Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 15.03.2020 kl 10:16
Natt til søndag vart ein bilførar anmeld for ruskøyring i Ørsta.
Publisert: 12.03.2020 kl 13:30 - Oppdatert: 12.03.2020 kl 14:27
Rektor ved Volda vidaregåande skule, Trond Hjelseth, stadfestar til Møre at dei vidaregåande skulane vert stengde. - Det er byrja ei nedstenging av skulane, og vi går over til fjernundervisning av elevane våre.
Publisert: 12.03.2020 kl 13:05 - Oppdatert: 12.03.2020 kl 13:11
Alle skulane og barnehagane i landet blir stengde. Det er eitt av tiltaka regjeringa kjem med torsdag for å hindre virusspreiing. Det melder NTB.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 12.03.2020 kl 11:05 - Oppdatert: 12.03.2020 kl 11:31
I ei pressemelding seier Helse Møre og Romsdal at dei hevar beredskapsnivået til gult. Samstundes stadfestar dei at ein person er lagt inn ved Volda sjukehus med mistenkt korona-smitte.
Publisert: 12.03.2020 kl 09:58
Volda Bilmesse 2020 skulle gå av stabelen i april. No melder arrangøren at messa er utsett på ubestemt tid.
Publisert: 12.03.2020 kl 08:34
X2 Festivalen er avlyst etter råd frå helsemynde.
Publisert: 11.03.2020 kl 17:00
Høgskulen i Volda er ein av fleire potensielle leigetakarar i ein ny symjehall i Volda, og seksjon for idrett og friluftsliv ved avdeling for kulturfag har gjort ei fagleg vurdering av kva behov dei vil ha i ein ny symjehall.
Publisert: 11.03.2020 kl 16:15 - Oppdatert: 11.03.2020 kl 16:15
På grunn av smittesituasjonen med koronaviruset innfører Helse Møre og Romsdal restriksjonar på besøk til sjukehusa og institusjonane sine.
Publisert: 11.03.2020 kl 16:00
Studentane Vibeke Innselset, Egil Grimstad og Edvin Fonn Sårheim meiner eit moderne symjeanlegg i nærleiken av høgskulen vil gjere Volda meir attraktiv som studiestad. – Det vil verte mykje meir tilgjengeleg, og kan bli ein sosial møteplass i tillegg til undervisninga, seier dei.
Publisert: 11.03.2020 kl 15:50 - Oppdatert: 11.03.2020 kl 16:09
- Kommuneoverlegen i Volda har sett restriksjonar på maks 100 personar i gravferder, seier vikarprest i Volda, Matias Austrheim.
Publisert: 11.03.2020 kl 11:57
VTI Fotball og Ørsta Fotball melder at Kiwi Hall-cupen som skulle arrangerast frå 27.–29. mars er utsett på ubestemt tid. - Slik situasjonen er no, er det uaktuelt for oss å gjennomføre cup.
Publisert: 11.03.2020 kl 09:25
Onsdag morgon rykte Volda brann og redning ut til Hornindal barnehage etter melding om røykutvikling.
Publisert: 10.03.2020 kl 16:17
Politiet sin nettpatrulje i Møre og Romsdal har fått inn tips om at det nærast dagleg er vaksne som sel vaping-juice med nikotin til mindreårige heilt ned i 13-årsalderen ved Esso-området i Ørsta.
Publisert: 09.03.2020 kl 14:36
UP skreiv ut åtte fartsbøter under ein trafikkontroll i Åmdalen måndag formiddag.
Publisert: 09.03.2020 kl 12:50
Representantar frå Volda sjukehus, Høgskulen i Volda, fleire Sunnmørskommunar og lokalt næringsliv har alle skrive under på eit protestbrev mot rutekutta på Ørsta/Volda lufthamn Hovden. – Vi opplever nok ein gong at myndigheitene stikk kjeppar i hjula for distrikta.
Publisert: 09.03.2020 kl 10:40 - Oppdatert: 09.03.2020 kl 10:41
Tre bilførarar fekk bøter for manglande sikring av barn i bilen under ein trafikkontroll i Ørsta.
Publisert: 08.03.2020 kl 13:00
- Regjeringa sitt forslag sikrar ikkje aktivitet ved tingretten i Volda. Dei legg opp til ein langsam død, i staden for ein brå død slik domstolkommisjonen gjorde, seier sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik.
Publisert: 07.03.2020 kl 11:00
OnklP har i 15 år levert songar som heile Noreg diggar, ler og grin til. Fredag 17. april entrar han storscena i Propellhallen, med gamle klassikarar frå tida med Jaa9, De Fjerne Slektningene, Hver Gang Vi Møtes til rykande ferske låtar frå det nye albumet «Pål Tøien» som kom ut for kun ei...
Publisert: 05.03.2020 kl 18:00
- Det blir spanande med nye utfordringar. Eg ser fram til å bli ny avdelingsleiar i NITO Møre og Romsdal, seier Knut Øystein Ekroll frå Volda.
Publisert: 05.03.2020 kl 14:55 - Oppdatert: 05.03.2020 kl 14:55
Torsdag ettermiddag miste ein bilførar førarkortet etter at han vart målt til 89 km/t i 60-sona i Vikebygdvegen.
Publisert: 05.03.2020 kl 14:00
Etter presentasjonen av Voldabadet i folkemøtet på Volda Turisthotell, vart det opna for spørsmål frå salen. Det enda med eit engasjert ordskifte mellom heidersgjesten Dag Lindebjerg og kommuneleiinga ved varaordførar Sverre Leivdal.
Publisert: 05.03.2020 kl 12:00 - Oppdatert: 05.03.2020 kl 12:47
Dette var den sterke oppmodinga frå tidlegare symjetrenar i Volda og mangeårig NRK-profil Dag Lindebjerg under folkemøtet om nytt symjeanlegg. – Det er utruleg at symjebygda med stor S har hamna i denne situasjonen.
Publisert: 05.03.2020 kl 11:00 - Oppdatert: 05.03.2020 kl 12:49
Tysdag kveld var det fullt i amfiet på Volda Turisthotell då Stiftinga Voldabadet presenterte sitt forslag til nytt symjeanlegg i Volda sentrum.
Publisert: 05.03.2020 kl 10:00
Helse Møre og Romsdal ber alle pasientar som er innkalla til time, og som kan ha vært utsett for smitte av koronavirus om å ta kontakt.
Publisert: 03.03.2020 kl 17:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) og justispolitisk talsperson for Senterpartiet, Jenny Klinge, reagerer kraftig på framlegget frå regjeringa til ny domstolstruktur. - For vår lokale domstol på Søre Sunnmøre ligg det an til at sorenskrivaren forsvinn og at vi ikkje lenger blir ein...