Klargjør siden...
– Volda har gode føresetnadar for å behalde tingretten

– Volda har gode føresetnadar for å behalde tingretten

Publisert:

– Det må kome veldig tunge argument for at det skal vere aktuelt å leggje ned tingretten i Volda, seier parlamentarisk leiar i KrF, Hans Fredrik Grøvan. – Om ikkje ein så stor stad som Volda skal vere berekraftig nok, så er det få kommunar utanom dei store byane som kan huse domstolar.

Positive til gratis skulemat

Ørsta ungdomsskule:

Positive til gratis skulemat

Publisert:

Ørsta ungdomsskule er positive til å prøve ut ordninga med gratis skulemat. – Dette er eit viktig tiltak, men vi er avhengige av at det vert lagt til rette for det og at det vert løyvd midlar.

Stjernekamp: Beate vart dommarfavoritt

Stjernekamp: Beate vart dommarfavoritt

Publisert: - Oppdatert: 24.08.2019 kl 22:24

Beate Lech var tippa å vere ein av kandidatane som kom til å bli slått ut tidleg av Stjernekamp. Etter at første kveld med Stjernekamp er over, ligg det an til ein totalt anna tone.

Annonse
Annonse
Annonse
Stem på Beate Lech

Beate Lech første artist ut i Stjernekamp

Stem på Beate Lech

Publisert: - Oppdatert: 24.08.2019 kl 22:15

Voldadama Beate Lech skal vere med i Stjernekamp på NRK. Til Møre fortel ho at ho elskar utfordringar og kunne rett og slett ikkje seie nei.
- Eg håpar eg får bli med så langt at eg rekk å setje spor i hjarta til folk «i de tusen hjem», seier musikaren til Møre.

Utlovar dusør etter vandalisme

Utlovar dusør etter vandalisme

Publisert:

Bonde Arnt-Magne Engeseth i Ørsta fortvilar etter at vandalar har vore på ferde og øydelagt fôr for tusenvis av kroner. No utlovar han dusør til den som kan oppklare saka.

– Kulturhus og sentrumsutvikling heng saman

– Kulturhus og sentrumsutvikling heng saman

Publisert: - Oppdatert: 26.08.2019 kl 12:35

Oddbjørn Nes meiner Volda må dyrke fram tradisjonane sine med kulturformidling og opplevingar for å skape sentrumsutvikling. – Og då står eit nytt kulturhus heilt sentralt.

Strekk ut ei hand mot Ørsta

Vil ta opp att kommunesamanslåing:

Strekk ut ei hand mot Ørsta

Publisert:

Kristeleg Folkeparti i Volda og Ørsta vil arbeide for eit nærare og meir tillitsfullt forhold mellom dei to kommunane med sikte på ei framtidig samanslåing. – Den første eg skal helse på etter valet er Ørsta-ordføraren, seier Arild Iversen.

– Deltidskulturen er ikkje berekraftig

Jobbar for heiltid i Ørsta:

– Deltidskulturen er ikkje berekraftig

Publisert:

– Haldningane til at normalen er deltidsstillingar, der ein kan velje når og kor lenge ein vil arbeide, er utbreitt i heile befolkninga. Det er ein del av tida vi lever i, men det er ikkje berekraftig for framtida. Vi klarer ikkje utføre samfunnsoppdraget vårt.

Jordskjelv  mellom Eid og Volda

Jordskjelv mellom Eid og Volda

Publisert: - Oppdatert: 24.08.2019 kl 12:53

Fredag kl. 20.32 vart det målt eit jordskjelv på grensa mellom Eid og Volda.

Opning av Egilbu på Klokksegga

Opning av Egilbu på Klokksegga

Publisert:

Saksa Turstiforening har arbeidd i 2,5 år med gapahuken som no har fått namnet Egilbu. I morgon er det storstilt opning.

Opnar helgekirurgien i Volda

Opnar helgekirurgien i Volda

Publisert: - Oppdatert: 23.08.2019 kl 22:07

Til hausten vert det opna for akutt gastrokirurgi ved Volda sjukehus også i helgane. Til no har akuttinnleggingar frå Søre Sunnmøre blitt transportert til Ålesund, sjølv om det har gått kirurgar på vakt i Volda.

Trafikkulukke i Åmdalen

Trafikkulukke i Åmdalen

Publisert:

fredag ettermiddag melder politiet om ei bilulukke på Fv 655 i Åmdalen i Ørsta kommune. Ein bil med fire personar skal ha køyrt av vegen og hamna på taket.

Meldeboka vert erstatta av app

Meldeboka vert erstatta av app

Publisert:

Den gamle meldeboka i grunnskulen er historie. No skal det verte enklare å melde frå om fråvær, sjekke timeplanar og dele beskjedar gjennom ein app på mobilen.

Brannalarm i Klatrevegen

Brannalarm i Klatrevegen

Publisert:

Fredag formiddag førte matlaging til at brannalarmen gjekk i Klatrevegen.

Friskar opp vegrabattane i sentrum

Friskar opp vegrabattane i sentrum

Publisert:

Statens vegvesen er i gong med å rydde opp i rabattane langs E39 i Volda sentrum. Gamal sliten hekk vert no bytta ut med lettstelt plen.

Tre etasjar og parkeringskjellar

Reduserer etasjetalet i Rotsetfjøra

Tre etasjar og parkeringskjellar

Publisert:

– Etter innspela og tilbakemeldingane vi fekk etter det opne folkemøtet måndag, har vi bestemt å redusere etasjetalet på dei to høgste blokkene til fire, seier Kay Ove Johansen.

Truleg ikkje betalingsparkering før neste år

Høgskulen i Volda:

Truleg ikkje betalingsparkering før neste år

Publisert:

Høgskuledirektør Per Halse seier til Møre at det mest truleg ikkje vert innført betalingsparkering ved Høgskulen i Volda (HVO) før etter nyttår.

Brannutrykking til legesenteret

Brannutrykking til legesenteret

Publisert:

Torsdag formiddag rykte Volda Brannvern ut til legesenteret, men det synte seg å vere falsk alarm.

– Regjeringa prioriterer Volda høgt

– Regjeringa prioriterer Volda høgt

Publisert: - Oppdatert: 23.08.2019 kl 08:33

Tysdag var det duka for offisiell opning av studieåret 2019/2020 ved Høgskulen i Volda. Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø gratulerte studentane med eit nytt mediebygg, og la vekt på at regjeringa prioriterer studiestaden Volda.

Vil ha styringa tilbake til folket

Vil ha styringa tilbake til folket

Publisert:

Senterpartiet synest utviklinga har gått i feil retning frå folkestyre til embetsstyre. Tysdag tala Trygve Slagsvold Vedum for full sal på Ivar Aasen-tunet.

Har fått inn mange tips frå folk som «ser» Maya

Har fått inn mange tips frå folk som «ser» Maya

Publisert:

Torsdag førre veke vart det gjort eit resultatlaust søk etter den sakna Maja Justyna Herner. No vil politiet planleggje nye søk.
Møre har fått spørsmål frå ein lesar om politiet har vurdert å bruke klarsynte i søket etter Maya.

- Har aldri fått ei straumrekning

- Har aldri fått ei straumrekning

Publisert:

Når uvêret herjar og lynet slår ned i straumkablar er det mange som kan misse straumen. Slik har det aldri vore for dei tre gardsbruka i Osdalen, for dei produserer sin eigen straum. Og det har dei gjort sidan vesle julaftan 1939.

Rotsethorntunnelen er open

Vegbana er rydda:

Rotsethorntunnelen er open

Publisert: - Oppdatert: 21.08.2019 kl 11:56

Vegtrafikksentralen Midt melde onsdag formiddag at Rotsethorntunnelen var mellombels stengt grunna gjenstand i vegbana.

Starta haustsesongen med storsiger

Starta haustsesongen med storsiger

Publisert:

Fredag spelte Volda den første kampen i haustsesongen, og starta med storsiger over Emblem.

25 medaljar til Ørsta IL på KM

25 medaljar til Ørsta IL på KM

Publisert:

Ørsta IL friidrett tok 16 gull, 5 sølv og 4 bronse på KM på Molde idrettspark. Ørsta stilte med ni utøvarar i alderen 11–16 år.

Annonse