Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 03.06.2021 kl 14:00
Når pandemien gjer at Kortfilmfestivalen i Grimstad ikkje kan nå ut med programmet sitt på tradisjonelt vis, så kjem heller festivalen til ein kino nær deg. Volda Filmteater er ein av 12 utvalde kinoar som skal syne frå programmet til Kortfilmfestivalen.
Publisert: 03.06.2021 kl 11:26
Islandske Katrín Tinna Jensdóttir har i dag signert for Volda Handball og blir i klubben dei neste 2 åra.
Publisert: 03.06.2021 kl 08:00 - Oppdatert: 03.06.2021 kl 08:01
Seint onsdag kveld vart ein mann tatt hand om i Volda sentrum.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 02.06.2021 kl 18:00
Tenesteutval for forvaltning og utvikling vedtok måndag at strekninga Engesetvegen-Sjukehusvegen vert forkøyrsveg. Samstundes vart det vedteke å sette ned fartsgrensa til 40 km/t.
Publisert: 02.06.2021 kl 16:26
Tussa IKT AS har sendt ut varsel til kundane sine om ein svindelkampanje på SMS. Svindelen byrja å florere i april, men har berre auka i omfang.
Publisert: 02.06.2021 kl 11:30
Hallstein Saunes er tilsett som ny administrerande direktør i arbeids- og inkluderingsverksemda Furene AS.
Publisert: 02.06.2021 kl 10:14
Frå midnatt 2. juni opnar kommunane på Søre Sunnmøre for at barne- og ungdomsidretten kan spele treningskampar på tvers av kommunegrensene.
Publisert: 02.06.2021 kl 07:10
Natt til onsdag tok politiet ein mann i Volda.
Publisert: 01.06.2021 kl 21:00 - Oppdatert: 01.06.2021 kl 22:16
Like før kl. 20.30 tysdag melde politiete om bustadbrann på Vartdal. Dei melde også at E39 vart stengt på grunn av brannen.
Publisert: 01.06.2021 kl 18:00
Brunvoll har inngått kontrakt med det franske verftet OCEA SA, for levering av hybrid framdriftssystem til to CTV (Crew Transfer Vessel) bestilt av Louis Dreyfus Armateurs i samarbeid med Tidal Transit.
Publisert: 01.06.2021 kl 13:00
Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) vart nyleg kåra til beste leverandør av emballasje av glas og metall i første kvartal av 2021.
Publisert: 01.06.2021 kl 10:00
Søndag vart det arrangert konvoi frå Stryn til Grotli for å markere kor viktig denne vegstrekninga er, og at vi må få ein føreseieleg veg over dette viktige aust/vest sambandet. Mange frå Volda og Ørsta stilte i konvoien.
Publisert: 01.06.2021 kl 07:00
Anbodskonkurransen er avslutta og dei innkomne tilboda syner at prosjektet ikkje har tilstrekkeleg finansiering for å kunne fullførast i samsvar med kommunestyret sine føringar. Det billigaste tilbodet kostar over 13 millionar kroner.
Publisert: 31.05.2021 kl 18:00
Sunnmøre Mållag har vedteke at målprisen frå Sunnmøre mållag i år går til diktar, skribent og artist Runar Gudnason frå Hovdebygda i Ørsta.
Publisert: 31.05.2021 kl 15:59
Måndag ettermiddag, like før klokka 16, rykte Ørsta brann og redning ut til eit trafikkuhell ved Kyrkjegata 99.
Publisert: 31.05.2021 kl 14:17
Naudetatane rykte måndag i 14-tida ut til melding om eit trafikkuhell ved Skarbøen i Hjørundfjorden.
Publisert: 31.05.2021 kl 11:30 - Oppdatert: 01.06.2021 kl 10:23
Fredag var heile skulen endeleg samla i aulaen igjen, 14 månader etter at pandemien tok kvardagen vår. Denne veka har vi hatt ei alternativ Grand Prix veke der alle klassene har laga ein musikkvideo.
Publisert: 31.05.2021 kl 10:05 - Oppdatert: 31.05.2021 kl 10:11
Dans er eit eige språk som passar godt til å formidle kjensler. Showet som Ørsta og Volda ballettskule presenterte i helga ville vise alt det vakre livet kan by på, spesielt om våren.
Publisert: 31.05.2021 kl 07:00
På grunn av arbeida med nybygg og ombygging vil Hotel Union Øye berre halde ope ein avgrensa periode mellom 15. juni og 19. september i år. Hotellet søkjer om å få nytte nye skjenkeareal i denne perioden.
Publisert: 30.05.2021 kl 17:00 - Oppdatert: 30.05.2021 kl 17:47
Heilt sidan midten av 1890-talet har familien til Stine-Pernille Hamre Lødemel drive handel på Grodås. Etter 19 års pause har dei opna opp att «O.P. Lødøen`s eftf.». Her sel dei garn, koppar, sjokolade og har kafé.
Publisert: 30.05.2021 kl 09:05 - Oppdatert: 30.05.2021 kl 09:07
I dag er alle invitert til å vere med i konvoi frå Stryn til Grotli for å markere kor viktig denne vegstreninga er og at vi må få ein forutsigbar veg over dette viktige aust/vest sambandet.
Publisert: 30.05.2021 kl 07:10 - Oppdatert: 30.05.2021 kl 07:14
Natt til søndag vart ein ung mann sett i arresten etter at han gjekk til åtak på politiet.
Publisert: 30.05.2021 kl 07:00
Stortinget har denne våren løyvd til saman 1,75 milliardar til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, på grunn av pandemien. Ørsta kommune er samla tildelt kr 1.621.249 i to rundar.
Publisert: 29.05.2021 kl 18:00
Ørsta Bil AS leverer i desse dagar ut 17 Ford Mustang Mach E til spente kundar på heile Søre Sunnmøre, og framover sommaren kjem enno fleire leveringsklare Mustangar til Ørsta.
Publisert: 29.05.2021 kl 13:00
Tussa Installasjon trur på ei strålande framtid for solenergi, og syner til solskinshistoria frå Høgskulen i Volda, der 570 solcellepanel no produserer over 100.000 kWh i året.