Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 29.05.2021 kl 18:00
Ørsta Bil AS leverer i desse dagar ut 17 Ford Mustang Mach E til spente kundar på heile Søre Sunnmøre, og framover sommaren kjem enno fleire leveringsklare Mustangar til Ørsta.
Publisert: 29.05.2021 kl 13:00
Tussa Installasjon trur på ei strålande framtid for solenergi, og syner til solskinshistoria frå Høgskulen i Volda, der 570 solcellepanel no produserer over 100.000 kWh i året.
Publisert: 29.05.2021 kl 07:00
Ørsta kommune har utarbeidd framlegg til ny reguleringsplan for flyplasskrysset, og det vert vist til to alternativ for ny rundkøyring. Nordplan AS er nytta som planfagleg konsulent.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 28.05.2021 kl 18:00
Fylkesleiar Frank Sve i Møre og Romsdal FrP er overtydd om at Rv. 15 Strynefjellet, med arm til Geiranger, no vert lagt inn i Nasjonal Transportplan (NTP). Fleire parti har samla seg om dette prosjektet.
Publisert: 28.05.2021 kl 16:00
Stortinget har vedtatt å bygge Stad skipstunnel, sannsynleg opning i 2025. - Dette gir utviklingsmoglegheiter som ein bør drøfte i Ørsta, både med omsyn til mogleg hurtigbåtrute mellom Bergen-Ålesund/Trondheim og auka godstransport.
Publisert: 28.05.2021 kl 13:00
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert i år delt på nyhendeankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2.
Publisert: 28.05.2021 kl 07:00
Naturfestivalen og Saudehornet rett opp går av stabelen også i sommar, med stort fokus på smittevern.
Publisert: 27.05.2021 kl 18:00
Rv. 15 over Strynefjellet ligg ikkje inne med midlar i regjeringa sitt framlegg til Nasjonal transportplan (NTP). Det ynskjer Ap å gjere noko med.
Publisert: 27.05.2021 kl 15:43 - Oppdatert: 27.05.2021 kl 16:05
Ørjan Håskjold Nyland, som for tida har kontrakt med Norwich City FC, er tatt ut til landslagstroppen til treningskampane mot Luxembourg og Hellas.
Publisert: 27.05.2021 kl 15:00
Fleire har spurt om kva aktiviteten på marka ved sjukehuskrysset i Volda er for noko. Møre ringjer grunneigar Hans Halkjelsvik for å få ei oppklaring.
Publisert: 27.05.2021 kl 14:00 - Oppdatert: 27.05.2021 kl 15:58
Gjennom heile sommaren blir ordførar Sølvi Dimmen å sjå langs vegane i Volda på elsykkelen sin. Ordføraren har ambisjon om å vitje alle grendene i kommunen, og inviterer innbyggjarar, grendelag og bedrifter til å ta kontakt.
Publisert: 27.05.2021 kl 12:00
Utbyggarane av næringsparkane på Digerneset og på Eid vil no bygge ut næringspark i Volda. Retail Eiendom AS er i gang med å bygge Rema 1000 og Europris-butikk på Øvre Rotset, og vil no kjøpe resten av næringsområdet på andre sida av E39.
Publisert: 27.05.2021 kl 13:45
Politiet trur lekkasje i eit brannsløkkingsapparat førte til full utrykking i Vanylven torsdag formiddag.
Publisert: 27.05.2021 kl 10:00
I Volda vert det i sommar arrangert ein ny sommarskule for barn og unge, med eit breitt utval aktivitetar.
Publisert: 27.05.2021 kl 07:00
Vaksineteamet i Volda kommune skryt av oppslutninga for vaksinering blant voldingane. – Dei fleste takkar ja til vaksine og møter opp til timen dei får tildelt.
Publisert: 27.05.2021 kl 09:29
Natt til torsdag fekk ein bilførar kverrsett førarkortet etter å blitt målt til 117 km/t ve Sørheim på Fv 653 Eiksundsambandet.
Publisert: 26.05.2021 kl 16:05 - Oppdatert: 28.05.2021 kl 14:43
Kommunestyret i Volda har godkjent utbygginga av VoldaPortalen på Myrane. Der er planlagt 60 leilegheiter, kontor og butikk.
Publisert: 26.05.2021 kl 13:25
Neste veke er Volda tildelt rekordmange vaksinedosar. 708 dosar skal settast, fordelt over to vaksinedagar.
Publisert: 26.05.2021 kl 10:00 - Oppdatert: 26.05.2021 kl 10:36
I sommar kjem det ein viking til Volda. Med seg har han eit filmteam som skal lage film for Gyldendal si digitale storsatsing, Salaby.
Publisert: 26.05.2021 kl 07:00
– Vi har gjennom mange år investert betydeleg med både pengar og dugnadsinnsats på bana i kulturhuset. Vi mister mykje, og det å skulle starte på nytt ein annan stad er eit stort og tungt løft for ein pistolklubb. Vi er difor heilt avhengige i å snarast få på plass ny lokasjon.
Publisert: 25.05.2021 kl 21:37
Ordførar Sølvi Dimmen (Sp) seier at ho har stor tru på Volda sentrum og handelsbedriftene der, og at formuleringane ho nytta i formannskapet var uheldige. – Men eg har tru på at aktivitet skapar meir aktivitet, og gjer vi dette til ein kamp mellom indre og midtre sentrum kan det bli ei...
Publisert: 25.05.2021 kl 16:38
Dei som driv handel i Volda sentrum reagerer på at ordførar Sølvi Dimmen (Sp) omtala sentrumshandelen som ei katastrofe under førre formannskapsmøte. – Ein gjer ikkje akkurat Volda til ein attraksjon når ein kjem med slike uttalar. Det gjer noko med korleis andre ser oss,...
Publisert: 25.05.2021 kl 18:00
Langtidsvarselet er godt nytt for solhungrige sunnmøringar. Kommande helg kan det bli opp i 24 grader i Volda, og finevêret held fram ut i neste veke.
Publisert: 25.05.2021 kl 12:39
«Forfatterfruene» Vibeke Preus og Lisbeth Bergersen tek over Krumsvikhuset midt i Volda sentrum, og ønskjer å etablere kafe og gjestgiveri i det historiske bygget frå 1885.
Publisert: 24.05.2021 kl 18:00 - Oppdatert: 24.05.2021 kl 23:54
Høgskulelektor Hjalmar Eiksund (AHL) disputerer frå Store auditorium i Berte Kanutte-huset torsdag 27. mai, og interesserte kan følgje disputasen på video.