Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 19.02.2020 kl 12:42
Kommunestyret vil ha ei ekstern evaluering av det interkommunale samarbeidet om PP-tenesta. – Dette er ei teneste som skal ta vare på dei aller, aller svakaste blant oss, og vi har fått blanda tilbakemeldingar frå brukarane, seier leiar i TOK, Rebecca Riise Bjerknes.
Publisert: 18.02.2020 kl 19:59
Ti sjåførar fekk fartsbøter då politiet hadde fartskontroll i Eiksundtunnelen tysdag kveld.
Publisert: 18.02.2020 kl 18:00
Kommunestyret gjorde heilomvending i høve vedtaket i formannskapet, og vil ikkje gje midlar til arbeidet med kommunedelplan og konsekvensutgreiing for bru over Voldsfjorden.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.02.2020 kl 16:27
Statsminister Erna Solberg (H) seier regjeringa kjem til å leggje bort eit omstridd forslag om endringar i vasskraftskatt som ville ha teke frå kommunane vasskraftinntekter på 3,7 milliardar kroner.
Publisert: 18.02.2020 kl 11:54
Etter at Widerøe varslar reduksjon av flyrutetilbodet, spør Fredric Holen Bjørdal (Ap) om kva grep regjeringa vil ta for å sikre flytilbod i distrikta. - Dei siste åra er det blitt dyrare å pendle med bil, og ferjeprisane har stige kraftig. Folk i distrikta toler ikkje eit svekkja flytilbod i...
Publisert: 16.02.2020 kl 13:00
Formannskapet gav klarsignal til at landmåling og geodata skulle samlast i Ulsteinvik, men kommunestyret sette på bremsene. Dei vil heller at Volda skal byggje opp si eiga teneste, eller gå i samarbeid med Ørsta.
Publisert: 15.02.2020 kl 13:00
Private og næringsdrivande i Volda har skipa foreininga Voldabadet, som skal jobbe for at den nye symjehallen skal bli eit folkebad som er tilgjengeleg og ope for alle. Engasjementet er stort, men det er ikkje tolmodet. Difor har dei fått utvikla eit skisseprosjekt som dei no vil legge fram for...
Publisert: 09.02.2020 kl 13:00
Volda skal samarbeide med Herøy, Hareid og Ulstein om kart- og oppmålingstenestene. Ulstein vert vertskommune for samarbeidet.
Publisert: 08.02.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 08.02.2020 kl 18:51
Formannskapet i Volda vil at kommunen skal søke om pilotstatus for ordninga «Fritidskortet», som born og unge mellom 6 og 18 år kan bruke til deltakaravgift på fritidsaktivitetar.
Publisert: 08.02.2020 kl 15:00
Planlegginga av Dalsfjordkryssing er i gang. Kommunen varslar oppstart av arbeid med kommunedelplan og sender eit forslag til planprogram på høyring.
Publisert: 08.02.2020 kl 13:00
Volda kommune har teke på seg arbeidet med kommunedelplan og konsekvensutgreiing for brukryssing av Voldsfjorden. No må kommunen leige inn konsulentar til ein pris på 2,3 millionar kroner.
Publisert: 08.02.2020 kl 12:47
Ein bilførar miste førarkortet og fem andre fekk bøter under ein fartskontroll i Volda laurdag formiddag.
Publisert: 08.02.2020 kl 11:00
Økonomisjef i Volda kommune, Kari Mette Sundgot, er innstilt som styreleiar i IL Hødd. Ho er i dag styremedlem, og har tidlegare vore dagleg leiar i fotballklubben.
Publisert: 07.02.2020 kl 18:00
Kommunen er bedt om å kome med sine innspel til kva vegprosjekt som skal vere prioritert i rulleringa av Nasjonal Transportplan, og Voldatunnelen er øvst på ønskjelista.
Publisert: 06.02.2020 kl 15:20 - Oppdatert: 06.02.2020 kl 15:34
14 bilførarar fekk forenkla førelegg då politiet hadde fartkontroll på Grodås torsdag.
Publisert: 06.02.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 06.02.2020 kl 13:09
– Vi er umåteleg glade for at Ørsta sokneråd opnar Ørsta kyrkje for ei regnbogemesse. Dette viser at kyrkja meiner noko med å vere for alle, seier leiar i Bygdepride Ørsta/Volda, Anbjørn Steinholm Frislid.
Publisert: 05.02.2020 kl 15:30 - Oppdatert: 05.02.2020 kl 15:33
Ein bilførar er køyrt til legevakta etter ein påkøyrsle bakfrå i Kyrkjegata.
Publisert: 04.02.2020 kl 11:00
Regjeringa gir «raudt lys» til oppdrettsnæringa frå Nordhordland til Hustadvika. Dei må ta ned produksjonskapasiteten sin på grunn av påverknaden av lakselus på villaksen i området. – For første gong får det raude lyset konsekvensar, seier fiskeri- og sjømatminister Geir-Inge...
Publisert: 04.02.2020 kl 10:00
Heile Noreg sin skikonge, Petter Northug, kjem til X2 Festivalen for å dele si ekstreme gulloppskrift.
Publisert: 03.02.2020 kl 11:00 - Oppdatert: 03.02.2020 kl 11:12
Sjukehusa i Møre og Romsdal har fått konstituert stadlege klinikksjefar. I Volda er det Knut Nautvik som får oppgåva.
Publisert: 02.02.2020 kl 13:00
Volda kommune skal redusere vegbudsjettet sitt med ein million kroner. Det kan føre til at mange vegar som i dag er kommunale vert omklassifiserte, og private innbyggjarar får ansvaret for drift og vedlikehald av desse vegane.
Publisert: 02.02.2020 kl 11:00
Volda kommune har sendt varsel om pålegg til Steinsvik Olivine AS for brot på gjeldande reguleringsplan. Kommunen meiner å ha funne avvik med anleggsvegane i dagbrotet, og avvik med ukontrollert avrenning til vassdrag.
Publisert: 01.02.2020 kl 15:00
Formannskapet i Volda vil ikkje anke Lagmannsretten si avgjerd om festeavgifta for Uppheim-tomta, men fleire tok til orde mot ei «avleggs ordning» som dei meiner legg hinder for utviklinga av Volda sentrum.
Publisert: 01.02.2020 kl 12:00
Eitt år etter at deltakarane gjekk på introduksjonsprogrammet i Volda kommune i 2017, var heile 71 prosent i arbeid eller utdanning. Det er best i fylket.
Publisert: 31.01.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 31.01.2020 kl 13:15
I samband med at det skal innførast betalingsparkering på høgskuleområdet, har Volda kommune jobba med ein skiltplan for å hindre at dette fører til auka villparkering i nærområdet. No skal skiltplanen ut på høyring.