Klargjør siden...
Imponerande spennvidde og kvalitet i Volda-kulturen

Imponerande spennvidde og kvalitet i Volda-kulturen

Sjå fotogalleri

Publisert: - Oppdatert: 15.01.2020 kl 18:56

Ein må berre ta av seg hatten for kulturen i den samanslåtte Volda kommune. Den over tre timar lange festkonserten vart ei kulturell reise på første klasse gjennom eit svært oppegåande og variert kulturelt landskap.

– Eg trur eg vil stortrivast her

Ny lufthamnsjef har landa på Hovden:

– Eg trur eg vil stortrivast her

Publisert:

Svein-Arne Vik har bytta ut buss med fly, og ser fram til sitt fyrste år som lufthamnsjef ved Ørsta/Volda lufthamn. Det er mange spennande planar på gong ved flyplassen i Hovdebygda.

Beady Belle samla fullt hus på Rokken

Beady Belle samla fullt hus på Rokken

Publisert: - Oppdatert: 11.01.2020 kl 20:59

Like etter at den store festkonserten var ferdig i Propellhallen inviterte jazzklubben til konsert på andre sida av vegen, på Rokken.

Annonse
Annonse
Annonse
– Volda framleis attraktiv

God fart i bustadmarknaden:

– Volda framleis attraktiv

Publisert:

Det vart selt 100 husvære gjennom meklar i Volda i 2019, og 81 i Ørsta. Prisveksten har vore på 3,8 prosent i Volda og 0,9 prosent i Ørsta.

«Nye» Volda Stadion tek form

«Nye» Volda Stadion tek form

Publisert:

I fjor byrja VTI Fotball på prosjektet «Volda Stadion 2020», ei fornying av heile stadionanlegget med utviding av tribunane og nye garderobar. Arbeidet er i full gang, og ligg godt i rute til serieopninga.

– Gunnar er eit levande historieleksikon

– Gunnar er eit levande historieleksikon

Publisert:

Gjennom Nærings- og kultursoga for Ørsta kommune har Gunnar Ellingsen foreviga Ørsta si historie. For det viktige arbeidet har han fått Sparebank 1 Søre Sunnmøre sin ærespris og Sparebanken ynskjer no å bidra til tredje band i bygdebokserien.

Tilløp til dramatikk etter lynnedslag

Tilløp til dramatikk etter lynnedslag

Publisert:

Tor med hammaren var ikkje nådig, då han for over Ulvestadbygda onsdag ettermiddag. Lynet slo ned fleire stadar, bles internettmoden av veggen med full kraft og etterlet seg svilukt og sot i ei svartlagd bygd.

På eventyrlege stigar til scenekanten

Musikalen 2020:

På eventyrlege stigar til scenekanten

Publisert: - Oppdatert: 14.01.2020 kl 12:42

Lenge og lenger enn lenge skal dei øve, dei tre studieretningane som skal til Ørsta kulturhus for å lage musikal. 11. februar er det premiere på eventyrmusikalen Askeladden.dotcom når Volda vidaregåande skule inviterer til sin 24. musikal.

Klare for festkonsert i Propellhallen

Klare for festkonsert i Propellhallen

Publisert:

Volda og Hornindal har blitt éi kommune og det vert feira med stor festkonsert i Propellhallen. Målet er å samle og knyte dei to kommunane saman med song og musikk – og konserten er open for alle.

– Ingen Volda-studentar der no

Skogbrannane i Australia:

– Ingen Volda-studentar der no

Publisert: - Oppdatert: 10.01.2020 kl 10:28

I Australia startar neste semester i februar, og leiar ved Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda, Arne Humberset, fortel at så vidt han veit er det ingen Volda-studentar i Australia no.

Kinosjefen vil ha engasjement rundt kinosalen

Kinosjefen vil ha engasjement rundt kinosalen

Publisert:

Det står ikkje på idear når kinosjefen ved Volda filmteater fortel om planane ho har for samfunnshuset i Volda. Men no vil ho ha innspel frå «mannen og kvinna i gata».

– Eg har fått mange positive reaksjonar

Eivind Vinjevoll på God Morgen Norge:

– Eg har fått mange positive reaksjonar

Publisert: - Oppdatert: 09.01.2020 kl 19:52

Volda sjukehus er nesten heilt aleine i Noreg om å bruke ein omstridt behandlingsmetode mot blodforgifting. Den kan redde tusenvis av liv årleg. – Eg har fått mange positive reaksjonar, seier overlege Eivind Vinjevoll til TV 2. Neste veke kan ein stor rapport avdekkje om behandlinga faktisk...

Volda vann  med fem

1.divisjon damer

Volda vann med fem

Publisert:

Voldadamene tok sin andre siger på fire dagar då dei vann 26-21 over Skrim Kongsberg i Voldahallen onsdag kveld.

Bil på taket i Bondalen

Bil på taket i Bondalen

Publisert:

Onsdag kveld køyrde ein bil av vegen og hamna på taket. Føraren vart frakta til Ålesund sjukehus.

– Dei tragiske dødsulykkene har prega 2019

Brannsjef i Volda om brannstatistikken for 2019

– Dei tragiske dødsulykkene har prega 2019

Publisert:

Brannsjefen i Volda fortel at dei tragiske dødsulukkene har prega året som gjekk.
- Men det er også viktig å hugse at innsatsen til redningsmannskapa i mange hendingar har berga liv, seier han. Han fortel også kor viktig det er med beredskap på bygdene.

Krev omlegging av olje- og oppdrettsnæringane

Skulestreikarar frå Volda på landsmøte:

Krev omlegging av olje- og oppdrettsnæringane

Publisert:

Natur og Ungdom heldt landsmøte 5. – 8. januar på Haugetun folkehøgskole i Fredrikstad, og fleire voldingar tok del.

NRK  direkte frå Hornindal

NRK direkte frå Hornindal

Publisert:

NRK Møre og Romsdal sender direkte frå Hornindal onsdag kveld

Straumlaust i Dalsfjorden

Straumlaust i Dalsfjorden

Publisert: - Oppdatert: 09.01.2020 kl 15:04

Onsdag ettermiddag har straumen gått i Dalsfjorden. Mørenett arbeider med å rette opp i feilen.

Widerøe tek ansvar for heile verdiskapinga

Widerøe tek ansvar for heile verdiskapinga

Publisert:

Til no har Hovden Flyservice vore arbeidsgjevaren til dei som jobbar i Widerøe-uniform ved Ørsta/Volda lufthamn. 1. januar tek Widerøe Ground Handling over ansvaret for dei tilsette, og driftar stasjonen sjølv.

Sivilforsvaret testar tyfonane

Sivilforsvaret testar tyfonane

Publisert:

Onsdag 8. januar klokken 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding - høyr på radio» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

9092 gjekk på kino i Volda, 19.557 i Ørsta

I 2019

9092 gjekk på kino i Volda, 19.557 i Ørsta

Publisert:

Kinosjefen i Volda er ikkje nøgd med at kinotalet har gått ned med 1318 i forhold til 2018. Men ho er litt overraska over ein av filmtitlane som har klatra seg opp på «topp tre».

Spåmannen på Eksetstranda

Spåmannen på Eksetstranda

Publisert:

Den pensjonerte sjømannen Oddvar Birger Bjørkedal spår vêret utifrå ein almanakk. Etter at han kom på Facebook er det mange som tek kontakt for å få vite når dei til dømes kan skifte tak på huset.

Trafikkulukke i Hovdebakken

Trafikkulukke i Hovdebakken

Publisert: - Oppdatert: 07.01.2020 kl 15:48

Etter det tipsarar har meldt inn til Møre er det ei trafikkulukke i området ved Hovdebakken.

Spesiell behandlingsmetode set Volda på kartet

Volda sjukehus på populært TV 2-program:

Spesiell behandlingsmetode set Volda på kartet

Publisert:

Tusenvis av nordmenn dør kvart år av kritisk blodforgifting. Men i Volda har legane teke i bruk ei enkel C-vitaminblanding - som i nesten alle tilfella ser ut til å redde pasientane sitt liv. TV2-programmet «Vårt lille land» får kome på innsida av Volda sjukehus i ei spesialutgåve tysdag.

Forviklingar med nye kommuneskilt

Forviklingar med nye kommuneskilt

Publisert:

Nye kommune- og regiongrenser krev ny skilting, men det har ikkje berre vore lett. Både gamle og nye skilt er stolne, og nokre av dei nye skilta har vore feil.

Annonse