Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 30.06.2019 kl 13:00
Thomas Lundberg er ein av advokatane som vil tale tingretten si sak til politikarane. – Mister vi tingretten og jordskifteretten, så går det rett på eksistensgrunnlaget vårt. Vi må seie frå at Volda og Ørsta skal ha livets rett.
Publisert: 30.06.2019 kl 12:00
Det brenn eit blått lys for tingretten i Volda. Slaget mot byråkratiet verkar tapt, og einaste håp er at politikarane grip inn. Advokatane og juristane på Søre lovar å nytte all den påverknadskraft dei har i kampen for å behalde Søre Sunnmøre tingrett.
Publisert: 30.06.2019 kl 10:46
Laurdag var det ikkje mindre enn to hundar som ville ha meir fridom. Dermed stakk dei av.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 30.06.2019 kl 07:00
Stiftinga Volda Sogelag har fått støtte frå Sparebanken Møre og Eiendomsmegler Vest til eit nytt skifertak på grindløda, som står på Haualeite.
Publisert: 29.06.2019 kl 21:50 - Oppdatert: 30.06.2019 kl 00:21
Fotballtrenaren som vart sikta for seksuell omgang med barn er blitt sett fri. Han meinar at det han har blitt sikta for ikkje er tilfelle.
Publisert: 29.06.2019 kl 18:00
Fellesnemnda vedtok i sitt førre møte å leggje lokal forskrift om feiing og tilsyn av fyringsanlegg og gebyr for feiing og tilsyn av fyringsanlegg ut på høyring i seks veker.
Publisert: 29.06.2019 kl 16:40 - Oppdatert: 29.06.2019 kl 21:52
Torsdag vart ein fotballtrenar på Søre Sunnmøre tatt av politiet. Han er no fengsla, mistenkt for seksuell omgang med mindreårige. Møre kjenner til at mannen har hatt ei liknande sak på Søre Sunnmøre før, men for ein annan klubb enn han jobba i no. Då vart saka lagt vekk.
Publisert: 29.06.2019 kl 13:00
Volda kommune ser på moglegheita for å nytte Rotevatnet som reservevasskjelde for Volda sentrum. – Så langt ser prøvene veldig bra ut, seier Lars Fjærvold ved avdeling for vatn og avløp.
Publisert: 29.06.2019 kl 07:00
Med gåbuss-kampanjen har elevane ved Vikemarka skule i Ørsta fått ein tryggare skuleveg. Heile 81 prosent av elevane gjekk til skulen fyrste veka i kampanjen, og frå hausten av vert gåbuss ei fast ordning.
Publisert: 28.06.2019 kl 18:00
Torsdag vart Vikebygdvegen lagt om ved Heltneelva. Det skal byggjast ny kulvert under vegen, før trafikken vert flytta attende i veke 33.
Publisert: 28.06.2019 kl 13:00
Volda og Ørsta skal saman med fylkeskommunen utarbeide eit pilotprosjekt der ein får etablert busstilbod med 20 minutts avgangar mellom Ørsta og Volda sentrum.
Publisert: 28.06.2019 kl 07:00
Det er i overkant av 40 einebustadar på Sæbø og per i dag er over ti av desse feriehus. – Det er einebustadane som er mest attraktive på Sæbø, seier Marit Aklestad (SV). Ho foreslår å innføre buplikt i delar av sentrum.
Publisert: 27.06.2019 kl 18:00
Tilsette som på grunn av kommunesamanslåinga får endra arbeidsstad som gir lenger reiseveg, får kompensasjon på inntil 25.000 kroner årleg ut 2021.
Publisert: 27.06.2019 kl 13:35
Avhengig av resultatet i kommunevalet, kan det potensielt vere tre ordførarar fram til årsskiftet.
Publisert: 27.06.2019 kl 08:35 - Oppdatert: 27.06.2019 kl 10:16
Naudetatane har rykt ut etter melding om ein mann som har falt over bord ved småbåthamna i Høydalen.
Publisert: 27.06.2019 kl 10:04
Ørsta kommune har søkt om pengar til satsinga «Miljøbygg barnehage og skule Sæbø, Hjørundfjorden». No har dei fått svaret.
Publisert: 27.06.2019 kl 07:00
Eldre- og folkehelseminister, Sylvi Listhaug (FrP), vitja Ørstaheimen onsdag for å høyre om den nye ordninga om bonushelgetillegg. Den har fått god effekt på det høge sjukefråværet, og kjem både brukarar og tilsette til gode.
Publisert: 26.06.2019 kl 18:00
Førre veke sette Noregs Bank opp styringsrenta frå 1 prosent til 1,25 prosent. Sparebank 1 Søre Sunnmøre har vedteke å heve renta tilsvarande.
Publisert: 26.06.2019 kl 11:26
SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal frå hausten ha bemanna kontor i hovudstaden.
Publisert: 26.06.2019 kl 09:35
Politiet fekk inne melding om at det var ein mann med våpen i Ørsta sentrum. Dette viste seg å vere ei fiskestong.
Publisert: 26.06.2019 kl 07:00
Ørsta kommunestyre vedtok områdeplanen for Ørsta sentrum torsdag. - Vi får ein moderne byplan som vil definere Ørsta som eit regionsenter på Sunnmøre, seier Per Are Sørheim (H).
Publisert: 25.06.2019 kl 18:00
Volda kommune gir VTI Symjing 150.000 kroner i støtte til bassengleige for 2019.
Publisert: 25.06.2019 kl 14:05 - Oppdatert: 25.06.2019 kl 14:15
Widerøe vann Vestlandsanbodet, og får halde fram å fly Bergen – Hovden dei neste fire åra.
Publisert: 25.06.2019 kl 09:30 - Oppdatert: 25.06.2019 kl 13:37
Agder politidistrikt stadfestar til Møre at det var ein 18-år gamal mann frå Møre og Romsdal som fall over bord frå passasjerferja MS «Stavangerfjord» natt til laurdag. Mannen er ikkje funnen, og Agder politidistrikt er i ferd med å avslutte etterforskinga.
Publisert: 25.06.2019 kl 07:00
Endringane trer i kraft når skilta er avdekt, og gjeld frå krysset ved Sjøgata og opp til rundkøyringa.