Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 16.05.2019 kl 07:00
– Med tanke på at vi spelar på Noreg si suverent dårlegaste fotballbane, er Volda klare favorittar, seier Ørsta-trenar Vegard Heltne framfor dagens lokaloppgjer i 4. divisjon.
Publisert: 15.05.2019 kl 18:00
Heile 58 aktørar har meldt seg på Voldamarknaden. Det vert musikalske innslag, oppvisningar og sal/smaksprøver frå ulike standar.
Publisert: 15.05.2019 kl 13:15 - Oppdatert: 15.05.2019 kl 13:16
Fellesnemnda i Nye Volda har avgjort kva kommunehuset Smia skal nyttast til etter samanslåinga.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 15.05.2019 kl 14:21 - Oppdatert: 15.05.2019 kl 14:23
Det er klare reglar for hobbyflyging med dronar. No går politiet ut og minner om Luftfartstilsynet sine fem hovudreglar for bruk av drone på hobbybasis. Politiet fryktar nemleg at nokon kan falle for freistinga til å bruke drone på nasjonaldagen.
Publisert: 15.05.2019 kl 07:00
Gunnar Knutsen (V) i Ørsta kommunestyre har ei klar oppmoding til innbyggjarane: - Ikkje kjøp heliumsballongar. Ein må ikkje kjøpe søppel, sjølv ikkje på 17. mai.
Publisert: 14.05.2019 kl 22:10 - Oppdatert: 14.05.2019 kl 22:15
Norsk Sykepleierforbund heidra to tilsette ved Volda sjukehus då dei delte ut prisane for Årets sjukepleiar og årets sjukepleieleiar.
Publisert: 14.05.2019 kl 18:00
Norges Svømmeforbund er svært uroa over situasjonen for symjeopplæringa og symjing som barne- og ungdomsidrett i Volda etter at symjehallen vart stengt måndag.
Publisert: 14.05.2019 kl 15:37
Ørsta kommune har gjort store investeringar den siste perioden. Investeringane, overforbruk i fleire sektorar og høgt sjukefråvær har gått hardt utover økonomien.
Publisert: 14.05.2019 kl 07:00
Det finnast ikkje dårleg vêr, berre dårlege klær! Trass mykje regn, var det berre store smil, latter og god stemning då Volda omsorgssenter arrangerte rullatormaraton på verdas aktivitetsdag, 10. mai.
Publisert: 13.05.2019 kl 18:00
Etter ny anbodsrunde har prisen på ny idrettshall i Volda gått opp, og det trengst meir pengar dersom ein vil bygge ein full parkeringskjellar. Styret i Volda Campus Arena AS vendt seg til kommunen og tilbode dei å kjøpe tomta og parkeringskjellar under idrettshallen.
Publisert: 13.05.2019 kl 12:36
Symjehallen må stengjast og er tilrådd riven. Det er konklusjonen i ein tilstandsrapport Statsbygg har fått. Hallen stengde måndag.
Publisert: 13.05.2019 kl 07:00
Volda omsorgssenter og kommunen har lenge hatt på agendaen å byggje om sentralkjøkkenet frå kok-kjøl til kok-server. I veke 34 startar ombygginga, og til jul kan dei eldre glede seg over varm og nydampa juleribbe.
Publisert: 13.05.2019 kl 08:30 - Oppdatert: 13.05.2019 kl 08:58
Måndag morgon melder 110-sentralen om ein pipebrann i Nøredalen.
Publisert: 12.05.2019 kl 18:00
– Det er ikkje lett å stable seg på beina etter ein konkurs, men vi har fått god ordretilgang i 2019 og er komne dit at vi treng fleire tilsette, seier ein nøgd adm. dir. Jo Stian Tverberg.
Publisert: 12.05.2019 kl 16:45 - Oppdatert: 12.05.2019 kl 19:45
Ein hagepaviljong tok fyr i Volda sentrum søndag ettermiddag.
Publisert: 12.05.2019 kl 13:00
I mars avgjorde Fellesnemnda i Nye Volda at Austefjord skal høyre til same skulekrins som Hornindal. Tre medlemmar i Fellesnemnda har kravd lovlegkontroll av dette vedtaket, men saka vart trekt før den vart handsama.
Publisert: 11.05.2019 kl 17:24 - Oppdatert: 13.05.2019 kl 10:07
- Bygdepride i Volda og Ørsta førte til ei bølje av pridearrangement over heile landet. De må vere stolte av dykk sjølve, sa Anniken Hauglie ( H) om Bygdepride under Bygdepride laurdag.
Publisert: 12.05.2019 kl 07:00
Det var usemje blant politikarane i Ørsta kommunestyre torsdag. FrP og SV ville utgreie nye alternativ, og fremma forslag om å byggje nytt i massivt tre. Fleirtalet gjekk inn for ei rehabilitering med påbygg for Dalevegen 24.
Publisert: 11.05.2019 kl 21:00
Lauvstadjente blant dei som skreiv verdas beste norskeksamen på nynorsk våren 2018.
Publisert: 11.05.2019 kl 18:00
Etter fem år med restaurantdrift på Bryne, skal Gina Liang og Kam Hang Chan opne asiatisk restaurant i Volda.
Publisert: 11.05.2019 kl 13:00
Ishavsskuta «Polarstar» kjem på vitjing til Sæbø komande søndag og inviterer alle interesserte om bord til ope skip.
Publisert: 11.05.2019 kl 07:00
Dei raudkledde har entra gatene i Volda og Ørsta – årets russefeiring er i gong for fullt. Møre har snakka med russepresidentane Ingri April Vartdal Juliebø og Eirik Sjøhelle Eiksund om tradisjonen, knutar og planar for russetida.
Publisert: 10.05.2019 kl 20:00
Onsdag fekk skuleborn besøkje skuta «Storeggen av Ålesund», ein kopi av ei gamal bankskøyte.
Publisert: 10.05.2019 kl 18:00
Amfi Ørsta eller Alti Ørsta, som er det nye namnet frå september 2019, har inngått ein tre års avtale med Ørsta Fotball.
Publisert: 10.05.2019 kl 15:00
Politiet har kverrsett førarkortet til ein bilførar som køyrde 98 km/t i 60-sona på Vartdalsstranda.