Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 21.03.2020 kl 13:00
Drosjenæringa er ei av fleire næringar som slit i korona-situasjonen. – Vi merkar ein sterk nedgang i passasjertalet, seier dagleg leiar for Volda Taxisentral, Jan Magne Bjørdal. Dei har permittert fire tilsette og minska talet på bilar i vakt.
Publisert: 21.03.2020 kl 10:00
- Dette er ei krise som ein veit vil gå over, men det er ein situasjon vi ikkje har opplevd før. Vi veit derfor ikkje kor lenge det vil gå, og kva det fører med seg, seier ordførar Sølvi Dimmen, og oppmodar alle voldingar til å ta vare på kvarandre.
Publisert: 20.03.2020 kl 16:25 - Oppdatert: 20.03.2020 kl 16:39
Ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, og Ørsta-ordførar Stein Aam seier dei ikkje kan godta Statens vegvesen sitt framlegg til prioritering av investeringsprosjekt inn mot ny Nasjonal Transportplan 2022-2033. Det forslaget omfattar korkje Voldatunnelen eller Ørstafjordkryssing.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 20.03.2020 kl 16:10
Etter at koronatiltaka er sett i verk har NAV fått 185.300 søknadar om dagpengar berre den siste veka. I Volda er det 238 personar som no får dagpengar.
Publisert: 20.03.2020 kl 16:04
Sist veke vart handballsesongen på alle nivå avslutta på grunn av koronaviruset. Det sto framleis fleire serierundar att og det var uvisst kva lag som kom til å rykke opp og ned. Denne veka har handballforbundet jobba i herdig for å løyse kabalen og torsdag kom svaret.
Publisert: 20.03.2020 kl 13:43
Under ein pressekonferanse fredag ettermiddag stadfestar ordførar Sølvi Dimmen at situasjonen i Volda er uendra frå i går, då ein pasient fekk påvist koronasmitte. - Det er ikkje påvist fleire smitta.
Publisert: 20.03.2020 kl 11:26
I går vart ein person innlagd ved sjukehuset i Ålesund mistenkt med koronasmitte. I dag kom testresultatet som påviser smitte.
Publisert: 19.03.2020 kl 17:50 - Oppdatert: 19.03.2020 kl 20:09
Torsdag ettermiddag melder Helse Møre og Romsdal at ein person er innlagd ved sjukehuset i Volda med koronasmitte.
Publisert: 19.03.2020 kl 13:00
Koronautbrotet påverkar kvardagen til alle yrkesgrupper, også tannhelsetenesta. Tannlegar er i ei særskilt risikogruppe, og difor gjer både privat og offentleg tannhelseteneste grep for å hindre smittefare. – Berre akutte problemstillingar som ikkje kan vente, får no behandling, seier...
Publisert: 19.03.2020 kl 12:10 - Oppdatert: 20.03.2020 kl 15:18
Koronaviruset er no påvist i Volda, og vedkomande har vorte smitta innanlands. Helsetenesta lokaliserer kontaktpersonar til den smitta og gjer no tiltak for å unngå smittespreiing.
Publisert: 19.03.2020 kl 10:55 - Oppdatert: 19.03.2020 kl 10:59
Helse Møre og Romsdal har saman med nattlegevakta for Søre Sunnmøre og Volda og Ørsta kommunar sett i gang eit prøveprosjekt med eigen legebil for å avgrense faren for Koronasmitte.
Publisert: 18.03.2020 kl 14:40 - Oppdatert: 18.03.2020 kl 14:41
Dette er oppmodinga frå kommunen når dei kjem med siste oppdatering om situasjonen i Volda. Så langt er 63 personar testa, og ingen smitte er påvist. - Men det betyr ikkje at ingen har smitten, minner dei om.
Publisert: 18.03.2020 kl 12:45 - Oppdatert: 18.03.2020 kl 12:56
Det seier Volda kommune i ei pressemelding, og oppmodar alle innbyggjarane om å halde fram med den store samfunnsdugnaden som er sett i gang.
Publisert: 18.03.2020 kl 08:30 - Oppdatert: 18.03.2020 kl 12:08
I ei pressemelding kjem seksjonsleiar for skule i Ørsta kommune, Kirsti Øy Driveklepp, medc ei orientering til elevar og foreldre om den perioden Ørsta-skulen no har stengte bygg.
Publisert: 18.03.2020 kl 08:19
Røde Kors Hjelpekorps, Hovudredningssentralen, politiet og helsepersonell kjem med den same oppmodinga til folk som no har ekstra tid: ikkje driv aktivitetar som kan leggje ekstra press på beredskapen.
Publisert: 17.03.2020 kl 14:28
For å redusere smittespreiing av koronavirus ved sjukehusa og dei andre helseinstitusjonane i fylket, har leiinga i Helse Møre og Romsdal vedteke fleire nye tiltak for å trygge pasienttilbodet og styrke beredskapen ved sjukehusa.
Publisert: 17.03.2020 kl 13:25 - Oppdatert: 17.03.2020 kl 15:00
Det er framleis ikkje påvist Koronasmitte i Volda, men kommunen har innført ei rekke tiltak og seier dei er avhengige av at innbyggjarane fyl påboda og råda frå helsemyndigheitene. Her er siste oppdatering frå kommunen.
Publisert: 17.03.2020 kl 13:10 - Oppdatert: 17.03.2020 kl 13:14
Sjukehusa i Helse Møre og Romsdal oppmodar alle med helsefagleg kompetanse til å melde seg som frivillige.
Publisert: 17.03.2020 kl 12:10 - Oppdatert: 17.03.2020 kl 12:21
Sande og Vanylven er dei to siste kommunane som no innfører karantene-påbod for reisande som kjem til kommunane utanfrå fylket.
Publisert: 16.03.2020 kl 18:00
Søndag gjekk Volda kommune ut og bad personar med helseutdanning om å melde seg som frivillige. Innan måndag morgon hadde 60 meldt seg.
Publisert: 16.03.2020 kl 15:47
Volda legesenter vert delt opp for å hindre at helsepersonell vert utsette for smittefare.
Publisert: 16.03.2020 kl 12:00 - Oppdatert: 16.03.2020 kl 12:02
Alle parti på Stortinget er samde om ei rekkje tiltak for å sikre bedrifter og arbeidstakarar som blir ramma av koronakrisa.
Publisert: 16.03.2020 kl 11:57
NAV-kontora på Søre Sunnmøre har sett saman ei eiga beredskapsgruppe for bedrifter som treng informasjon og råd.
Publisert: 16.03.2020 kl 11:22
Helse Møre og Romsdal melder at mammografiprogrammet held stengt grunna koronavirusepidemi. Berre kvinner som skal har fått beskjed om vidare utredning skal møte til time.
Publisert: 15.03.2020 kl 12:10 - Oppdatert: 15.03.2020 kl 12:17
Volda kommune sine helseinstitusjonar er stengt for besøk inntil vidare. Dette gjeld også pårørande.