Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 03.11.2020 kl 13:31
Ein bilførar fekk bot for manglande bilbelte og ein fekk bot for mobilbruk då politiet hdde trafikkontroll i Volda.
Publisert: 03.11.2020 kl 11:25 - Oppdatert: 03.11.2020 kl 11:27
Volda kommune melder at det er registrert eit nytt smittetilfelle i Volda.
Publisert: 02.11.2020 kl 12:50 - Oppdatert: 02.11.2020 kl 12:58
Totalt er det 8 som er konstatert smitta etter koronautbrotet i Volda førre veke. Så langt er 120 voldingar i karantene.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 02.11.2020 kl 08:36
Ørsta kommune melder at to personar som sat i karantene har fått påvist koronasmitte.
Publisert: 02.11.2020 kl 08:33
Volda kommune melder at til no er 47 elevar, 3 lærarar og 7 studentar knytt til volda ungdomsskule sett i karantene etter at ein elev testa positivt på koronasmitte på laurdag.
Publisert: 31.10.2020 kl 17:15
Laurdag ettermiddag melder Volda kommune at to personar har fått påvist koronasmitte.
Publisert: 31.10.2020 kl 14:30
Det er den dystre spådommen frå sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik, etter at justispolitisk talsperson i FrP, Per Willy Amundsen, seier at dei har opna døra for forhandlingar med regjeringa om domstolsstrukturen.
Publisert: 31.10.2020 kl 14:00
– Vår primærposisjon har ikkje endra seg. Vi ønskjer å få til ei løysing for domstolane som står seg over tid. Ein kan ikkje halde fram med omkampar, nye utval og utgreiingar. Så får vi sjå kva løysing som sikrar best bruk av kapasiteten i domstolane, seier Jon Georg Dale (FrP).
Publisert: 30.10.2020 kl 09:08
På grunn av smittesituasjonen nasjonalt og lokalt, har Sunnivakoret avgjort å avlyse sin komande konsert saman med Dalsfjord Bluegrassband.
Publisert: 29.10.2020 kl 16:30 - Oppdatert: 30.10.2020 kl 09:22
Ørsta kommune melder at ein elev på 7. trinn på Velle skule er nærkontakt til ein person med påvist covid-19 i ein annan del av landet.
Publisert: 29.10.2020 kl 11:35 - Oppdatert: 29.10.2020 kl 13:05
Ein person i Ålesund har fått påvist koronasmitte etter nærkontakt med smitteutbrotet i Volda. - Vedkommande er i isolasjon og smittekartlegging pågår vidare, seier Ålesund kommune.
Publisert: 28.10.2020 kl 18:10
Grunnen til at alarmen går ved Vik Ørsta onsdag kveld, er at bedrifta held kriseøving.
Publisert: 28.10.2020 kl 14:54
Ordførar Sølvi Dimmen informerer om at smittesporinga for dei to siste tilfella av koronasmitte i Volda er avslutta og at totalt er 44 personar sett i karantene.
Publisert: 26.10.2020 kl 14:12
Førre veke feira Tussa Energi AS kranselag for stasjonsbygget, og denne veka kjem ein 36 tonn stor generator som skal installerast i det nye kraftverket som er under bygging i Osdalen.
Publisert: 25.10.2020 kl 13:00
Telenor har informert Volda kommune om at nedlegginga av koparnettet på Straumshamn og i Bjørkedalen vert utsett til hausten 2022.
Publisert: 24.10.2020 kl 14:00
Volda sine handballdamer er klare til å slå tilbake etter to tap sist veke. I morgon kjem Randesund frå Kristiansand på besøk til Voldahallen. Dei tok sin første siger sist helg med femmålssiger over Fjellhammer og blir ein tøff motstandar for heimelaget.
Publisert: 24.10.2020 kl 12:00
Trass ein regntung haust er ridehallen på Rotevatn i rute til opning i slutten av november. Då vil Volda rideklubb ha realisert ein 25 år gammal draum om å drive idretten sin året rundt, også i sunnmørsvèr.
Publisert: 23.10.2020 kl 16:30
– I ti år har vi hevda at dette er eit skredutsett område, så no er vi kjempeglade for at fylkeskommunen går til det steget å stoppe all busstrafikk gjennom Alida, seier Volda-ordførar Sølvi Dimmen.
Publisert: 23.10.2020 kl 15:19
Voldingen Magnus Kobbevik Mikalsen tok både gull og sølvmedalje under Ungdomsmeisterskapen i Tromsø førre helg.
Publisert: 23.10.2020 kl 08:28
Fylkeskommunen har gjort ei vurdering av skredrisikoen langs fylkesveg 5896 mellom Berknes og Mork, og frå måndag vil ikkje skole- eller rutebussane lenger køyre den skredutsette strekninga.
Publisert: 22.10.2020 kl 14:50
Ørsta brann og redning rykker ut til melding om pipebrann på Sæbø.
Publisert: 22.10.2020 kl 14:20 - Oppdatert: 22.10.2020 kl 14:52
Eiksundtunnelen er open igjen etter bilberging.
Publisert: 21.10.2020 kl 14:20 - Oppdatert: 21.10.2020 kl 14:59
Tidlegare i dag opplyste Ørsta kommune om ein person som hadde testa positivt for Covid-19 tysdag kveld. Onsdag ettermiddag har det kome endå ein positiv test.
Publisert: 21.10.2020 kl 13:00
Tussa-konsernet leverer betre resultat enn frykta i mars då koronapandemien sette inn for alvor i Noreg
Publisert: 21.10.2020 kl 09:30 - Oppdatert: 21.10.2020 kl 09:32
Det er registrert eit nytt tilfelle av koronasmitte i Ørsta.