Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 28.06.2021 kl 13:35
Formannskapet i Volda kommune forskoterer midlar til å gjere Volda til «Skravlekoppkommune». – Det er mange som er einsame, kanskje endå fleire under pandemien, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 28.06.2021 kl 07:00
Ifølgje barnehagelova har alle born busett i kommunen rett på barnehageplass. Seksjon barnehage i Ørsta har dei siste fem åra meldt frå om at det er behov for ein ny stor kommunal barnehage i sentrum.
Publisert: 27.06.2021 kl 18:00
Montasjar er eit prosjekt der musikk, dans og film går i møte med ein særeigen del av den kystnære industrihistoria: Produksjonen av båtmotorar og gir ved Volda mekaniske verkstad, som no heiter Brunvoll Volda AS. Under Dei Nynorske Festspela fekk publikum oppleve smakebitar av framsyninga som...
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 27.06.2021 kl 13:00
– Eg trong ikkje tenkje meg om då eg fekk spørsmålet om å vere festspeldiktar, seier forfattar Aina Basso. No ser ho fram til å treffe publikum under Festspela 9.–12. juni 2022.
Publisert: 27.06.2021 kl 10:11
Natt til søndag måtte politiet gripe inn fleire gongar for å sikre ro og orden i Ørsta sentrum
Publisert: 27.06.2021 kl 07:00
15. juni kunne endeleg hotellet i hjartet av Hjørundfjorden opne dørene att etter fleire månadar med ombygging. Det set også gjestane pris på, for det er allereie nesten fullt belegg fram til midten av august.
Publisert: 26.06.2021 kl 18:00
Sommarprogrammet for barnefamiliar 2021 er nær fullteikna, og både barn og ungdom har meldt seg på.
Publisert: 26.06.2021 kl 13:00
ASKO Eigedom AS har skrive kontrakt med PEAB – K. Nordang om første byggesteg av VoldaPortalen. Arbeidet byrjar til hausten, og sommaren 2023 skal det stå klare 30 innflyttingsklare leilegheiter på toppen av ny Kiwi-butikk.
Publisert: 26.06.2021 kl 10:00
Det vert sommarstengt på trafikkstasjonen i Hovdebygda i veke 27 og 28. Det vert heller ikkje mogleg å gjere verkstadkontroll denne perioden.
Publisert: 26.06.2021 kl 09:27
Natt til laurdag heldt høg musikk i Ørsta sentrum hotellgjestar våkne.
Publisert: 26.06.2021 kl 07:00
Marit Aklestad (SV) etterlyste i formannskapet ein overordna plan for nye masseuttak i Ørsta kommune, for å unngå mange skjemmande sår og interessekonfliktar i framtida. Ho fekk støtte frå fleire, men fleirtalet valte likevel å gje grønt lys til Berge masseuttak.
Publisert: 25.06.2021 kl 18:00
Ann Kristin Emblem (58) har teke i mot stillinga som studiedirektør ved Høgskulen i Volda, og skal ta til 1. oktober.
Publisert: 25.06.2021 kl 13:30 - Oppdatert: 25.06.2021 kl 13:34
VTI Fotball skal spele mot eliteserielaget Kristiansund BK i første runde av NM.
Publisert: 25.06.2021 kl 13:00
Selskapa som driv med rådgjeving og sal av straum i energikonserna Tussa, Tafjord, Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sognekraft slo seg saman ved nyttår. Det nye straumselskapet har no fått namnet Wattn.
Publisert: 25.06.2021 kl 07:00
I høve investeringsplan skal nytt 5.–7. skulebygg ved Velle skule stå ferdig innan utgangen av 2023. For å midlertidig bøte på stor plassmangel rår kommunedirektøren politikarane til å leige inn eit modulbygg, men formannskapet vil heller kjøpe dette.
Publisert: 24.06.2021 kl 19:50 - Oppdatert: 25.06.2021 kl 14:35
Datasystemet til biblioteket er nede etter at tenesteleverandøren har vore utsett for eit angrep frå hackarar.
Publisert: 24.06.2021 kl 18:00
Slyngstad Aamlid Arkitekter har no sendt ut nabovarsel på det nye bustad- og næringsbygget i Vikebygdvegen 2, på vegner av Asko Eiendom AS.
Publisert: 24.06.2021 kl 13:27
I 2020 gjekk 200 personar frå Furene AS til arbeid eller utdanning. Dette er det høgste talet i Furene AS si historie.
Publisert: 24.06.2021 kl 12:57
Grunnarbeidet til utbyggingsprosjektet «Fjord terrasse» i Strand-feltet ytst i Gamlevegen er i gang.
Publisert: 24.06.2021 kl 07:00
Ørsta rådhus er så slite at vindauge og pyntesøylar på bygget står i fare for å lausne og falle ut. Administrasjonen vil løyve tre millionar frå driftsbudsjettet til nye vindauge og andre sikringstiltak, men formannskapet meiner det vert å bokstaveleg talt kaste pengar ut vindauget. Dei...
Publisert: 23.06.2021 kl 18:00
Innan 14 dagar vil ei bubilparkering bak Hamna 20 bli klar for sommarturistar. Der blir det innlagt vatn og ladepunkt til bubilane.
Publisert: 23.06.2021 kl 15:40
Ifølgje Møre-Nytt har eigarane av Alti kjøpt Ørsta Torg frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre for 1 krone.
Publisert: 23.06.2021 kl 14:29
Volda kommune opplever utfordringar med å få folk til å møte til vaksinetimen sin i ferietida. Over 100 personar har kontakta kommunen og avbestilt timen sin.
Publisert: 23.06.2021 kl 13:22
Viti og volda kommune har markert eigarskiftet på Anders Svor museum i Hornindal.
Publisert: 23.06.2021 kl 07:00
Årets Trandalblues går av stabelen 2.–3. juli, og i år vert det ein litt annleis festival då ein må ta omsyn til gjeldande smittevernreglar