Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 08.06.2021 kl 09:13
Ein bilførar miste førarkortet i ein fartskontroll på E39 i Ørsta natt til tysdag.
Publisert: 07.06.2021 kl 18:00
I desse dagar reiser klubbvegleiar i Norges volleyballforbund, Kate Sønstebø, rundt med bubilen Morgan i sandvolleyballprosjektet Sandasol. Kvar dag møter ho nye klubbar. Ho vekslar på kven ho har med seg på turen. Då ho kom til Volda hadde ho med juniorlandslagstrenar i sandvolleyball,...
Publisert: 07.06.2021 kl 12:05 - Oppdatert: 07.06.2021 kl 12:24
Det er ei gledeleg tid for brukarane av Sollidalsvegen. I dag, tysdag og onsdag vert den asfaltert.
Publisert: 07.06.2021 kl 15:50 - Oppdatert: 07.06.2021 kl 16:03
Eiksundtunnelen har vore stengt ein kort periode grunna bilstans.
Publisert: 07.06.2021 kl 09:30 - Oppdatert: 07.06.2021 kl 15:48
Måndag morgon gjekk brannalarmen på Spinneriet etter branntilløp i eit lysarmatur.
Publisert: 07.06.2021 kl 08:35 - Oppdatert: 07.06.2021 kl 08:49
Politi og ambulanse er på veg til Smalebakken i Volda sentrum etter melding om motorsykkelvelt.
Publisert: 07.06.2021 kl 07:00
Langs Hagevegen/Sætrebakkane, og fleire stadar i Ørsta kommune, er det mange utan førarkort som er avhengige av andre for å handle mat, medisin og kome seg på behandlingar. No har ein innbyggjar kome med innspel om busstilbodet til Ørsta kommune.
Publisert: 06.06.2021 kl 18:00
Volda kommune har tidlegare annonsert at det attraktive næringsområdet på Rotset er for sal, og aktuelle kjøparar kunne melde seg til kommunen innan 21.05.21.
Publisert: 06.06.2021 kl 14:48
Ein bilførar har fått førarkortet kverrsett etter at UP målte farta til 142 km/t på Kvivsvegen.
Publisert: 06.06.2021 kl 12:44
Utrykkingspolitiet skreiv ut 12 fartsbøter under ein kontroll i Hornindal søndag formiddag. Ein sjåfør vart også anmeld for å køyre 89 km/t i 60-sona.
Publisert: 06.06.2021 kl 07:00
Ørstabedrifta Fora Form lanserer no ein ny stol som eignar seg godt til «2021-arbeidskvardagen», nemleg stolen DWELL.
Publisert: 05.06.2021 kl 18:00
Tysdag er Volda formannskap invitert til å godkjenne sluttrapporten for si deltaking i Volda Campus Sparebank 1 Arena. Det vart rimelegare enn venta.
Publisert: 05.06.2021 kl 17:00
1. Juni var det varsla prisauke på trevarer nasjonalt grunna høg etterspurnad og problem med leveransar. Vi vitjar Obs Bygg Volda for å høyre korleis dei opplevde dagane før den varsla prisauken.
Publisert: 05.06.2021 kl 14:00
I årevis er det leita etter ei løysing for ungdomsklubben i Volda. Det siste forslaget er at Samfunnshuset kan få nytt liv som Ungdomens Hus.
Publisert: 05.06.2021 kl 12:00
I glansdagane til telefonkioskane var telefonkatalogen einaste tilgjengelege litteratur i dei små raude boksane. No blir 100 av dei verna telefonkioskane i Noreg pussa opp og gjorde klare til å bli lesekioskar. Det gjeld også telefonkiosken Prillar-Guri på Bjørke.
Publisert: 05.06.2021 kl 07:00
Formannskapet vil ikkje løyve pengar frå drift til naudsynt brannsløkking av rådhuset i Ørsta, då dette vert å kaste pengar ut vindauget. No bed dei om at ein startar prosessen med å oppgradere og betre det mest naudsynte, slik at ein kan ta midlane frå investeringsbudsjettet.
Publisert: 04.06.2021 kl 20:30
Partia på Stortinget syner å vere samde om at det skal løyvast oppstartsmidlar til Strynefjellsvegen i første periode av Nasjonal Transportplan, men regjeringspartia og opposisjonen er ikkje samde om kor mykje som skal løyvast. No åtvarar Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) mot ein krangel der...
Publisert: 04.06.2021 kl 20:00
Arbeiderpartiet har forandra forslaget sitt til Nasjonal Transportplan. Dei legg inn oppstartsmidlar til ny Rv 15 Strynefjellet, i staden for berre planleggingsmidlar. – Dette inneber at optimismen for oppstart av ny tunnel med arm til Geiranger, aldri har vore større, seier varaordførar Sverre...
Publisert: 04.06.2021 kl 19:30
- No er det ingen tvil: Det BLIR ny tunnel på Rv15 Strynefjellet – kampen er vunnen!, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) etter at regjeringspartia er samde om å legge inn 500 millionar kroner til oppstart i første periode av NTP.
Publisert: 04.06.2021 kl 18:00
Kristin Rødven Eide fekk nyleg antatt fem bilete og heiderleg omtale for to bilete under Landskonkurransen til Norges Fotografforbund.
Publisert: 04.06.2021 kl 15:21
Ved midnatt natt til fredag vart det brot i forhandlingane mellom arbeidstakarorganisasjonen Unio og arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, og 313 av Unio sine medlemmar vart med dette tatt ut i streik.
Publisert: 04.06.2021 kl 14:50 - Oppdatert: 04.06.2021 kl 15:01
Fredag ettermiddag nmelder 110-sentralen om ein ulmebrann i terrenget i Hornindal. Truleg brannårsak er oppgitt som saueskit som har sjølvtend.
Publisert: 04.06.2021 kl 13:13
Volda kommune er klar til å signere kontrakt for bygging av ny ungdomsskule i sentrum.
Publisert: 04.06.2021 kl 07:00
Ørsta formannskap er positive til Stad skipstunnel, som opnar for båtrute nordover og sørover med stoppestad på Søre. I formannskapet vart stoppestadar drøfta. Rjåneset og Berkneset er nemnt som alternativ tidlegare.
Publisert: 03.06.2021 kl 18:00
Prosjektleiar Rune Totland orienterte måndag Tenesteutval for forvaltning og utvikling om flaumsikringsprosjektet i Gjølelva.