Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 05.12.2023 kl 20:00
Volda kommune vil ikkje likestille private fritidsordningar med den offentlege skulefritidsordninga. Det er no stadfesta i kommunestyret. – Dei private fritidsordningane bør vende seg til Staten for svar om refusjonsordninga, seier Margrete Trovåg og Arbeidarpartiet.
Publisert: 05.12.2023 kl 11:36
Mange i kommunestyret synte stort engasjement i saka om forskotering av pleiepengar, og vil at den skal få ei politisk handsaming. – Vi kan ikkje seie vi er ein raus og inkluderande kommune om vi tek bort denne forskoteringa, sa Henning Holsvik (KrF).
Publisert: 04.12.2023 kl 11:40
Politiet mistenker ein bilførar for promillekøyring på E39 Ekset etter ein kontroll måndag formiddag.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 01.12.2023 kl 10:58
Torsdag kveld var politiet på plass med laserkontroll i Elvadalen.
Publisert: 29.11.2023 kl 11:00
Formannskapet i Volda vil ikkje auke eigedomskatten neste år, men held nivået på 3 promille. – Det er dyrtid med renteauke og høgare prisar, så innbyggjarane vil merke det godt om vi aukar eigedomskatten også, var omkvedet frå samlege politikarar kring bordet.
Publisert: 29.11.2023 kl 09:37
Ein bilførar mista førarkortet etter å blitt målt til 82 km/t i 50-sona gjennom Volda sentrum.
Publisert: 29.11.2023 kl 08:50
Volda sjukehus har fått levert ny MR-maskin, som vart krana inn gjennom taket. – Ny maskin og nybygget på sjukehuset gjer at vi får ein heilt ny kvardag, seier seksjonsoverlege Thomas Kleinrath.
Publisert: 28.11.2023 kl 11:24
Tysdag formiddag har UP hatt promillekontroll på E39 ved Egset.
Publisert: 27.11.2023 kl 12:46
Når NAF har rekna ut kva det vil koste å sikre dei 10 mest skredfarlege strekningane på riks- og fylkesvegane i landet, delar Otterdalsvegen i Volda kommune tittelen «den mest skredfarlege vegstrekninga i landet» med Navelsakerstranda.
Publisert: 27.11.2023 kl 11:10
Ørsta kommune utset tilsettinga av ny kommunalsjef for teknisk, eigedom og landbruk. Grunnen dei oppgir er at det er kome for få kvalifiserte søkjarar.
Publisert: 27.11.2023 kl 10:12
Politiet vart kalla ut til ein utestad i Ørsta etter at to karar i 20-åra hamna i det som politiet beskriv som ein "damekrangel".
Publisert: 25.11.2023 kl 18:00
Etter spørsmål frå politikarane om klassestørrelsane i sentrumsskulane, har oppvekstavdelinga sett på ulike måtar å dele klassane opp i mindre grupper. Alternativet er større skular, anten ved å byggje på eller ved å nytte modular.
Publisert: 25.11.2023 kl 16:00
Formannskapet vil ikkje likestille offentleg SFO med private fritidstilbod i Volda kommune. I alle fall ikkje før det kjem ei statleg fullfinansiering av gratistida for 1. og 2.-klassingar.
Publisert: 25.11.2023 kl 13:00
– Om det blir hjortetrakk i staden for Torvmyrveg, så har Ørsta teke innersvingen på oss igjen, seier Dan Helge Bjørneset (H). Han er overraska over at det ikkje er teke høgde for ein framtidig Torvmyrveg i det nye Voldatunnel-forslaget
Publisert: 25.11.2023 kl 11:00
Ørsta-selskapet Legal Eigedomsmekling AS tek over salet av leilegheiter i VoldaPortalen.
Publisert: 25.11.2023 kl 07:00
Volda Ørsta reinhaldsverk (VØR) vil auke renovasjonsgebyret med 9,5 % i 2024. Det vil utgjere 382 kroner, og eit standardabonnement vil då koste 4.406 kroner i året. – Det er framleis det rimelegaste gebyret i regionen, seier dagleg leiar i VØR, Hans Peter Eidseflot.
Publisert: 24.11.2023 kl 18:00
Formannskapet har sagt nei til å rive det snart 100 år gamle Barstadhuset på Rotset, men utbyggar vil likevel rive og føre opp ein tomannsbustad på tomta. Dei planane vil kommunen stoppe, og innfører mellombels byggje- og deleforbod.
Publisert: 24.11.2023 kl 14:53
Alti Ørsta opna Black Friday med å gi dei 100 første kundane «goodie-bags» og gåvekort, og alt var borte på to minutt. Det fortel senterleiar Inger Sandvik Sundnes på årets store handledag.
Publisert: 24.11.2023 kl 09:43
Hornindal skisenter opnar sesongen rekord-tidleg. Delar av skitrekket opnar allereie laurdag.
Publisert: 23.11.2023 kl 14:55 - Oppdatert: 23.11.2023 kl 15:13
Politiet melder at to bilar har frontkollidert ved innløpet til Eiksundtunnelen. Ulukka har skjedd på Volda-sida, og politiet melder om store materielle skadar. Ein person er frakta til sjukehus og ein person til legevakta etter ulukka.
Publisert: 23.11.2023 kl 14:46
Onsdag førre veke gjorde politiet beslag i Ålesund av ni falske 200-lappar og to falske 500-lappar i Ålesund. - Vi har grunn til å tru at fleire kan vere i sirkulasjon.
Publisert: 22.11.2023 kl 14:45
Politiet har stoppa ein tenåring frå Volda for å køyre utan lappen.
Publisert: 22.11.2023 kl 09:40
Medan store delar av Søre Sunnmøre var utan straum onsdag morgon, tok borna på storbarnavdelinga i Øyra barnehage det med eit smil og nytta høvet til å øve litt ekstra til St. Lucia-feiringa.
Publisert: 21.11.2023 kl 16:00
Kokkane ved Osdals Catering er no inne i sin mest hektiske og stressande periode for året.
Publisert: 21.11.2023 kl 07:00 - Oppdatert: 21.11.2023 kl 07:41
Den årvisse basaren i Volda Frikyrkje gjekk av stabelen sist laurdag. Dei frammøtte fekk med seg både åresal, ordførarhelsing, underhaldning og mykje god mat i godt lag.