Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 22.01.2020 kl 07:00
Ørsta kommune har sett i gong reguleringsarbeidet for nytt flyplasskryss/rundkøyring langs E39 mellom Volda og Ørsta. Avinor er positive til planane.
Publisert: 21.01.2020 kl 18:00
Samferdselsdepartementet har tildelt Posten oppgåva med å distribuere aviser i spreiddbygde område måndag til fredag.
Publisert: 21.01.2020 kl 15:36
Tysdag fekk politiet tips om ein sykkel som låg rart til i forhold til Storelva i Volda.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 21.01.2020 kl 12:40 - Oppdatert: 21.01.2020 kl 12:50
Fem bilførarar fekk fartsbøter under ein kontroll i Hjartåbergtunnelen.
Publisert: 21.01.2020 kl 07:00
I helga arrangerte Hovdebygda og Ørsta skyttarlag miniatyrstemne med 99 deltakarar. Av desse var heile 25 stykk frå Hovdebygda og Ørsta.
Publisert: 21.01.2020 kl 07:52
Det er gått fleire jordras i løpet av natta og fleire vegstrekningar er stengde. Dette gjeld også i Volda og Ørsta.
Publisert: 20.01.2020 kl 18:00
Volda sitt nye kommunevåpen har vorte ein snakkis landet over. Om folk ikkje veit kvar Volda er, så veit dei i alle fall korleis kommunevåpenet vårt ser ut.
Publisert: 20.01.2020 kl 12:47
Ørstingen Jon Olav er tilbake med ny musikk, og denne gongen er det på engelsk.
Publisert: 20.01.2020 kl 07:00
Osbrua i Ørsta har ei levetid på 10–12 år og må bytast ut snarleg. No ynskjer Ørsta kommune å etablere ein sambindingsveg frå Mosflata til Mele som kan fungere som alternativ trase og erstatte bygging av dyr interimsbru i byggjetida.
Publisert: 19.01.2020 kl 18:00
Vulkanen Taal, som ligg 66 kilometer frå den filippinske hovudstaden Manila, har sidan søndag førre veke spytta ut glødande lava. 142 km frå Taal er voldingen Brenda for å feire søstera, som har fornya ekteskapet sitt.
Publisert: 19.01.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 20.01.2020 kl 09:28
Sentralkjøkkenet ved Volda omsorgssenter er ferdig ombygd og har starta med kok/server. No kan kokkane servere fersk middag til bebuarane kvar dag. – Endeleg er den nye løysinga på plass og den ser ut til å fungere veldig godt, seier kjøkkensjef Lisbeth Skinnes.
Publisert: 19.01.2020 kl 13:00
Gardbrukarar og medlemmar av Hjørundfjord bondelag er uroa over beredskapssituasjonen i Bondalen. Tussa fortel at dei er langt på veg med å etablere eigen fiberinfrastruktur i området.
Publisert: 18.01.2020 kl 18:00
Volda kommune er no godt i gang med bygging av ein overføringskanal mellom Orgylelva og Heltneelva. Langs kanalen vert det ein flott service-/turveg.
Publisert: 18.01.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 18.01.2020 kl 13:58
Retail Eiendom AS har kjøpsopsjon på næringsområdet aust for E39 på Øvre Rotset og er i samtalar med andre grunneigarar i området for å stette kommunen sitt krav om ei heilskapleg utbygging. Rema er deleigar i Retail Eiendom AS, og ser på moglegheita for å etablere varehus der, men kva...
Publisert: 18.01.2020 kl 12:00
Volda kommune er omtrent i mål med sin del av næringsområdet på Øvre Rotset, og reknar med at byggeklare tomter vert lagt ut for sal til hausten.
Publisert: 18.01.2020 kl 07:00
Reguleringsarbeidet for nytt trafikksikkert kryss/rundkøyring ved flyplassen på Hovden er i gong. – Flyplasskrysset er farleg. Dette krysset er den største risikoen knytt til å reise med fly frå Volda og Ørsta, seier tidlegare lufthamnsjef Terje Nergård.
Publisert: 17.01.2020 kl 18:00
Då damene på Husfliden i Ålesund fekk høyre at Ivar Svensli skulle brodere bunad flokka dei seg rundt han. Det er ikkje vanleg at menn driv med denne forma for handverk. Den pensjonerte tannlegen, busett i Volda, syr også hardangersaum.
Publisert: 17.01.2020 kl 14:41
I den større studien som vart lagt fram i Belfast fredag kjem det fram at den omdiskuterte C-vitaminkuren mot dødeleg blodforgifting ikkje verkar. Overlege Eivind Vinjevoll meiner studien ikkje er reell, og vil halde fram med behandlinga.
I 2019 vart det sett ny fellingsrekord under hjortejakta i Volda. 603 dyr vart felt, og Austefjord hjortevald felte flest av alle hjortevalda i kommunen med 179.
Publisert: 17.01.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 17.01.2020 kl 14:06
Etter ein månads kamppause, er KFUM Volda i helga klar for dobbelkamp i Mizunoligaen i volleyball, mot Førde på laurdag og mot Viking på søndag. KFUM Volda har bak seg ein god treningsperiode, og tok ingen pause i jula. Laget er tilnærma skadefritt.
Publisert: 17.01.2020 kl 11:20 - Oppdatert: 17.01.2020 kl 11:33
Eiksundtunnelen var fredag formiddag stengt ein kort periode grunna bilstans.
Publisert: 17.01.2020 kl 07:00
Musikk i sentrum ynskjer å etablere ein ny samlingsstad med kulturscene, aktivitetar og servering ved småbåthamna i Ørsta. Samfunnsutvalet stilte seg før jul positive til planane. No søkjer Musikk i sentrum dispensasjon om å etablere ei utescene.
Publisert: 16.01.2020 kl 18:00
Ein mann frå Ørsta kommune er dømt for å ha vore valdeleg mot ein politimann. Han har også fleire lovbrot på samvitet.
Publisert: 16.01.2020 kl 13:28
Ein huseigar i Hornindal er sint på feietenesta i Volda kommune og krev å få gjere si eiga feiing.
Publisert: 16.01.2020 kl 07:00
- Arbeidet går som det susar. Terrengentreprenøren AS med Glenn Hjorthol Johnsen ved roret har no grove 250-300 meter. Store deler av dette er så å seie ferdig utforma, seier Børre Lunde i Bratt sykkelklubb.