Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 28.09.2020 kl 08:38
Søndag kveld fjerna nokon eit brannsløkkingsapparat frå Eiksundtunnelen. Dermed gjekk alarme og det vart full utrykking.
Publisert: 28.09.2020 kl 07:00
Møre og Romsdal fylkeskommune har starta ein prosess med å tilpasse driftsnivået på ferje og hurtigbåt, med bakgrunn i vedtak frå Fylkestinget om at ferjeramma skal reduserast.
Publisert: 27.09.2020 kl 21:05
Volda fekk som venta ein tøff bortekamp mot Reistad søndag, men berga begge poenga etter å ha avslutta kampen best.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 27.09.2020 kl 18:00
Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) stilte nyleg eit skriftleg spørsmål om trafikkstasjonane til samferdselsminister Knut Arild Hareide. Ho er ikkje nøgd med svaret.
Publisert: 27.09.2020 kl 13:00
Alle tredjeklassingane frå skulane i Volda og Ørsta har den siste veka vore i Ivar Aasen-tunet og blitt betre kjende med språkforskaren Ivar Aasen.
Publisert: 27.09.2020 kl 07:00
Det ligg ikkje føre prioriterte midlar for strekninga E39 Volda ferjekai til Munken badeplass. – Utan prioriterte midlar kan vi ikkje gjennomføre tiltak for strekninga, seier Linda Heimen i Statens vegvesen.
Publisert: 30.09.2020 kl 14:25 - Oppdatert: 30.09.2020 kl 14:29
Vilkår for bruk av tenesta Familienytt mellom brukar og Møre.
Publisert: 26.09.2020 kl 18:00
På om lag ei veke har Volda kommune fått inn 215 søknader frå studentar som har meldt flytting til Volda og som ynskjer å få tildelt Voldakortet.
Publisert: 26.09.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:11
Denne veka dukka Amanda Sylte Tjugen (7) frå Hjartåbygda opp på barne-TV på NRK. Ho fortel at tilbakemeldingane har vore mange og gode.
Publisert: 26.09.2020 kl 10:05 - Oppdatert: 26.09.2020 kl 11:12
Laurdag like før kl. 10 oppstod det brann i ein bil inne i Hjartåbergtunnelen.
Publisert: 26.09.2020 kl 07:00
Den årlege sauesankinga er i gong og laurdag var mange bønder i fjellheimen for å hente heim att dyra sine. – Sauesankinga er ein veldig spesiell dag som eg alltid ser fram til, seier sauebonde Elias Moe.
Publisert: 25.09.2020 kl 20:00 - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:23
I bufellesskapet til Kristoffer Volden og Stephan Maurset er det installert fem røykvarslarar. I tillegg har dei brannsløkkingsapparat, brannteppe og mange ulike fluktruter. – Her er dei godt budde dersom det skulle ta til å brenne, det er det dessverre ikkje alle som er, seier branningeniør...
Publisert: 25.09.2020 kl 18:00
I helga arrangerte Volda rideklubb ein juniorrideleir for tolv av juniormedlemmane i klubben.
Publisert: 25.09.2020 kl 09:26
Førre veke slapp Honndølen Kristian Haugen ny sjølvskriven låt på nynorsk.
Publisert: 24.09.2020 kl 17:35
Eit fleirtal i Volda kommunestyre seier ja til å kjøpe Bratteberg barnehage frå Læringsverkstedet AS for 37 millionar kroner.
Publisert: 24.09.2020 kl 18:00
September har til no vore ein regntung månad. I Volda og Ørsta har det regna i 24 av 30 dagar, ifølgje Eitrefjell målestasjon i Ørsta.
Publisert: 24.09.2020 kl 15:35
Forskingsrådet deler i desse dagar ut 126 millionar kroner til tolv prosjekt innan havnæring frå Kirkenes i nord til Fredrikstad i sør. Blant verksemdene som får støtte er Brunvoll Volda.
Publisert: 24.09.2020 kl 07:00
Volda stadion har fått nye og moderne garderobar, ny kunstgrasbane med drenering- og vatningsanlegg og eit heilt nytt lager- og speakerbygg. – Vi er kjempenøgde med denne oppgraderinga, seier Runar Løvold, administrativ leiar av VTI Fotball.
Publisert: 24.09.2020 kl 09:15 - Oppdatert: 24.09.2020 kl 09:35
Torsdag morgon melder politiet om ei trafikkulukke på Rotaneset. Ein lastebil skal ha kollidert med ein personbil.
Publisert: 23.09.2020 kl 18:00
Inger Mari Okkenhaug, professor ved Historisk institutt ved Høgskulen i Volda, vart under opninga av Forskingsdagane heidra med tildeling av FoU-prisen for 2020.
Publisert: 23.09.2020 kl 16:25
Mangeårig eigedomsmeklar i Volda og Ørsta, Johnny Kragset, har engasjert seg i barnehage-saka, og meiner det vil vere feil av Volda kommune å kjøpe Brattberg barnehage for kr. 37 mill. – Det vil verte ein rein «Lotto-gevinst» for selskapet som eig barnehagen.
Publisert: 23.09.2020 kl 13:00
Føremålet med reguleringa er utviding av eksisterande vassverk i høve utbetring av vassforsyninga til Volda og Ørsta.
Publisert: 23.09.2020 kl 10:23
Volda kommune har sendt ut kokevarsel til alle abonnentar knytt til Grodås vassverk etter funn av E-coli.
Publisert: 23.09.2020 kl 07:00
- Vi var veldig i tvil i vår om det kunne verte noko feiring i det heile tatt med tanke på Covid-19 og tryggleik. Vi er difor utruleg nøgde med at vi fekk feire jubileet, smiler Espen Aarseth, sokneprest i Hjørundfjord sokn og Storfjord sokn.
Publisert: 22.09.2020 kl 18:00
Til komande kommunestyremøte er sakspapira på fleire hundre sider. Politikarane skal handsame 26 politiske saker, m.a. nedlegging av skule og barnehage. Ordførar Sølvi Dimmen (Sp) seier ho skjøner at politikarar ber om at ein ser på saksmengdene.