Publisert: 08.03.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 08.03.2019 kl 14:45
Onsdag 13. mars har russen innsamling til «Krafttak mot kreft», kreftforeininga sin årlege innsamlingsaksjon. – Vi håpar folk vil ta godt i mot oss når vi kjem rundt med bøssene, seier Julie Kolnes.
Dersom Nye Volda var eksisterande hadde Ørsta hatt nedgang og Volda stor oppgang i innbyggjartala:
10.449 i Nye Volda og 10.742 i Ørsta
Publisert: 07.03.2019 kl 20:00
Når Volda, Hornindal og Bjørke/Viddal slår seg saman til Nye Volda er plutseleg kommunen på eit innbyggjartal med fem siffer og går kraftig opp i innbyggjartal, medan Ørsta går ned, då dei misser innbyggjarane på Bjørke/Viddal.
Publisert: 07.03.2019 kl 13:00
Hammarbuda på Nordre Vartdal er lista mellom kulturminna med lokal verdi i Ørsta kommune sin kulturminneplan. Men no er den i så dårleg stand at den er til fare for omgjevnadane, og kommunen vurderer å rive den.
Publisert: 07.03.2019 kl 11:51
Ørsta kommune melder på sine sider at Ørstabarnehagen har fått tildelt Ørsta Mållag sin målpris for 2019.
Publisert: 07.03.2019 kl 07:00
7.000 pasientar frå 72 kommunar er ramma av medisinmangel, deriblant pasientar frå Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven.
Publisert: 06.03.2019 kl 18:00
Havila satsar på Hotel Raftevold i Hornindal. No skal hotellhagen totalrenoverast, og til sommaren vil ein passasjerbåt vere på plass på Hornindalsvatnet.
Publisert: 06.03.2019 kl 11:30 - Oppdatert: 02.04.2019 kl 16:18
Tidlegare ordførar Arild Iversen står øvst på Volda KrF si liste til det komande kommunevalet.
Publisert: 06.03.2019 kl 07:00
Utslepp av gummigranulat frå fotballbaner er eit stort miljøproblem, men VTI Fotball fortel at dei tek problemet på alvor. – Vi er i dialog med fleire aktørar om tiltak som skal hindre at gummigranulat kjem på avvege.
Publisert: 06.03.2019 kl 08:30 - Oppdatert: 06.03.2019 kl 13:30
Onsdag morgon har det vore to trafikkulukker på Vartdalstranda i løpet av kort tid.
Publisert: 05.03.2019 kl 18:00
Fredag 15. mars slepp Rotlaus si splitter nye låt «Meir av det gode».
Publisert: 05.03.2019 kl 13:57
Nye utrekningar syner at reguleringsarbeidet for Fv. 60 Tomasgard-Røyrhus bru kan koste kr. 9,6 mill. – Det ligg langt over tidlegare berekningar, og det gjer oss urolege for den vidare framdrifta, seier Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 05.03.2019 kl 08:45 - Oppdatert: 05.03.2019 kl 09:13
Politiet melder at ein mann er skadd i ei arbeidsulukke på Vikeneskaia i Volda sentrum.
Publisert: 05.03.2019 kl 07:00
Volda pensjonistlag har bidrege med 25.000 kroner til ny beintettleiksmaskin, ekstrautstyr og opplæring. – Jo fleire funksjonar sjukehuset har, jo sterkare står vi.
Publisert: 04.03.2019 kl 18:00
Under Møre og Romsdal Arbeidarparti sitt årsmøte 2.–3. mars, fremja Ørsta Arbeidarparti eit framlegg som sa at det er meiningslaust å leggje ned trafikkstasjonen i Hovdebygda. Framlegget fekk full støtte.
Publisert: 04.03.2019 kl 11:19
Marina Solutions i Ørsta har inngått kontrakt med Øygarden kommune om levering av flytemolo med kjellar og småbåthamn på innsida. Flytemoloen skal knytast til Ternholmen i Hjeltefjorden og vere ferdig installert i 2019.
Publisert: 04.03.2019 kl 13:41
Måndag har politiet skrive ut tre fartsbøter under ein trafikkontroll i Vikebygdvegen.
Publisert: 04.03.2019 kl 13:20 - Oppdatert: 04.03.2019 kl 13:44
Måndag like før kl. 13 vart Eiksundtunnelen stengt på grunn av bilstans.
Publisert: 01.03.2019 kl 16:10 - Oppdatert: 01.03.2019 kl 16:17
Tonje Aakre frå Ørsta er med i The Voice. Ho gir ei stor takk til den dyktige songlærar sin, Hildur Sandstad Dalen, ved Volda vidaregåande skule.
Publisert: 04.03.2019 kl 07:00
- Vi kjem til å ta Guinness-rekord i planlegging. Kommunen er veldig flinke til å kome med nye idear og planar for Volda, men lite vert realisert. No må vi kome i gong med prosjektet vi har starta på, slik vi får eit kulturhus i Volda, seier Milan Ilic (Ap).
Publisert: 04.03.2019 kl 09:13
Denne veka vert det redusert kapasitet på ferja Volda-Folkestad.
Publisert: 03.03.2019 kl 18:00
Onsdag kveld var medlemmar frå Stortinget sin finanskomité i Volda. Etter ei lang ferd gjennom fylket avslutta dei reisa på Det Grøne Treet, der Ørsta Høgre og Nye Volda Høgre hadde invitert til ope møte.
Publisert: 03.03.2019 kl 16:20 - Oppdatert: 04.03.2019 kl 10:13
Politiet varslar om lause høner på Engeset i Ørsta
Publisert: 03.03.2019 kl 13:00
Advokatane Knardal og Heggen satsar vidare i Volda sentrum, og flyttar til nye kontor i Skår-bygget.
Publisert: 03.03.2019 kl 07:00
Folkestad skule er plukka ut til å delta i eit stort internasjonalt forskingsprosjekt, Algae to Future (A2F), om bruk av algar i mat. Møre fekk vere med då 14 elevar baka brød med mikroalgar.
Publisert: 02.03.2019 kl 18:00
Hjartåbygda grendautval ber om at det vert lagt til rette for eit møte mellom involverte kommunar, grendautvala rundt Austefjorden/Bjørke, næringslaga i kommunane og Statens vegvesen knytt til Aldalen.