Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 20.11.2018 kl 16:01
Leiinga i Helse Møre og Romsdal har signalisert kraftige kutt etter enda ein månad med underskot i drifta. Adm. dir. Espen Remme varslar at det kjem ein «hestekur» som «kjem til å gjere vondt».
Publisert: 19.11.2018 kl 13:17
Volda sanitetslag trekkjer anken i saka dei har hatt mot Tomteservice As. Som kjent frå tidlegare så trekte eigedomsutviklaren seg frå kjøpet av Sanitetshuset.
Publisert: 18.11.2018 kl 13:00
Dei lokale KrF-politikarane Arild Iversen og Jørund Knardal har teke initiativ overfor sentrale stortingspolitikarar om å løfte lagnaden til tingrettane inn i regjeringsforhandlingane. – Dette handlar om ein klar distriktspolitikk frå KrF og om å gje velfungerande domstolar den arbeidsroa...
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 17.11.2018 kl 13:00
Ivar Otto Kristiansen (H) har sendt innspel til kommunen om plasseringa av ny sentrumsbarnehage. Han meiner ein kan slå to fluger i ein smekk med å rive dei kommunale bustadane i Smalebakken og byggje barnehage på tomta i staden.
Publisert: 17.11.2018 kl 07:00
Debatten om Nordøyvegen hardnar til. Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) har sjølv bidrege med sterke meiningar, men han er uroa over at det er sett fram trugsmål mot personar i fylkesadministrasjonen. – Om desse trugsmåla er reelle eller ikkje, så syner det tydeleg at debatten har spora...
Publisert: 16.11.2018 kl 16:15
Måndag skulle Høgskulen i Volda offentleggjere vinnaren av anbodskonkurransen om å bygge nytt mediehus. Det vert no utsett på grunn av at to av anboda er avvist.
Publisert: 16.11.2018 kl 14:16 - Oppdatert: 16.11.2018 kl 14:17
Frå måndag kan det kome til å verte boring ved Vikeneskaia fram til klokka 22 på kvelden.
Publisert: 15.11.2018 kl 09:11
Arild Iversen (KrF) varslar at han vil seie nei til at ein byrjar anbodskonkurransen om hovudentreprisen for Nordøyvegen med det gjeldande anbodsgrunnlaget. – Det kan setje heile fylkesøkonomien i spel.
Publisert: 14.11.2018 kl 11:14
SpareBank 1 Søre Sunnmøre syner til auka vekst og reduserte tap i tredje kvartal. - Banken er inne i ei god utvikling og vi tek marknadsandelar, seier adm. direktør, Stig Brautaset.
Publisert: 14.11.2018 kl 09:23 - Oppdatert: 14.11.2018 kl 09:24
Tysdag kveld fekk politiet melding om at eit bildekk hadde smelt i veggen på eit hus i Volda.
Publisert: 13.11.2018 kl 09:29 - Oppdatert: 13.11.2018 kl 09:30
Natt til tysdag måtte politiet avslutte ein fest i Volda.
Publisert: 13.11.2018 kl 09:20
Mørenett er i ferd med å leggje ny straumkabel på sjøbotnen mellom Rotsetfjøra til Folkestad. Kabelen skal vere med og trygge straumforsyninga til Folkestad, Austefjorden og Straumshamn.
Publisert: 12.11.2018 kl 13:17
Ein 1. klassing i Ørsta er 2 timar og 45 minutt time lenger på skulen i løpet av ei veke enn kva ein 1. klassing i Volda er. Får eleven i Ørsta meir fagleg inn, enn ein volding, eller er det meir leik og moro?
Publisert: 11.11.2018 kl 13:00 - Oppdatert: 12.11.2018 kl 13:44
Volda Rideklubb var godt representerte under Vinter Cup-stemnet på Sula førre helg. Dette er første året dressur-cupen vert arrangert i Møre og Romsdal.
Publisert: 10.11.2018 kl 13:00
I fjor var Volda sanitetslag det laget i Møre og Romsdal som fekk flest nye medlemmar. Heile 12–14 nye kom til. Fleire av desse har nyleg gått av med pensjon og har lyst å engasjere seg i nyttig arbeid.
Publisert: 09.11.2018 kl 13:00
Volda Campus Arena AS lanserer ein “folkeaksje» for dei som vil vere med og støtte arbeidet med ny idrettshall i Volda. Som takk får dei namnet sitt på ei tavle ved inngangen.
Publisert: 09.11.2018 kl 09:37
Ny skilting er på plass i Osgeila i Ørsta. Under ein kontroll torsdag kveld fekk tre sjåførar bøter for å køyre imot einvegskøyring.
Publisert: 09.11.2018 kl 09:27
Natt til fredag måtte politiet avslutte ein høglytt fest i Volda.
Publisert: 08.11.2018 kl 15:21 - Oppdatert: 08.11.2018 kl 16:19
Eiksundtunnelen er opna att etter ei trafikkulukke torsdag ettermiddag.
Publisert: 08.11.2018 kl 15:14 - Oppdatert: 08.11.2018 kl 15:16
Politiet rykker ut til melding om ein mann som har utøvd vald mot kjærasten sin.
Publisert: 08.11.2018 kl 13:54
Torsdag ettermiddag legg rådmann i Volda kommune, Rune Sjurgard, sitt forslag til budsjett for 2019. Dette er det siste budsjettet for «gamle» Volda og inneheld ei rekkje store investeringar. Baksida er auka lånegjeld og press på dei kommunale tenestene.
Publisert: 08.11.2018 kl 10:56
Torsdag formiddag kunne ein sjå politibil i Volda sentrum med blålys og sirene.
Publisert: 08.11.2018 kl 09:55 - Oppdatert: 08.11.2018 kl 10:17
Natt til torsdag har det vore gjort hærverk i ein brakkerigg ved ein skule i Volda.
Publisert: 07.11.2018 kl 13:00
Både i Volda og Ørsta er det mennene som har den høgste gjennomsnittlege bruttoinntekta i Volda og Ørsta.
Publisert: 06.11.2018 kl 19:58 - Oppdatert: 06.11.2018 kl 19:59
Tysdag kveld stoppa Utrykkingspolitiet ein bilførar etter å ha målt farta til 130 km/t.