Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 20.08.2019 kl 11:13
Regjeringa gjev Høgskulen i Volda (HVO) klarsignal til å starte arbeidet med eit nytt mediebygg. Byggjeprosjektet har ei styringsramme på 201 millionar kroner med eit areal på om lag 3900 kvadratmeter. Målet er at nybygget skal vere klart til innflytting i 2021.
Publisert: 20.08.2019 kl 10:04
Tussa Energi AS har sett seg som mål at det nye kraftverket i Osdalen skal stå ferdig siste kvartal i 2020, og arbeidet er alt i gang.
Publisert: 20.08.2019 kl 07:00
Måndag morgon møtte 52 spente born fram ved Øyra skule. Dei er klare for ein ny æra som skulelevar.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 19.08.2019 kl 16:10
Elias Hovden Nilsen kasta spydet heile 63,15 meter, ny flott personleg rekord (før 61,24 m) og vart nr 5 og beste nordmann i nordisk juniorlandskamp og nordisk meisterskap U20 laurdag 17. august.
Publisert: 19.08.2019 kl 18:00
Eit nytt skuleår tek til og borna skal ut på vegen. Volda kommune ber huseigarar om å klippe hekkar og annan vegetasjon i tomtegrense mot fortau, gater og vegar.
Publisert: 19.08.2019 kl 16:05
Måndag i 16-tida måtte politiet rykke ut til ei episode i Volda.
Publisert: 19.08.2019 kl 14:20
Tysdag 20. august er det duka for studiestart og opningsseremoni for studentar ved Høgskulen i Volda.
Publisert: 19.08.2019 kl 07:00
– Eg er voldapatriot, seier Ann Kristin Remme. Med oppvekst i Volda og to foreldre frå Volda har ho eit bankande hjarte for heimbygda. Det vart nyleg kjend at ho skal vere med å starte opp ein Jernia-butikk i bygda.
Publisert: 18.08.2019 kl 18:00
Vil du ha folk frå Søre Sunnmøre inn på fylkestinget til hausten, kan ei røyst til Uavhengig valliste for Sunnmøre vere eit godt val.
Publisert: 18.08.2019 kl 13:00
Volda kommune seier dei tykkjer det er viktig med engasjement kring ny forskrift for vatn og avløp i Nye Volda, og har sendt ut ei pressemelding med informasjon om framtidige gebyr, korleis dette vert handsama og kva du som brukar kan forvente framover.
Publisert: 18.08.2019 kl 07:00
Eit nytt barnehageår står for tur, og for dei minste kan overgangen frå den trygge heimen til barnehagen verte stor. – Det er viktig å lytte til barnet og la det få vere vegvisar i tilvenningsperioden, rår styrar i Rotset barnehage, Signe Moldskred.
Publisert: 17.08.2019 kl 21:00
Både Volda og Ørsta er på topp ti blant kommunane i Noreg som lek mest vatn. Ørsta lek heile 62,3 prosent og hamnar på ein 4.-plass av dei som lek mest i Noreg. Gjennomsnittet er på 30 prosent.
Publisert: 17.08.2019 kl 18:00
Neste laurdag er det tid for den årvisse loppemarknaden til Volda Røde Kors.
Publisert: 17.08.2019 kl 13:00
Entreprenør K. Nordang AS har kontakta Volda kommune med ønskje om å stengje heile Joplassvegen under bygginga av det nye mediehuset ved Høgskulen i Volda.
Publisert: 17.08.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 17.08.2019 kl 10:48
Med store klimautfordringar i vente er det fleire kommunar landet over som vurderer utbygging av vindkraft. I Ørsta formannskap er det usemje kring om vindkraft er framtida.
Publisert: 16.08.2019 kl 18:00
Asgeir Vindfjell veit ikkje kor mange fuglar han har. Den fugleinteresserte mannen er leiar for Nordvestlandet Tropefuglforening, bur på Rotset og driv med oppdrett av fuglar av fleire slag.
Torsdag var det klart for lokaloppgjer i semifinala i Oboscupen, då Volda tok imot Ørsta på Volda stadion. Heimelaget innfridde favorittstempelet og vann kampen 4-0.
Publisert: 16.08.2019 kl 15:52
Statens vegvesen har oppdaga skader på ein mur som ligg langs Rv. 651 over Stigedalen. Muren skal no sikrast med sprutbetong.
Publisert: 16.08.2019 kl 09:05 - Oppdatert: 16.08.2019 kl 09:51
Volda sine innbyggjarar fekk i morgontimane tekstmelding frå kommunen med beskjed om vasslekkasje i det kommunale leidningsnettet. Skaden vert no reprarert.
Publisert: 16.08.2019 kl 07:00
Brørne Jan Endre Vartdal og Sindre Vartdal vil saman med Arne Johan Rebbestad og Egil Giørtz vere med å utvikle Ørsta sentrum. Planen er å byggje 93 nye leilegheiter på Mørebiltomta.
Publisert: 15.08.2019 kl 18:00 - Oppdatert: 16.08.2019 kl 08:40
I Mars i år byrja Ruben Dale i Austefjorden sitt eige entreprenørselskap R. Dale maskin AS.
Publisert: 15.08.2019 kl 13:00
Voldatunnelen står på staden kvil medan samferdsleminister Jon Georg Dale (FrP) ventar på at Statens vegvesen får prosjektet inn i ramma som er gitt i NTP.
Publisert: 15.08.2019 kl 16:40
I høve det føreståande valet har NRK utvikla ein søkbar database med informasjon om eigedomskatten i kvar kommune.
Publisert: 15.08.2019 kl 07:00
Dale Vindu & Interiør har fått ein ny start i nye og moderne lokale i Anders Hovden-gate. – Det er kjekt å fornye seg og vise kunden at vi er frampå både på design og produkt.
Publisert: 14.08.2019 kl 18:00
Stengt symjehall hindra ikkje VTI-symjegruppa frå å ta til på ein ny sesong. Symjarane prøvde ut ulike treningsarenaer i vår, men har no landa på symjeanlegget i Ulsteinvik som treningsarena framover.