunen ønskjer å inngå eit samarbeid med Ørsta kommune for å få på plass gang- og sykkelveg mellom Brungot og Mosflatevegen.
Publisert: 07.03.2021 kl 13:00
Volda kommune skal starte arbeid med samfunnsdelen av kommuneplanen, og Odd A. Folkestad (VL) stiller spørsmål om det er rett tid å byrje eit nytt, omfattande planarbeid før ein er ferdig med arealdelen. – Vi må ikkje bli kjende som noregsmeistrar i planlegging.
Publisert: 07.03.2021 kl 10:00
Katuglehaugen hyttegrend i Hornindal blir ikkje noko av. Tiltakshavarane har varsla Volda kommune om at dei kastar inn handkleet og legg bort planane.
Publisert: 06.03.2021 kl 13:00
Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling i Volda kommune avfeiar protestane frå Statsforvaltaren, NVE og fylkeskommunen, og gir løyve til å byggje eit naust med flytebryggje i Austefjorden. – Det vil vere eit overgrep mot folket i fjordane om ein skulle seie nei til slikt, seier Sindre...
Publisert: 06.03.2021 kl 10:00
Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å ta heile rekninga for reguleringsarbeidet for Fv. 60 Tomasgard-Røyrhus bru.
Publisert: 05.03.2021 kl 16:20 - Oppdatert: 05.03.2021 kl 16:23
Helsedirektoratet opnar for barne- og ungdomsidrett på tvers av kommunegrensene, men den nye smittesituasjonen på Sunnmøre gjer at ordførarane vel å vente.
Publisert: 05.03.2021 kl 13:00
Formannskapet har framskunda finansieringa av eit nytt høgdebasseng ved Vassverket. Høgdebassenget er ein del av samarbeidet mellom Volda og Ørsta for å sikre drikkevatn og reservevatn til dei to nabokommunane.
Publisert: 04.03.2021 kl 15:00
Volda kommune har kome fram til løysing for nytt kloakkreinseanlegg. Dei vil byggje eit nytt og større anlegg på Vikeneset som skal reinse kloakken frå Volda sentrum, og eit mindre reinseanlegg på Mork.
Publisert: 04.03.2021 kl 11:50 - Oppdatert: 04.03.2021 kl 11:55
Det er ingen i isolasjon eller koronakarantene i Volda, og kommunen har ikkje fått meldt om nye, positive prøvesvar.
Publisert: 04.03.2021 kl 10:59
Formannskapet har gjort justeringar i SFO-vedtektene som opnar for eit firedagstilbod, noko som har vore etterlyst i Hornindal. Men dei seier nei til full fleksibilitet og val av formiddags- eller ettermiddagsøkter.
Publisert: 03.03.2021 kl 09:39
I ei pressemelding opplyser Ørsta kommune at dei får like mange vaksinedosar som førre veke. 126 dosar frå Pfizer og 100 dosar frå AstraZeneca.