Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 20.12.2018 kl 13:00
Ei kvinne i Ørsta tok med seg barnebarna ned i fjøra for å finne krabbe. Men det som møtte dei var uventa.
Publisert: 14.12.2018 kl 13:00
Over 77.000 menneske i Noreg har demens. I fjor skreiv Volda kommune under på at dei ville bli ei demensvennleg kommune, og no er arbeidet i gang.
Publisert: 13.12.2018 kl 13:00
Mange gler seg til nyttårsaftan. Mange rakettar som smell og fargar himmelen i nydelege fargar. Men det er ikkje alle som er like glad i desse smella. Særleg ikkje våre firbeinte vener.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 10.12.2018 kl 19:45 - Oppdatert: 11.12.2018 kl 13:22
Lillan Hellebust må innrømme at ho kipte seg og vart litt skremd då det rista i huset hennar måndag kveld.
Publisert: 01.12.2018 kl 13:00
Så mykje som halvparten av dei som døyr i brann har ikkje fungerande røykvarslarar. Difor er det ekstra viktig at ein no nyttar røykvarslardagen, 1. desember, til å byte batteri i røykvarslarane sine. Det kan vere ei billeg livsforsikring, dersom brann oppstår.
Publisert: 25.11.2018 kl 18:21 - Oppdatert: 25.11.2018 kl 21:25
Politiet melder at ein no går ut i frå å finne den sakna kvinna omkomen. Dermed vert redningsaksjonen etter den sakna Maya planlagt og organisert av politiet, men Røde Kors vert ein viktig samarbeidspartnar.
Publisert: 24.11.2018 kl 15:28 - Oppdatert: 24.11.2018 kl 22:26
Politiet vil kome i kontakt med ein person som kan ha gjort viktige observasjonar av Maya.
Publisert: 24.11.2018 kl 15:00 - Oppdatert: 24.11.2018 kl 20:59
Torgeir Hovden Standal sende søkjelekkje på søkjelekkje ut i skog og mark heile laurdag. På den måten har dei undersøkt meter for meter i terrenget frå Døgnmagasinet og oppover.
Publisert: 24.11.2018 kl 13:50 - Oppdatert: 25.11.2018 kl 08:01
Politiet har sperra av eit område. Det er ikkje gjort funn av nokon person.
Publisert: 24.11.2018 kl 07:00 - Oppdatert: 24.11.2018 kl 09:55
Etter at leiteaksjonen etter Maya vart sett i gong er det mange som vil vise at dei set pris på arbeidet leitemannskapet gjer. No er det sett i gong eit spleiselag for det frivillige leitemannskapet.
Publisert: 19.11.2018 kl 18:00
Tidlegare eigar av sentrumstomtene i Ørsta vil ha tomtene tilbake, då ho i 2007 opplevde at dei vart tatt frå henne ved tvungen grunnerverv.
Publisert: 18.11.2018 kl 18:00
I budsjettframlegget til Ørsta kommune vil ein kutte kroner 150.000,- på brøyting av private parkeringsplassar ved Bondalseidet. Dette er ikkje skisenteret nøgde med.
Publisert: 17.11.2018 kl 18:00
Tine Meieriet Ørsta har gjennom Internastional Food Contest fått sølvmedalje for osten Snøfrisk kvit geitost. Konkurransen vert halden i Herning i Danmark. - Dette viser at vi har dyktige folk på meieriet som kan faget sitt, seier meierisjefen i Ørsta. Neste gong går dei for gull.
Publisert: 13.11.2018 kl 13:00
Vi er i slutten av året og mange foreldre har alt brukt opp kvoten for å vere heime med sjukt barn. Det passar dårleg no når halsbetennelse, influensa og oppkastsjuka set inn.
Publisert: 05.11.2018 kl 22:00
Malin Sæterøy skaut imponerande 248 poeng på miniatyrstemnet i helga.
I helga arrangerte Vartdal skyttarlag miniatyrstemne på same tid som i Ørsta og Volda. Det var god deltaking frå heile fylket, samt nabofylka i sør og aust. 73 skyttarar deltok frå i alt 20 skyttarlag.
Publisert: 30.10.2018 kl 15:00
Det er rekna ein svak folketalsvekst i Ørsta frå 2018–2028. Det viser fylkesstatistikken til Møre og Romsdal.
Publisert: 30.10.2018 kl 12:00 - Oppdatert: 30.10.2018 kl 16:30
Mange barn gler seg til å kle seg ut og gå knask eller knep saman med vennane sine. Dessverre går også mange med klump i magen fordi dei ikkje har nokon å gå med. Det meiner mobbeombod Kristin Øksenvåg foreldre må gjere noko med!
Publisert: 17.10.2018 kl 16:27
Tonane sitt i veggane enno, og mange har flotte musikalske minner frå huset. No vert Driveklepphuset snart historie.
Publisert: 23.02.2018 kl 18:00
Eirik Risholm Velle (30) frå Ørsta, vart ferdigutdanna skodespelar i 2013. No reiser han rundt på turne i Noreg med Riksteateret sin musikal Trollmannen frå Oz, der han spelar fugleskremsel.
Publisert: 15.02.2018 kl 10:48 - Oppdatert: 15.02.2018 kl 10:53
For 22. gong kunne to linjer ved Volda vidaregåande skule presentere ein profesjonell musikal. Denne gongen var det den nyskrivne «Cry Wolf». Tekstene og melodiane til gruppa A-ha viste seg å vere ypparlege til å lage ein spennande, lidenskapeleg og sterk musikal av. Alle som medverka ytte...
Publisert: 05.02.2018 kl 09:59
Etter at Skappelgenser-bølgja slo innover landet i 2011, har strikkeinteressa også i Volda halde seg høg. No er det islandske mønster, Ganni-inspirerte genserar og gamle travarar som Marius og Nancy som er ekstra «hot» i Sunnmørsbygda.
Publisert: 30.01.2018 kl 08:35
Namnestatistikken for dei mest populære namna i 2017 er klar. Statistisk sentralbyrå kan avsløre at det er namna Sofie og Jakob som toppar listene i Noreg i 2017. På Søre Sunnmøre er det litt annleis.
Publisert: 23.01.2018 kl 11:58 - Oppdatert: 02.02.2018 kl 10:22
Statens vegvesen melder at det har kome inn seks tilbod på prosjektet Ørsta bussterminal og at dei ho har gitt tilbodet til Aurvoll og Furesund AS.
Publisert: 20.01.2018 kl 07:00 - Oppdatert: 20.01.2018 kl 10:09
Knut Hustad er ikkje eining med Synnøve Rekkedal Hill som vil ha 60 km/t sone gjennom Bondalen. Han meiner at dette vil føre til fleire forbikøyringar og eit meir aggressivt trafikkmiljø.