Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 25.01.2020 kl 18:53
Laurdag hadde politiet promillekontroll på E39 i Volda.
Publisert: 25.01.2020 kl 18:49
– No må kommunen på banen for å ta vare på dei lokale fiskestammene, som mellom anna har tilhald i fjordbotnane, utfordrar Ragnar Høydalsvik.
Publisert: 25.01.2020 kl 18:00
– Osdalsvatnet er så fullt at det renn over. No må det bli billig straum, seier Nils Osdal med eit smil.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 25.01.2020 kl 13:00
Voldadamene opna det nye året med to sigrar på rad. Etter ei spelepause på to veker, reiser dei i dag til Oslo for å møte Haslum i Nadderudhallen i morgon.
Publisert: 25.01.2020 kl 07:00
SV i Volda og Ørsta inviterte nyleg til eit møte om kva alle omkampane om Volda sjukehus og Mork rehabiliteringssenter gjer med dei tilsette. Magnar Hjertenæs, som sit i kommunestyret for SV i Ørsta, heldt ei innleiing der han snakka om historikken bak helseføretaka.
Publisert: 25.01.2020 kl 09:15
Det er ikkje alle som er like forlegne når dei skal slå lens.
Publisert: 24.01.2020 kl 22:10 - Oppdatert: 24.01.2020 kl 22:10
Fredag kveld vart det kjent at Jeki gjekk vidare i Idol.
Publisert: 24.01.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 30.01.2020 kl 09:23
Brunvoll Volda har lagt bak seg eit bra år, og har godt med arbeid ut 2020. Dagleg leiar Hallvard Pettersen har tru på vidare vekst.
Publisert: 24.01.2020 kl 18:00
Musikkbransjen er tøff. Nokre gongar har Jeki lurt på om kanskje musikk ikkje er noko for henne. Den tanken har gjort henne trist. For musikk står hjartet hennar nær, og det er noko ho brenn for. I 2014 var ho med på Idol, utan å nå toppen. No, seks år seinare, kan ein igjen sjå ho på...
Publisert: 24.01.2020 kl 14:24
Volda vidaregåande skule har lang tradisjon for deltaking i Volleyball-NM for skulelag. Denne helga går turen til sluttspelet i Bergen, og Volda er kvalifiserte i klassene for gutar og for jenter.
Publisert: 24.01.2020 kl 14:39
Stålkonstruksjonane til veggane i den nye idrettshallen på Joplassen har byrja på kome opp, og Betonmast Røsand meiner det er realistisk med tett bygg i løpet av mai.
Publisert: 24.01.2020 kl 13:07
Formannskapet i Volda kommune meiner Tussa Kraft AS må sjå på eiga drift før dei går direkte til kutt i utbytet til eigarane, men er opne for å vurdere redusert utbyte for å sikre den framtidige utviklinga i selskapet.
Publisert: 24.01.2020 kl 08:30
Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, ynskjer stadleg leiing ved lokalsjukehusa. I Volda møter framlegget stor entusiasme.
Publisert: 24.01.2020 kl 07:00
Musikk i sentrum har fått løyve frå samfunnsutvalet til å byggje ei utescene ved småbåthamna i Ørsta. – No har dei eldre ungdommane i bygda noko å gle seg til.
Publisert: 23.01.2020 kl 20:00
Norsk Tipping har kåra Narvesen Ørsta til Årets servicehandel 2019 blant selskapets kommisjonærar. Prisen vart delt ut for kort tid sidan, og blei offentleggjort på Norsk Tippings konferanse for kommisjonærar og handelspartnarar i Oslo tysdag.
Publisert: 23.01.2020 kl 18:00
Det er framleis mykje villparkering kring Høgskulen i Volda, og politiet går no ut med ei oppmoding til bilistane.
Publisert: 23.01.2020 kl 15:00
Kva skal barnet heite? Det er ikkje lett å finne det riktige namnet til ein nyfødd, men i Noreg var det mange som fall for namna Emma og Jakob.
Publisert: 23.01.2020 kl 13:00
Fredag er det to voldingar å sjå på tv-skjermen. Begge under same program, Idol.
Publisert: 23.01.2020 kl 12:40 - Oppdatert: 23.01.2020 kl 13:47
Torsdag ettermiddag stoppa politiet ein bilførar som køyrde i rusa tilstand på Vartdal.
Publisert: 23.01.2020 kl 10:00
Ei studentkonkurranse i regi av Fora Form i Ørsta har ført til utvida kolleksjon for bedrifta. No får prosjektet utmerkinga DOGA-merket nykomar.
Publisert: 23.01.2020 kl 07:00
Kirsten Rørvik gjekk frå å vere alvorleg sjuk til å bli heilt frisk på få dagar. Ho vart behandla for blodforgifting ved Volda sjukehus, og har stor tru på at det var den omdiskuterte C-vitaminkuren som redda henne.
Publisert: 22.01.2020 kl 20:00
Ørstingen Eirik Stave er ein talentfull pianist. I januar fekk han 24 av 25 oppnåelege poeng. Dette gav han ein 1. pris i klassen 14 – 16 år under Ungdommens Mesterskap på Musikkhøgskulen i Oslo.
Publisert: 22.01.2020 kl 18:00
I helga vart det arrangert regionsmeisterskap i volleyball i Molde og Ålesund, for ungdom U19 og U17. Tre av fire lag frå KFUM Volda Vollyball kvalifiserte seg til NM i løpet av helga.
Publisert: 22.01.2020 kl 13:25 - Oppdatert: 22.01.2020 kl 21:14
Fylkespolitikarane til Senterpartiet, Kristin Sørheim og Per Ivar Lied, reagerer på at det vert oppfatta slik at det er kome prisauke på ferjestrekninga Volda-Lauvstad frå nyttår. – Det stemmer ikkje, seier leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristin Sørheim.
Publisert: 22.01.2020 kl 09:59
32.062 besøkjande gjestar er det tredje høgste gjestetalet sidan 2000, og høgaste besøkstalet Nynorsk kultursentrum har hatt i eit år utan Ulvik poesifestival, som blir arrangert annan kvart år.