Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 13.06.2019 kl 13:45 - Oppdatert: 13.06.2019 kl 14:19
Volda Campus Arena AS og Betonmast Røsand AS har signert kontrakten for bygging av ny idrettshall i Volda. Arbeidet byrjar i august, og hallen skal stå klar i november 2020.
Publisert: 13.06.2019 kl 13:00
Fylkesordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Tove Lise Torve, har sendt skriftleg spørsmål til utdanningsminister Iselin Nybø (V) om kvifor Høgskulen i Volda framleis ventar på klarsignal for det nye Mediebygget.
Publisert: 13.06.2019 kl 11:00
Det er kort tid igjen til Dei nynorske festspela opnar, og programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik gler seg over godt billettsal.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 13.06.2019 kl 09:28
Laurdag 15. juni blir installasjonen «Lyden av vatn» avduka på Presteholmen i Elvadalen. Installasjonen er laga av kunstnarane Robert Steinnes og Katharina Teige, og ungdom frå Volda og Ørsta.
Publisert: 13.06.2019 kl 07:00
Den nyinnflytta Ann Iren Glimsdal får mykje ros frå bygdefolket for sine gode idear. Ein av dei var å starte Sunnmøre Yogafestival i Barstadvik.
Publisert: 12.06.2019 kl 18:00
Innan utgangen av 4.-klasse skal norske elevar vere symjedyktige. Volda kommune tek i bruk fleire nærliggjande basseng for å møte dei lovpålagde krava neste skuleår.
Publisert: 12.06.2019 kl 13:00
Lene Nupen vert avdelingsleiar for skule, og Bodil Brautaset vert avdelingsleiar for barnehage i Nye Volda kommune.
Publisert: 12.06.2019 kl 07:00
Tysdag var heile Øyra skule samla til stadiondag med friidrett, ballspel, leik og grilling i det fine sommarvêret.
Publisert: 11.06.2019 kl 21:00
Onsdag 12. juni testar Sivilforsvaret varslingsanlegga.
Publisert: 11.06.2019 kl 13:30 - Oppdatert: 11.06.2019 kl 13:33
Ørsta kommune vil med glede presentere Ivar-Otto Kristiansen som ny seksjonsleiar ved tekniske tenester frå 1. august. Han vil fram til dette halde fram i stillinga som prosjektleiar ved seksjon eigedom.
Publisert: 11.06.2019 kl 07:00
Sjølv om vi er inne i den lysaste årstida, held Kometland ope på dagtid for alle som ønskjer å besøkje astronomisenteret.
Publisert: 10.06.2019 kl 18:00
Stortinget løyver to millionar kroner i Revidert Nasjonalbudsjett til nysatsinga Fjordane Virtuelle Campus på Nordfjordeid. Løyvinga kjem på plass etter framlegg frå Venstre i Finanskomiteen, med støtte frå dei andre regjeringspartia.
Publisert: 10.06.2019 kl 13:00
Hornindal IL søkjer kommunen om støtte til eit forprosjekt som skal utvikle merkevara «Hornindal 514». Ein av ideane som skal jobbast med er eit eige «selfie-punkt» ved Honndalsvatnet.
Publisert: 10.06.2019 kl 07:00
Fellesstova i øvste etasje på Legeloftet betyr mykje for alle dei 18 bebuarane. Her møtast dei og er sosiale saman dagleg. No mister dei stova, for kommunen vil gjere rommet om til eit personalrom.
Publisert: 09.06.2019 kl 21:00
Ein underentreprenør har saksøkt Volda Maskin AS. Dette fordi dei meiner dei skal ha meir betalt. Saka har vore oppe i Søre Sunnmøre tingrett.
Publisert: 09.06.2019 kl 18:00
Erling Ulvestad har ikkje mykje positivt å seie om den planlagde innføringa av Autopass på ferjene. – Det er knytt mange problemstillingar til dette, seier han.
Publisert: 09.06.2019 kl 13:00
Fem jenter frå Volda er heilt einige i at Snapchat er den mest populære appen. Og dette viser også statistikken for brukt tid på appar på telefonen deira. Opp i 14 timar hadde nokre av dei på appen Snapchat i løpet av ei veke, og 40 timar på mobilen generelt.
Publisert: 09.06.2019 kl 07:00
Elevane i 1KDA ved Volda vidaregåande skule har halde på med eit prosjekt utanom det vanlege dei siste vekene. Dei har nemleg fått lov til å «tagge» skulen med eigne kunstverk.
Publisert: 08.06.2019 kl 18:00
Takstmann Ottar Skare har lese rapporten knytt til symjehallen i Volda, og håper politikarane ikkje tek ei forhasta avgjerd i denne viktige saka.
Publisert: 08.06.2019 kl 13:00
Medeigar i Hornindal Eigedomsutvikling AS, Stig Olav Lødemel, seier han ikkje har nokon kommentar til det som vart sagt i kommunestyremøtet anna enn at han er openbert ugild i saka. – Vi har kontakta kommunen som utbyggjarar, og ut over det har eg ikkje hatt med saka å gjere.
Kommunestyret i Hornindal har vedteke å betale for prosjektering av kommunal infrastruktur for vidare utbygging i Grodåsbakkane. Saka har fått ekstra merksemd fordi ordføraren er medeigar i utbyggarselskapet Hornindal Eigedomsutvikling AS.
I eit lesarinnlegg vert det gått hardt ut mot Hornindal kommune si handsaming av prosjekteringskostnadane til infrastruktur i Grodåsbakkane. - Kommunen hoppar bukk over alt av lover og forskrifter, skriv Sigurd Muldsvor.
Publisert: 08.06.2019 kl 07:00
– Rutetilbodet til Hornindal må betrast monaleg for å sikre ei reell kommunesamanslåing. Ved bussterminalen i Volda har vi etterlyst venterom og toalett. Det er ei skam at vi ikkje har eit betre tilbod på ein så sentral terminal.
Publisert: 07.06.2019 kl 23:30 - Oppdatert: 07.06.2019 kl 23:37
Fredag kveld; Politiet har fått melding om ein traktor som ligg på taket i fjøresteinane
Publisert: 07.06.2019 kl 21:00
Torsdag fekk kundane hjå Optikk Volda eit eksklusivt møte med den tidlegare supermodellen og Farmen- kjendis Vendela Kirsebom. Ho var på besøk i butikken for å presentere den nyaste brillekolleksjonen sin, og sytte for at fleire voldingar fann draumebrilla denne dagen.