Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 22.09.2020 kl 13:15 - Oppdatert: 22.09.2020 kl 13:20
Komande torsdag skal kommunestyret handsame saka om betalingsparkering på kommunale p-plassar kring Høgskulen, og ordførar Sølvi Dimmen (Sp) seier seg skeptisk. – Eg meiner at høgskulen burde prøve andre verkemiddel før dei innfører betalingsparkering.
Publisert: 22.09.2020 kl 09:50
Varaordførar i Volda kommune, Sverre Leivdal (Ap) svarar foreldra i Sollia som skuldar han for å ikkje sett seg godt nok inn i saka om kjøp av Bratteberg barnehage og nedlegging.
Publisert: 22.09.2020 kl 07:00
Symjebassenget i Ørsta sentrum kan ikkje opne som planlagt, noko som set Ørsta symjeklubb i ein svært vanskeleg situasjon.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 21.09.2020 kl 18:00
VTI Allianse ber no Volda kommune anten støtte arbeidet med vedlikehald av Stadionparken, eller ta over ansvaret for drift og vedlikehald av parken.
Publisert: 21.09.2020 kl 15:02
Sparebank 1 Søre Sunnmøre held fram som generalsponsor for VTI Fotball. Dette kjem om lag 500 medlemmar til gode.
Publisert: 21.09.2020 kl 14:40
Det er laga nye planar for utbygginga i Rotsetfjøra og formannskapet har vedteke å sende dei ut på offentleg høyring. – Vi må vere realistiske, og noko i retning av det vi ser i desse planane er vel det beste ein kan få til, seier Øyvind Festø (MDG).
Publisert: 21.09.2020 kl 07:00
Ei gruppe engasjerte folk har konstituert eit nytt styre i HUL, og har planar om å starte opp med ei rekke faste aktivitetar i 2021, som barnekor, dans, spanskkurs for vaksne og quizkveldar.
Publisert: 20.09.2020 kl 18:00
Volda Bygdetun, Garvarbuda og Mylnefallet er eigd av Volda Sogelag. Om sogelaget ynskjer vidare samarbeid med Musea på Sunnmøre, må dei gi frå seg eigarskapen. Det sit langt inne for leiar Tove Aurdal Hjellnes og resten av styret.
Publisert: 20.09.2020 kl 13:00
Kommunen seier opp leigeavtalen dei har hatt med Statsbygg og Høgskulen i Volda om det populære leikeområdet «Jungelen». Men det kan kome ein ny leikejungel i området ved elva vest for nye Øyra skule.
Publisert: 18.09.2020 kl 16:30
To voldingar på segltur gjorde onsdag ein viktig observasjon utanfor Romsdalskysten. Som følgje av dette vart ein mann berga etter 18 timar i havsnaud.
Publisert: 20.09.2020 kl 10:50 - Oppdatert: 20.09.2020 kl 11:40
Natt til søndag rykte politi og brann ut til eit par hendingar i Volda og Ørsta.
Publisert: 20.09.2020 kl 07:00
Regjeringa vil omorganisere trafikkstasjonane. - Meiner statsråden at denne sentraliseringa av tenestetilbodet sikrar eit godt tilbod til ungdom på Sunnmøre og andre stader som blir råka, eller vil han vurdere å trekkje planane om å omorganisere trafikkstasjonane? spør Jenny Klinge (Sp) i...
Publisert: 19.09.2020 kl 18:00
Voldapolitikarane var torsdag samla i Honndalshallen for å starte på budsjettarbeidet. Drifta må reduserast for å skape handlingsrom for nye investeringar.
Publisert: 19.09.2020 kl 13:00
Dan Helge Bjørneset (H) meiner det er lite å spare på å kjøpe Bratteberg barnehage og vil heller at det skal gjerast ei totalvurdering av barnehagetilbodet i sentrum før ein avgjer lagnaden til Sollia.
Publisert: 19.09.2020 kl 11:00
I eit lesarinnlegg tek foreldre til barnehageborn i Sollia til orde mot det dei kallar ei latterleggjering av meininga til ei heil foreldregruppe i saka om kjøp av Bratteberg barnehage.
Publisert: 19.09.2020 kl 07:00
Det er statleg påkravd vedlikehald av stolheisa, skitrekka og trakkemaskinene før sesongstart vinteren 2020/2021, og dette vil koste skisenteret nærare 500.000 kroner. No søkjer dei Ørsta kommune om støtte, etter to tøffe driftsår med stort underskot.
Publisert: 18.09.2020 kl 18:00
Deltakarane frå Ørsta IL sette 28 nye personlege rekordar og tok mange medaljar under Akslaleikane.
Publisert: 18.09.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 18.09.2020 kl 13:51
Fleirtalet i formannskapet meiner kommuneadministrasjonen og byggjenemnda har tolka kommunestyret sitt vedtak rett og vil ikkje ha ny handsaming av symjehall-saka. Det til trass for at kommuneadministrasjonen ønskjer ei klargjering frå kommunestyret.
Publisert: 18.09.2020 kl 09:51
I det koselege Bakketunet som er omkransa av høge fjell og fossar, var det lansering av Hjørundfjordgenseren søndag. Dette var det mange som ville ha med seg. Køen var lang av strikkeglade damer utanfor fjøset der Marita Bett Aakre og Linda Olason Erdal El`Mourabit frå Hjørundfjordstrikk AS,...
Publisert: 17.09.2020 kl 18:00
Som ein del av reguleringsarbeidet for biogassanlegg på Raudemel industriområde i Hornindal, har Volda kommune bestilt ei vurdering av støyen som vil kome frå eit slikt anlegg.
Publisert: 17.09.2020 kl 13:00
Fleirtalet i formannskapet meiner det beste valet for Volda kommune er å kjøpe Bratteberg barnehage. – Dette er ei god økonomisk sak, det gir oss fleksibilitet i drifta og betre tilhøve for born og tilsette. Er det så vanskeleg å reise nokre hundre meter fram til Bratteberg? Mange i bygdene...
Publisert: 17.09.2020 kl 07:00
Grunneigarane Nils Olav Brekke, Olaug Harbak Brekke og Knut Brekke varslar motsegn til VØR sine planar om biogassanlegg. – Tomta vert heim til Noreg sitt mest feilplasserte avfallsanlegg, i ein trong dal om lag 2.000 meter frå eit lite bysentrum, skriv dei til Fylkesmannen.
Publisert: 16.09.2020 kl 18:00
Styret for Helse Møre og Romsdal godkjenner oppstart av prosjektet «Akuttmottak og poliklinikkareal i Volda» innanfor ei total kostnadsramme på 45 millionar kroner.
Publisert: 16.09.2020 kl 11:54
Volda kommune har fått inn nok svar på prosjekt for å sjå effekten ved kloring av vatnet ved Volda vassverk.
Publisert: 16.09.2020 kl 07:57
Volda HK har på si heimeside lagt ut denne medlinga: