Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 24.11.2017 kl 18:00
Dei siste seks åra har det kome 30 nye husstandar til Austefjord, av desse er 15 barnefamiliar. Området har mykje å by på både når det gjeld fritidstilbod, vakker natur og inkluderande folk.
Publisert: 23.11.2017 kl 07:00
Det kan skje så ufatteleg mykje på nettet. Ein kan snakke med vener, spele spel, sende bilde og mykje meir. Men det ein ikkje veit er kven som sit i den andre enden og tek imot meldingane du sender. Janne Ringset Heltne veit veldig mykje om kor fort det kan skje ei overgrepssak på nettet.
Publisert: 20.11.2017 kl 07:00
Frøydis frå Skjåstad synest det er dumt at ikkje borna på Bjørke vert spurde når det gjeld skulegang i Austefjorden eller Hornindal. - Det synest eg er dumt, for det er jo ikkje dei som bestemmer som skal gå på skule. l ei sak som denne bør elevane bli spurt om kva dei vil, skriv ho til...
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 19.11.2017 kl 07:00 - Oppdatert: 04.01.2018 kl 09:54
I år får Christian Gaard kulturprisen til Ørsta kommune. Det har levekårsutvalet i Ørsta vedteke.
Publisert: 18.11.2017 kl 13:00
Kven bør vinne Frivilligprisen 2017? 1. desember er fristen for å sende inn forslag til kandidatar. – Dette er kommunen sin måte å seie tusen takk for det utruleg viktige arbeidet dei frivillige gjer for Volda, seier varaordførar Fride Sortehaug.
Publisert: 17.11.2017 kl 18:00
Kishore hadde aldri sett føre seg eit liv utanfor India, men no bur han i ei hytte på fjellet ovanfor Rotevatnet, lærer seg norsk, studerer mastergrad og er yogainstruktør både i Volda og Ørsta. Alt dette samstundes som han jobbar med ein spennande forskingsrapport.
Publisert: 17.11.2017 kl 07:00
Voldingane og ørstingane har blitt flinkare på å sortere plast, men framleis droppar alt for mange sorteringa og lar plasten gå rett i restavfallet.
Publisert: 16.11.2017 kl 07:00
Janne Moe (26) og Elin Kalvatn Moe (22) er to av Volda sine yngste næringsdrivande. Dei er opptekne av å løfte fram Volda og halde liv i gatehandelen, og laurdag går dei saman og inviterer til ein «steikje bra kundedag».
Publisert: 15.11.2017 kl 07:00
Møre fekk denne veka ein mail i frå ein lesar, som ikkje var nøgd med at det var mangel på markering av fartsdumpar fleire plassar i Volda kommune.
Publisert: 14.11.2017 kl 07:00
Volda kommune har motteke ein førespurnad frå selskapet Pets 2 Rest AS, som tilbyr eit samarbeid mellom dei og kommunen av kremering av kjæledyr, hovudsakleg kattar og hundar.
Publisert: 12.11.2017 kl 18:00
Elias Moe har merka store helsegevinstar etter at han byrja å drikke te av chaga, også kalla kreftkjuke. Ved ei tilfeldigheit kom han over det som truleg er verdas kraftigaste antioksidant.
Publisert: 12.11.2017 kl 07:00 - Oppdatert: 04.01.2018 kl 09:55
Bebuarar i Eliholen krev at skilta i Osgeila vert flytta slik dei køyrer lovleg til og frå sentrum frå Osgeila.
Publisert: 11.11.2017 kl 07:00 - Oppdatert: 13.11.2017 kl 12:42
Ørsta kommune har laga ein lokal rammeplan som består av Ivar Aasen, uteborn og nynorsk.
Publisert: 10.11.2017 kl 18:00
Politiyrket var ikkje ein draumejobb då ho var lita, men i dag er Janne Ringset Heltne frå Hovdebygda, sterkt involvert i operasjon «Dark Room», og no kan ikkje ho tenkje seg å byte jobb med nokon.
Publisert: 10.11.2017 kl 07:00 - Oppdatert: 10.11.2017 kl 11:30
Farmen-Kristian er kanskje Vassendgutane sin største fan. Nyleg fekk han treffe og syngje med bandet under ein konsert i Bergen, og på laurdag vert reportasjen vist på God kveld Norge.
Publisert: 07.11.2017 kl 07:00 - Oppdatert: 07.11.2017 kl 08:40
Det var mykje latter og moro då fire musikkstudentar overraska med song, musikk og utdeling av sveler på ferja. Fredag tok studentane eksamen midt i rushtida, med ferjepassasjerane som publikum.
Publisert: 03.11.2017 kl 18:00
Gunnar Strøm (SV) har arbeidd i mange år for at Volda skal få kulturhus, og seier InnOvata er det største politiske nederlaget han har opplevd. No går enno eit kulturhus-prosjekt over ende, men Gunnar gir seg ikkje av den grunn.
Publisert: 02.11.2017 kl 07:00
Ein mann i slutten av 30-åra er tiltalt for ti overgrep mot jenter via sosiale media.
Publisert: 27.10.2017 kl 18:00
Heilt sidan ho var lita jente, har ho kjent på at ho ikkje er som alle andre. Ho viste ikkje då kva det var, men i dag les ho blant anna energien til folk og kan fortelje kor nøkkelen du mista har tatt vegen.
Publisert: 27.10.2017 kl 07:00
Ingeborg Sævik Heltne fann eit lite piggsvin utanfor inngangsdøra si. Ho har teke vare på det i ei veke, og den vesle krabaten skal snart få ein ny mellombels heim.
Publisert: 26.10.2017 kl 07:00
Ørsta ligg på topp i Møre og Romsdal når det gjeld hogstvolum. Dette kjem av skogplantinga i perioden 1951–1960.
Publisert: 23.10.2017 kl 07:00
Fylkesstatistikken for 2017 viser at det, per 1. januar 2017, bur flest på 20–29 år i Volda, medan det bur minst av dei på 13–15 år. Dette er akkurat det same som i fjor.
Publisert: 21.10.2017 kl 07:00 - Oppdatert: 21.10.2017 kl 15:31
Ein mann frå Søre Sunnmøre er sikta for å oppbevare ulovlege bilete og filmar av overgrep mot barn.
Publisert: 20.10.2017 kl 18:00
Therese Moe Øye, Linda Eirin Eiken og Miranda Tryggeset gjekk Grønland på tvers utan guide, under svært utfordrande vêrforhold. – Vi fekk høyre at det var det verste vêret som har vore på frykteleg lenge medan nokon har kryssa.
Publisert: 20.10.2017 kl 07:00
Fylkesstatistikken for 2017 viser at det er fleire personar som vert 67 år eller eldre i både Volda og Ørsta.