Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 21.11.2023 kl 07:00 - Oppdatert: 21.11.2023 kl 07:41
Den årvisse basaren i Volda Frikyrkje gjekk av stabelen sist laurdag. Dei frammøtte fekk med seg både åresal, ordførarhelsing, underhaldning og mykje god mat i godt lag.
Publisert: 20.11.2023 kl 18:00
– Det er heilt naudsynt av oss å spele på lag med ungdommen slik at dei får den hengeplassen som dei har lyst på. Vi kan ikkje ta nokre vaksenavgjersler på at vi veit best kva ungdom vil ha. Det ser vi at ikkje fungerer så veldig godt, seier Kine Malvik, prosjektleiar i Volda kommune.
Publisert: 20.11.2023 kl 13:10 - Oppdatert: 20.11.2023 kl 13:28
Politiet melder at to bilar har kollidert på E39 ved Rystefeltet i Ørsta.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 20.11.2023 kl 11:29
Ein mann i 20-åra har mista førarkortet etter at han spann og sladda med bil i Ørsta sentrum.
Publisert: 16.11.2023 kl 13:25 - Oppdatert: 17.11.2023 kl 10:12
Politiet melder om ei trafikkulukke mellom ein personbil og ein sementbil ved krysset inn til flyplassen Ørsta-Volda Lufthamn Hovden.
Publisert: 15.11.2023 kl 08:18
Naudetatane har rykt ut til melding om bilbrann i Rystefeltet i Ørsta.
Publisert: 14.11.2023 kl 15:05 - Oppdatert: 14.11.2023 kl 15:52
Formannskapet i Volda vil ikkje klage på torskeoppdrett ved Støylen, men ber tilsynsmynde om å vere ekstra på vakt etter den store rømminga frå anlegget ved Alida.
Publisert: 13.11.2023 kl 13:00
Brunvoll skal levere utstyr til det nye fiskefartøyet til Klondyke Fishing Company.
Publisert: 09.11.2023 kl 18:00
Noreg er teke opp som fullt medlem i det internasjonale godkjenningsorganet for naturguidar, og Høgskulen i Volda er ein av få stadar i landet som kan tilby slik utdanning. – Vi er veldig nøgde med at våre studentar no får moglegheita til å kvalifisere seg etter internasjonal standard,...
Publisert: 08.11.2023 kl 14:44 - Oppdatert: 08.11.2023 kl 18:39
Som Møre melde tidlegare onsdag, så vart det gjennomført ein aksjon i Molladalen. Mellom anna var to helikopter i aksjon i tillegg til mannskap frå redningsgrupper.
Publisert: 07.11.2023 kl 11:40
Tysdag formiddag har politiet hatt trafikkontroll med fokus på tungbilar på E39 Nørestranda.
Publisert: 05.11.2023 kl 08:58
NRK melder at ein person er frakta til sjukehus etter det politiet beskriv som ei grov valdshending i Ørsta.
Publisert: 02.11.2023 kl 16:05 - Oppdatert: 02.11.2023 kl 16:23
Med 19 mot 14 røyster har kommunestyret i Ørsta godkjent Vegvesenet sin plan for ny veg på Liadal. Seks eigedomar langs vegen vert råka av vedtaket, og fleire hus må rivast.
Publisert: 01.11.2023 kl 15:54
Olav Øyehaug Opsvik (33) er i styremøte i dag tilsett som ny direktør i Nynorsk kultursentrum. Han blei presentert for dei tilsette på eit allmøte i ettermiddag. Øyehaug Opsvik tek over stillinga 27. november.
Publisert: 01.11.2023 kl 15:40 - Oppdatert: 01.11.2023 kl 15:43
Naudetatane rykker ut til melding om ei trafikkulukke på E39 ved Nordre Vartdal.
Publisert: 31.10.2023 kl 16:00
Student-tv ved Høgskulen i Volda skal lage dokumentarserie om Volda Handballklubb. Serien «Volda Handball – veien tilbake» følgjer klubben sin kamp for å rykke opp igjen til eliteserien.
Publisert: 31.10.2023 kl 14:33
Facebooksida Politiets Nettpatrulje i Møre og Romsdal er no open igjen etter den blei stengt laurdag.
Publisert: 31.10.2023 kl 09:28
Fjord1 HoldCo AS som er eigd 50-50 av Havila Holding og Vision Ridge Partners, sel Fjord1 til eit konsortium av dei europeiske fonda Dif Capital Partners og EDF Invest.
Publisert: 30.10.2023 kl 15:31 - Oppdatert: 30.10.2023 kl 16:20
Det er spørsmålet uroa Volda-innbyggjarar stiller til Statens vegvesen. Dei syner til planomtalen av rundkøyringsløysinga i Sjukehuskrysset, der det ser ut som det berre vil vere trapp frå gang- og sykkelvegen og opp til VoldaPortalen.
Publisert: 29.10.2023 kl 14:00
VTI Fotball tapte bortekampen mot serieleiar Eidsvold Turn, samstundes som Spjelkavik vann 4-0 mot Florø. Dermed hamnar Volda under streken, og Spjelkavik bergar plassen i siste runde.
Publisert: 29.10.2023 kl 07:00
Volda må ha eit resultat mot serieleiar Eidsvold Turn, og kanskje treng dei også at andre resultat går deira veg for å unngå nedrykk frå 3. divisjon. – Vi reiser nedover med ein intensjon; levere ein god kamp, spele på resultat og frustrere serieleiaren, seier Volda-trenar Arild Hagen...
Publisert: 28.10.2023 kl 16:00
Onsdag kveld vart Volda Handballklubb klare for ein historisk NM-kvartfinale etter siger mot Junkeren på bortebane i Bodø. Søndag spelar dei toppkamp i 1. divisjon på bortebane mot Haslum.
Publisert: 27.10.2023 kl 15:59
Politiet melder at det blir redusert framkomst på E39 Nørestranda i høve berging av eit køyretøy. Det vert manuell dirigering på staden medan arbeidet går føre seg.
Publisert: 26.10.2023 kl 14:45 - Oppdatert: 26.10.2023 kl 14:50
Torsdag har det vore konstituerande møte for det nye kommunestyret i Volda. Sitjande ordførar og varaordførar, Sølvi Dimmen (Sp) og Sverre Leivdal (Ap), vart samrøystes attvalde for den komande perioden.
Publisert: 26.10.2023 kl 14:10 - Oppdatert: 26.10.2023 kl 14:17
Volda skal møte Sola på heimebane i kvartfinalen i Noregsmeisterskapen i handball.