Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 18.02.2021 kl 15:00
Samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune vil endre vikepliktsreguleringa i krysset ved ferjeleiet på Lauvstad.
Publisert: 18.02.2021 kl 13:20 - Oppdatert: 18.02.2021 kl 13:22
Torsdag ettermiddag kunne ein høyre sirener og sjå blålys i Volda sentrum.
Publisert: 18.02.2021 kl 10:45 - Oppdatert: 18.02.2021 kl 16:16
Volda kommune har ikkje fått melding om nye positive koronaprøver sidan slutten av januar, og no er alle som har sitte i isolasjon eller karantene friskmelde.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.02.2021 kl 10:05 - Oppdatert: 18.02.2021 kl 10:20
For å gjere koronatesting meir tilgjengeleg for m.a. studentar i Volda, vil det framover vere mogleg å ta testen på Volda ungdomsskule.
Publisert: 18.02.2021 kl 09:29
Koronasituasjonen fører til at den populære Voldamusikalen vert avlyst. Men fortvil ikkje, det vert musikkglede likevel: Musikalen vert erstatta av musikkvideoar laga av elevane og lærarane ved Volda vidaregåande skule.
Publisert: 17.02.2021 kl 18:00
Koronarestriksjonar og smittevern gjer at det truleg ikkje vert nokon parade under Bygdepride 2021. Men arrangørane finn alltids ei løysing: Bygdepride går til filmen!
Publisert: 17.02.2021 kl 08:55 - Oppdatert: 17.02.2021 kl 08:55
Onsdag morgon fekk ein sjåfør motorstopp på E39 i Vikane. Det førte til kø i morgontrafikken frå Volda sentrum mot Ørsta.
Publisert: 16.02.2021 kl 13:44
Volda og Ørsta kommunar har gått saman og utarbeidd koronaråd for vinterferien i veke 7-9.
Publisert: 16.02.2021 kl 13:00
Talet på bekymringsmeldingar til barnevernet aukar ofseleg i fem kommunar på Søre i 2020, og spesielt i Ørsta. Koronapandemien er ein av grunnane til dette, og mange av meldingane dreier seg om bruk av rus både blant born og foreldre.
Publisert: 15.02.2021 kl 09:01
I løpet av hausten og etter jul har VØR motteke fleire åtvaringar om at det er for mykje plast i papiravfallet. Om situasjonen ikkje betrar seg kan det i verste fall verte mottaksnekt, som vil verte dyrt for innbyggjarane i Volda og Ørsta.
Publisert: 14.02.2021 kl 13:00
Frå og med 2021 kjem kommunale avgifter og eigedomsskatt på same faktura frå Ørsta kommune. No kan innbyggjarane sjølv velje kor ofte, eller kor sjeldan, dei skal motta faktura i løpet av året.
Publisert: 14.02.2021 kl 09:37
Meiningane var svært delte då planane for nytt bustadfelt ved B10 Fremre Mo vart handsama i Ørsta kommunestyre torsdag. Det vart peika på at det er stort behov for nye bustadfelt i Ørsta sentrum, og dessutan trafikksikre og gode vegløysingar, men det var omsynet for jordvern som vann fram.
Publisert: 13.02.2021 kl 15:00
Volda kommune melder at dei truleg vil kome i mål med dose 2 av koronavaksinen for alle som bur på sjukeheim i løpet av neste veke.
Publisert: 10.02.2021 kl 14:00
Volda kommunen meiner ei reguleringsendring av bassengtomta på Joplassen ikkje vil vere til hinder for framdrifta. – Vi legg opp til at dette vert gjort som ei mindre endring, og styrer etter fastlagt framdriftsplan, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling, Jarl Martin Møller.
Publisert: 10.02.2021 kl 12:00
Stiftinga Voldabadet er uroa for framdrifta for nytt symjeanlegg i Volda sentrum og saknar entusiasme frå kommunen. – No må ein avklare eventuelle reguleringsendringar og få fart i prosessen. Ein må slutte å jobbe med handbrekket på.
Publisert: 09.02.2021 kl 18:00
I ei pressemelding seier Vartdal Plast at dei tek nye steg mot målet om å tilby 100 % sirkulære produkt for alle forretningsområda til selskapet når dei lanserer produktserien LOOP.
Publisert: 09.02.2021 kl 11:03
Cupnemnda for Kiwi-cupen har valt å avlyse årets turnering. – Fotballcup skal vere kamp, aktivitet og moro. Ikkje usikkerheit, tiltak og avstand.
Publisert: 09.02.2021 kl 10:00 - Oppdatert: 09.02.2021 kl 10:44
Tysdag formiddag var Morkaåstunnelen stengt ein kort periode grunna fjerning av is.
Publisert: 08.02.2021 kl 15:58
Ørsta brannvern melder om pipebrann i Barstadvika og på Sæbø.
Publisert: 08.02.2021 kl 15:09
Mads Indresøvde (42) gler seg til å ta fatt i den nye stillinga som dagleg leiar for Sunnmøre Kranservice.
Publisert: 08.02.2021 kl 12:30
– Aldalen er meir enn berre eit hyttefelt. Det er eit viktig og populært friluftsområde, skriv Karsten Osvoll i eit brev til Volda kommune der han ber TFU vurdere brøyting av Aldalen på ny.
Publisert: 07.02.2021 kl 13:00
Møre er kontakta av pasientar som opplever at ulike einingar innan helsevesenet har vanskar med tilgang til pasientjournalane deira. – Kvar organisasjon har sitt journalsystem som ikkje er tilgjengeleg for andre organisasjonar, seier legevaktoverlege Jørn Kippersund. – Så eg tenkjer at...
Publisert: 06.02.2021 kl 15:00
Namnet på utbygginga på Myrane er klart. – Kjem ein gjennom tunnelen frå Stryn eller tunnelen frå Furene, så blir dette bygget noko av det første ein møter. Det blir ein velkomst til Volda, noko ein kjenner att. Difor har vi valt namnet «VoldaPortalen», seier utbyggar Arne Johan...
Publisert: 06.02.2021 kl 10:00
Volda kommune har inngått avtale med VTI Fotball om gjensidig bruk av idrettsanlegg.
Publisert: 05.02.2021 kl 17:00
Kommunalsjef for helse og omsorg, Svein Berg-Rusten seier kommunen er i ferd med å reforhandle leigeavtalen for dagsenteret sine lokale i Hamna 20. – Tilbodet vil halde fram der.