Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 30.07.2019 kl 11:27 - Oppdatert: 30.07.2019 kl 15:10
Styret ved Høgskulen i Volda vart denne veka kalla inn til ekstraordinært møte for å diskutere problem arbeidsmiljøet i avdeling for mediefag. Resultatet av møtet er at dekan ved avdelinga held fram, og at rektor og direktør får fullmakt frå styret til å arbeide vidare med saka.
Publisert: 30.07.2019 kl 12:00 - Oppdatert: 30.07.2019 kl 12:05
Eit vogntog på veg gjennom Volda sentrum på E39 stoppa med ei røyksky rundt seg.
Publisert: 29.07.2019 kl 14:20 - Oppdatert: 29.07.2019 kl 15:49
28. juli 2018 målte Ørsta-Volda lufthamn sin målestasjon 33,2 grader. Dette har den ikkje vist i år enno.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 28.07.2019 kl 18:00
Sveinung Tilseth og Sander Kanestrøm vart fortalt at haiking er livsfarleg i USA, og at det har blitt ulovleg grunna mykje kriminalitet. Kameratane gav ikkje opp, og kan no sjå tilbake på eit ekte eventyr.
Publisert: 29.07.2019 kl 07:36
Natt til måndag køyrde ein bil over ein midtrabatt på Liadal i Ørsta.
Publisert: 28.07.2019 kl 13:00
Tysdag var det aktivitetsdag i Uppheimsparken, arrangert av Frivilligsentralen i Volda, til glede for over 100 barn og vaksne.
Publisert: 28.07.2019 kl 07:00
I eit innspel til arealplanen, kjem Tomteservice AS med ønskje om at eit område på Bøen vert omregulert til bustadbygging og tilleggsareal til Rotset barnehage.
Publisert: 27.07.2019 kl 18:00
Høgskulen i Volda skal innføre betalingsparkering frå hausten, og no ønskjer dei avklaringar om p-plassane nord for Øyra og om skiltinga i randsona kring høgskuleområdet.
Publisert: 27.07.2019 kl 13:00
Etter at prøveresultata av «meteoritten» som vart funne i Volda synte seg å vere asfalt, trekk finnaren både kompetansen til dei som har utført prøvene og metodane dei har nytta, i tvil.
Publisert: 27.07.2019 kl 08:55 - Oppdatert: 27.07.2019 kl 11:07
Volda/Rossetvikane: Alle dei fire som budde i huset kom seg ut av det overtende huset.
Publisert: 27.07.2019 kl 07:00
Einar Opsvik, rektor ved Møre Folkehøgskule, er særs nøgd med søkjartala til det komande skuleåret. Skulen har kapasitet til 106 elevar, men til no er det omkring 350 som har søkt seg til folkehøgskulen i Ørsta.
Publisert: 26.07.2019 kl 18:00
Øystein Mårstøl frå Ørsta var laurdag i aksjon under det beinharde løpet Swedeman Xtreme triathlon i Åre laurdag.
Kari Anne Mork frå Folkestad har arbeidd store delar av livet i bokhandlar i Volda sentrum. Nå er ho klar for å gå ut i pensjon og nyte meir fritid som pensjonist.
Publisert: 26.07.2019 kl 22:15 - Oppdatert: 27.07.2019 kl 08:58
Fredag kunne Møre måle 29 grader celsius i Volda sentrum.
Publisert: 26.07.2019 kl 13:00
Arbeidet ved Heltnesundet held fram til slutten av august, med atterhald om at det ikkje oppstår særskilde problemstillingar som ikkje er kjende, oppløyser Jarl Martin Møller, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Volda kommune.
Publisert: 26.07.2019 kl 11:20 - Oppdatert: 26.07.2019 kl 11:22
Volda TI Fotball Gutar 16 gjekk heilt til 1/8-finalen i B-sluttspelet i Dana Cup 2019. Men der enda den sterke innsatsen etter tap mot danske Team Horne-Hirtshals.
Publisert: 26.07.2019 kl 07:00
Langs vegen i Elvadalen finn ein fleire store morellebærtre som vart planta av Olav T. Vassbotn. Desse haustar gode bær som både innbyggjarane i Volda og tilreisande fritt kan plukke.
Publisert: 26.07.2019 kl 08:19
Torsdag kveld gjekk tre personar seg fast på fjellet Skarrabben. Dermed vart det sett i gong ein redningsaksjon.
Publisert: 25.07.2019 kl 14:00
Ørsta kommune meiner Telemarksforsking sin rapport bagatelliserer dei økonomiske konsekvensane ved grensejusteringa av Bjørke/Viddal.
Publisert: 25.07.2019 kl 09:45 - Oppdatert: 25.07.2019 kl 12:06
Volda TI Fotball Jenter 14 er vidare til 1/8-finalen i A-sluttspelet i Dana Cup 2019.
Publisert: 25.07.2019 kl 15:50
Sissel Myklebust og resten av gjengen ved Extra i Furene jublar over at Coop si lågpriskjede nyleg vart kåra til Norges billigaste daglegvarekjede av både Nettavisen og VGs matbørs.
Publisert: 25.07.2019 kl 07:00
Elisabeth Rotevatn frå Volda tok med seg mannen og dei to døtrene på el-sykkelferie til Danmark. – Det er tullete å fly til Danmark når ein berre kan sykle dit!
Publisert: 24.07.2019 kl 18:00
Anne Britt Aambø Hallaråker drøymar om eitt stort og framtidsretta folkebad i Volda.
Publisert: 24.07.2019 kl 14:15 - Oppdatert: 24.07.2019 kl 14:28
Sommarvarmen har nådd Vestlandet og no før helga slår ei varmabølgje inn over Vestlandet.
Publisert: 24.07.2019 kl 13:52
Aqua Gen AS i Barstadvika har søkt om løyve frå fylkeskommunen for å setje ut 30.000 settefisk på eit landbasert oppdrettsanlegg.