Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 21.09.2023 kl 12:50
Volda kommune er framleis best i Møre og Romsdal (saman med Ørsta) når det kjem til openheit i den offentlege forvaltninga. Dei er også på ein delt andreplass nasjonalt.
Publisert: 20.09.2023 kl 15:56
110-sentralen melder onsdag ettermiddag at Volda brann og redning har rykt ut til automatisk brannalarm i Vikebygdvegen.
Publisert: 20.09.2023 kl 14:33
Steffen Myklebust er tilsett som ny kommuneoverlege i Volda kommune.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 20.09.2023 kl 10:21
Samarbeidsavtalen mellom Høgre, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og KrF i Ørsta er no signert. – Avtalen omfattar ei fordeling av sentrale verv i kommunestyret, og dessutan ein avtale om sentrale politiske føringar for komande valperiode, seier den nye ordføraren i Ørsta, Per Are Sørheim i...
Publisert: 18.09.2023 kl 11:00
Volda og Kristiansund BK stod ansikt til ansikt og leverte ein kamp for minnebøkene på Volda si heimebane.
Publisert: 18.09.2023 kl 10:05
Voldingane Stian Nedrelid og Bjørn Ole Vassbotn vann kva si klasse i BMW Oslo maraton (halvmaraton) i helga. Begge representerte VTI Friidrett og begge er frå Vikebygda.
Publisert: 14.09.2023 kl 11:58
Etter innføringa av betalingsparkering ved Volda sjukehus, opplever dei skepsis frå blodgjevarar som trur dei må betale for å gi blod. – Det er ikkje tilfelle. Dei kan registrere seg og parkere gratis i tre timar, seier fagbioingeniør i blodbanken, Helen Sylte Tjugen.
Publisert: 13.09.2023 kl 15:17
Entreprenøren Aurvoll og Furesund jobbar i samarbeid med Herøy kommune og ALTI Forvaltning for å etablere eit nytt næringsareal på Dragsund.
Publisert: 12.09.2023 kl 14:44
Tysdag ettermiddag har Utrykkingspolitiet har kontroll i Volda. fire førarar fekk bot for å bruke mobilen bak rattet.
Publisert: 12.09.2023 kl 08:38
Tysdag morgon har politiet stoppa ein ung mann i Volda som er mistenkt for å køyre utan gyldig førarkort.
Publisert: 07.09.2023 kl 12:06
Ein sjåfør mista lappen under ein fartskontroll på Grodås torsdag formiddag. Føraren vart målt til 87 km/t i 60-sona.
Publisert: 07.09.2023 kl 12:00
Regjeringa gir Stiftinga Viti 1,5 millionar kroner i ei ekstraordinær løyving til nødvendig vedlikehald i regionmuseet. Det kom fram då finansminister Trygve Slagsvold Vedum møtte museumsleiinga ved Anders Svor-museet i Hornindal torsdag.
Publisert: 06.09.2023 kl 14:00
Regjeringa foreslår å løyve kr 120 millionar til ei ny tilskotsordning for meir praktisk og variert læring på 5.-10-trinn. Tilskotet skal nyttast til investeringar i utstyr og læringsarenaer i alle landets kommunar.
Publisert: 05.09.2023 kl 20:00
Ein innbyggjar i Hornindal har sendt krav til Volda kommune om erstatning etter å venta på å bli kopla på kommunal vassleidning sidan 2009. – Kommunen har forståing for at dårleg vasskvalitet går ut over livskvaliteten, men vi kan ikkje sjå at kommunen kan lastast i denne saka, seier...
Publisert: 05.09.2023 kl 17:00
VTI Fotball senior herrar kunne endeleg juble for tre poeng etter 4–1 sigeren på bortebane mot Sogndal 2.
Publisert: 05.09.2023 kl 16:30
Volda har opna kvalifiseringsspelet om opprykk til 2. divisjon på beste måte og ligg på topp etter storsigeren mot Træff.
Publisert: 05.09.2023 kl 11:15 - Oppdatert: 05.09.2023 kl 11:44
Ørsta brann og redning har rykt ut til melding om ei trafikkulukke i Åmdalen.
Publisert: 05.09.2023 kl 11:09
Regjeringa kunngjer at maksprisen for barnehage skal reduserast frå 3000 til 2000 kroner i månaden frå 1. august 2024. Det betyr 1000 kroner reduksjon for alle barnehageborn over heile landet.
Publisert: 04.09.2023 kl 15:50 - Oppdatert: 05.09.2023 kl 09:35
Sparebanken Møre har innvilga ein søknad frå Voldsfjordkryssing AS om å fullfinansiere prosjektet: «Kryssing av Voldsfjorden med bru – på veg mot ein KVU». Løyvinga er på kr. 600.000.
Publisert: 01.09.2023 kl 20:00
Miljøpartiet Dei Grøne varslar at dei vil halde fast på den gjeldande reguleringsplanen for E39 Voldatunnelen, med Stjernebru-løysinga for dei mjuke trafikantane. – Det er lite framtidsretta å prioritere biltrafikken på born og lokalbefolkninga si bekostning, seier stortingsrepresentant...
Publisert: 01.09.2023 kl 18:00
Volda KrF har sendt krav til Helse Møre og Romsdal om at alle inntektene frå betalingsparkeringa ved Volda sjukehus skal nyttast i Volda. No har helseføretaket sendt svaret.
Publisert: 01.09.2023 kl 13:45 - Oppdatert: 01.09.2023 kl 14:11
To tenåringar er frakta til sjukehus etter ei ulukke mellom bil og motorsykkel på E39 i Furene.
Publisert: 01.09.2023 kl 08:00
Utdanningsforbundet og lærarane ønskjer at meir av flyktningtilskotet for å avhjelpe store klassestorleikar ved sentrumsskulane, men kommunedirektøren seier kapasitetsutviding for skulane høyrer til i økonomiplanarbeidet. – Intensjonen med flyktningtilskotet er å kunne gjere busette...
Publisert: 01.09.2023 kl 07:30
Folketalsveksten i Volda legg press på sentrumsskulane, og lærarar og FAU ved Øyra og Bratteberg uttrykkjer uro over aukande klassestorleikar. – Går ein både 10 og 20 år tilbake i tid, ser ein at det på gamle Øyra skule var klasser med 28 elevar på nokre årssteg. Skilnaden er at det den...
Publisert: 01.09.2023 kl 07:00 - Oppdatert: 01.09.2023 kl 10:09
Lærarane deler foreldra sine bekymringar for dei aukande klassestorleikane ved sentrumsskulane i Volda og ber politikarane ta ansvar som skuleeigarar. – Dei tilsette i skulen fortel om ei meirbelastning, fleire og fleire arbeidsoppgåver som er forventa, utan at rammene aukar, seier leiar i...