Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 05.09.2018 kl 12:57
Onsdag møter Volda toppmotstand med mål om å avansere i NM.
Publisert: 04.09.2018 kl 13:00 - Oppdatert: 04.09.2018 kl 13:04
Petter Eide trur at Oslo har mykje å lære av Volda læringssenter. Stortingspolitikaren vart rørt over integreringsarbeidet han lærte om.
Publisert: 03.09.2018 kl 13:00
I teikningane for ny idrettshall som skal sendast på anbod neste veke, er det teke med parkeringskjellar til 45 bilar. Alternativet er at dette arealet må fyllast med masse for å fundamentere hallen.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 03.09.2018 kl 09:06
Politiet har gjennomført ein promillekontroll i Dalevegen.
Publisert: 02.09.2018 kl 13:00
Statens vegvesen har kontakta Volda kommune for å finne ei løysing på utfordringar knytt til utbetringsarbeidet i Rotsethorntunnelen som byrjar neste veke. Vegvesenet har kome med forslag om å halde vegen over Aldalen heilårsopen som ei alternativ køyrerute.
Publisert: 01.09.2018 kl 13:00
Det var positive reaksjonar på dei nye teikningane av idrettshallen i Volda då dei vart lagt fram for kommunestyret. Volda Campus Arena AS seier dei har kjent ei forplikting om å skape eit prosjekt Volda-samfunnet kan vere stolte av. – Det tykkjer eg vi gjer her, både i uttrykk og innhald,...
Publisert: 31.08.2018 kl 15:57
NHO Møre og Romsdal sin regiondirektør Torill Ytreberg gratulerer Jon Georg Dale med utnemninga og meiner han er rett mann på rett plass.
Publisert: 30.08.2018 kl 14:00
I dag presenterer styret i Volda Campus Arena AS teikningane av den nye idrettshallen for kommunestyret. Prosjektet vert sendt ut på anbod i løpet av neste veke.
Publisert: 30.08.2018 kl 10:53
22.mars bestemte kommunestyret at ei byggenemnd skulle utarbeide romprogram og skisseprosjekt for eit nytt kulturhus knytt til Volda Samfunnshus. Onsdag vart teikninga presenterte for bygdefolket.
Publisert: 29.08.2018 kl 13:00
Formannskapet vil sende ut nytt anbod for næringsområdet på Øvre Rotset. Den private utbyggjaren Retail Eigedom AS er interessert i å kjøpe og utvikle området aust for E39, og kommunen vil ha området på vestsida klart dersom det skulle melde seg interessentar.
Publisert: 28.08.2018 kl 12:46 - Oppdatert: 28.08.2018 kl 12:46
Politiet har skrive ut fleire parkeringsbøter under ein trafikkontroll ved Høgskulen i Volda tysdag formiddag.
Publisert: 28.08.2018 kl 10:39
Vik Ørsta AS har vunne kontrakten på utvikling og levering av ein ny type rekkverk til prosjektet E39 Sykkelstamvegen Stavanger-Sandnes.
Publisert: 28.08.2018 kl 09:28 - Oppdatert: 28.08.2018 kl 15:56
Kolbein Halkjelsvik kjem med ei alternativ løysing for nytt kulturhus i Volda sentrum: - Eit hus som; er enklare å bruke, er meir oversiktleg, har færre nivå, har færre vinklar, er opnare, har sterkare profil mot sentrum og, ikkje minst, blir mykje rimelegare å byggje, meiner han.
Publisert: 26.08.2018 kl 13:00
Globalskulen starta i 1998 med 15 elevar. No har skulen, med hovudbase i Volda, 1400 elevar og er klar for eit nytt skuleår.
Publisert: 25.08.2018 kl 13:00
Liste over dei som skal konfirmere seg i Den norske kyrkja i Volda.
Publisert: 24.08.2018 kl 13:00 - Oppdatert: 24.08.2018 kl 15:47
Ordføraren har informert formannskapet at Rusta er interesserte i å etablere seg i Furene. Også Eid skal vere eit alternativ, ifølgje Jørgen Amdam (Ap).
Publisert: 23.08.2018 kl 15:29
Sandøy-ordførar Oddvar Myklebust (Ap) seier utspelet om Volda sjukehus ikkje var meint som eit trugsmål, men som eit døme på saker der ein må stå samla. – Eg nemner Volda sjukehus som eit døme på at vi må stå saman og hjelpe kvarandre for å verne om det vi har.
Publisert: 23.08.2018 kl 15:21
Ordførar i Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal (Ap), slår fast at Sandøy-ordførar Oddvar Myklebust (Ap) ikkje snakkar for Nye Ålesund i sin uttale om Volda sjukehus. – Volda sjukehus har ikkje på noko tidspunkt vore eit tema for Nye Ålesund.
Publisert: 23.08.2018 kl 14:14
Politiet melder at ein sjåfør har stukke av etter ei ulukke i Vikegata i Ørsta.
Publisert: 23.08.2018 kl 11:16 - Oppdatert: 23.08.2018 kl 14:25
To personar har fått bøter etter at politiet har kontrollert parkeringa ved Høgskulen i Volda.
Publisert: 23.08.2018 kl 07:00
Etter kostnadssprekken på Nordøyvegen har ordførarane på Søre Sunnmøre diskutert kva haldning dei skal ha til prosjektet. Det reagerer Sandøy-ordførar Oddvar Myklebust på. Han seier han er sint og skuffa, og på vegner av Nye Ålesund truar han med å trekke politisk støtte til Volda...
Publisert: 22.08.2018 kl 10:02 - Oppdatert: 22.08.2018 kl 10:03
Politiet fortset "Aksjon skuleveg", og onsdag morgon vart tre sjåførar bøtelagde i Ørsta.
Publisert: 22.08.2018 kl 08:37 - Oppdatert: 22.08.2018 kl 12:46
Vegtrafikksentralen Midt melde at det låg stein i vegbana på fv. 40 mellom Lyngneset og Aksneset. Vegen er no rydda.
Publisert: 20.08.2018 kl 13:00
Tidlegare i år vart eføybuska på sørveggen av samfunnshuset i Volda fjerna. Det har etterlat ein naken og ufin vegg.
Publisert: 19.08.2018 kl 18:00
Volda-ordførar Jørgen Amdam seier han ikkje kjem til å gje opp å finne ei løysing for at ambulansestasjonen skal plasserast så nærme sjukehuset som råd. Dette synest han er så viktig at han jobbar vidare med saka på trass av at helseføretaket seier dei byrjar anbodsrunde for nye lokale i...