Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 06.11.2021 kl 13:40 - Oppdatert: 06.11.2021 kl 13:43
Gratiskonserten under den offisielle opninga av Volda Campus Sparebank1 Arena samla godt over 600 i publikumsrekkjene.
Publisert: 06.11.2021 kl 11:00
I løpet av to dagar har 900 elevar ved folkehøgskular og vidaregåande skular frå heile Sunnmøre og Nordfjord vore med på Utdanningsdagane 2021 ved Høgskulen i Volda.
Publisert: 06.11.2021 kl 07:00
Ekornes i Hornindal har eksistert i om lag 45 år, og aldri før har dei tilsette oppleve så mykje trafikk i ordreserveren. I tillegg er staben dobla på eitt år, nye maskiner er på plass og fabrikken har utvidingsplanar.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 05.11.2021 kl 18:00
Volda kommune har bede Volda idrettsråd om uttale i sak knytt til vidare bruk av Voldahallen. Idrettsrådet vil gjerne uttale seg, men treng litt meir tid.
Publisert: 05.11.2021 kl 15:31
Volda kommune har fått melding om to nye tilfelle av Covid-19. Begge er fullvaksinerte.
Publisert: 05.11.2021 kl 11:24
SpareBank 1 Søre Sunnmøre held fram med dei gode resultata i tredje kvartal, og kan vise til sterk vekst både på utlån og innskot. Resultatet før skatt var på 130,5 millionar kroner per tredje kvartal. Dette er ein auke på 21 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor.
Publisert: 05.11.2021 kl 07:00
Ørsta kommunestyre vert råda til å bruke ein million kroner inkl. mva til prosjektering, arkitekttenester og utarbeiding av anbodsgrunnlag for nytt lagerbygg på Ørstaterminalen sitt område, og prosjektering av framtidig lenging av kaia, etter ønskje frå Vik Ørsta AS.
Publisert: 04.11.2021 kl 18:00
Fylkeskommunedirektøren foreslår investeringar rundt om i fylket for til saman 7,2 milliardar kroner i perioden 2022–2025.
Publisert: 04.11.2021 kl 13:15
Når kommunedirektør Rune Sjurgard legg fram kommunebudsjettet for 2022 og økonomiplan for perioden 2022-2025 så peikar han på hovudtrekk som nye tiltak i oppvekstsektoren og pleie- og omsorgstenestene, bygging av ny Volda ungdomsskule og badeanlegg, auka eigedomsskatt og reduksjon i reservane...
Publisert: 04.11.2021 kl 10:00
Grodås Rifle Stock (GRS) har gjort stor suksess med å leggje om frå møbelproduksjon til spesialtilpassa geværskjefte, og over 90 prosent av inntekta kjem frå eksport. – Vi er ei av bedriftene på Vestlandet som leverer mest til utlandet.
Publisert: 04.11.2021 kl 07:00
Volda kommune har no lagt ut ei etterlysing på heimesidene sine knytt til nytt juletre.
Publisert: 03.11.2021 kl 18:00
Gutar fødde i 2012 og 2013 har i år tre lag i 9-årsserien, og sist helg skulle laga spele sine første kampar.
Publisert: 03.11.2021 kl 13:40 - Oppdatert: 03.11.2021 kl 15:29
Volda kommune har gjennomført tilbodsopning for totalentreprisen for bygging av nytt symjeanlegg i Volda sentrum. Det er kome to tilbod, frå HENT AS og Christie & Opsahl AS.
Publisert: 02.11.2021 kl 18:00
I kveld får du sjå Athina Øye (7) i «Bli med heim» på NRK Super. Dette er ein norsk dokumentarserie om born som veks opp i ulike familiar, og i Athinas tilfelle; i familie med ein litt annleis kvardag. Ho ynskjer å følgje fotspora til mora, Mariann Øye, om å verte hotelldirektør på...
Publisert: 02.11.2021 kl 14:30 - Oppdatert: 02.11.2021 kl 14:50
To bilar har kollidert ved Flyplasskrysset i Hovdebygda.
Publisert: 02.11.2021 kl 13:14
Volda kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19. Den smitta er kjend nærkontakt til tidlegare smittetilfelle.
Publisert: 02.11.2021 kl 13:16
Ørsta kommune har fått melding om at to fullvaksinerte har testa positivt på Covid-19. Begge har vore i nærkontakt med kjent smittetilfelle.
Publisert: 02.11.2021 kl 10:46
Lars-Petter Rønnestad forlet rolla som trenar for VTI Fotball sitt A-lag, og blir sportssjef i Bergsøy Fotball.
Publisert: 01.11.2021 kl 21:10 - Oppdatert: 01.11.2021 kl 21:36
Lars-Petter Rønnestad har trent Volda sitt A lag i fotball sidan 2019. No gir han seg som trenar.
Publisert: 01.11.2021 kl 18:00
Tidlegare statsråd Jon Georg Dale frå Volda gjekk inn som ny partnar i kommunikasjonsbyrået First House 1. november.
Publisert: 01.11.2021 kl 17:51
Volda kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19. Smittekjelda er kjend og skriv seg frå annan stad i landet.
Publisert: 01.11.2021 kl 13:17
– Influensasesongen nærmar seg og oppmodinga frå helsemyndigheitene og frå oss legane i Volda er klar. Ta influensavaksinen!
Publisert: 01.11.2021 kl 09:25
Kultur-, nærings- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har i møte den 26.10.21 løyvd 960.000 kroner som tilskot til sentrumsprosjektet i Volda.
Publisert: 31.10.2021 kl 20:35
Søndag kveld var det klart for toppkamp mellom Volda og Haslum Bærum. Det var lag nummer to og tre som møttest i Volda campus Sparebank 1 arena og heimelaget måtte ha siger mot Oslo-laget for å vere med heilt i toppen av 1.divisjon.
Publisert: 31.10.2021 kl 18:00
Volda kommunestyre var tydeleg delt når det kom til å løyve meir pengar til selskapet Voldsfjordkryssing AS. Til slutt vart det vedteke eit slags kompromiss.