Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 29.04.2019 kl 14:45 - Oppdatert: 29.04.2019 kl 15:43
Politiet melder at ein bil har køyrt av vegen i Barstadvika.
Publisert: 29.04.2019 kl 07:00
Volda Maskin AS ynskjer å etablere eit masseuttak på 90 dekar ved Ytrestøylen. Grunna behov for meir utgreiing var saka utsett i førre formannskapsmøte. Tysdag vert saka teke opp på ny.
Publisert: 28.04.2019 kl 18:00
Etter ein lang vinter med hardtrening er Volda-spelarane i ferd med å finne form og samspel. – Ingen er garanterte plass på laget, seier hovudtrenar Lars-Petter Rønnestad.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 28.04.2019 kl 13:00
Inge Kolås synest Ørsta kommune kan sette fontena til Sogelaget på sentrumstomta som dei eig. - Då får dei som eig den andre tomta i sentrum gjere det dei vil med si tomt, seier han.
Publisert: 28.04.2019 kl 11:53
Laurdag 27.april arrangerte Ørsta og Volda Fjordhestlag si første utstilling på den nye utstillingsplassen på Mo i Ørsta.
Publisert: 28.04.2019 kl 09:17
Det var stor stemning då Rotlaus entra scena i Honndalshallen laurdag kveld. Og stemning og festfaktoren berre auka etterkvart som det populære bandet drog i gang med både allsongar og høg showfaktor.
Publisert: 28.04.2019 kl 09:03
Politiet melder om oljesøl i vegbana på E39 og om ein urinerande mann.
Publisert: 28.04.2019 kl 07:00
Om lag 20 russebilar møtte fram på trafikkstasjonen i Hovdebygda tysdag, for gratis tryggleikssjekk før russetida trer inn for fullt. Av desse vart 15 bilar godkjende.
Publisert: 27.04.2019 kl 20:00 - Oppdatert: 28.04.2019 kl 09:22
Kontrollutvalet i Ørsta hadde torsdag ettermiddag oppe saka om sentrumstomtene i Ørsta, der tidlegare eigar vil kjøpe dei attende, då dei vart tatt frå ho med tvang. Ørsta kommune vil selje dei til høgstbydande.
Publisert: 27.04.2019 kl 18:00
I samband med ny organisering er det oppretta to nye stillingar som avdelingsleiar barnehage og avdelingsleiar skule i Nye Volda kommune.
Publisert: 27.04.2019 kl 13:00
Handverkarar frå Bjørkedalen har bygd Myklebustskipet, verda sitt største vikingskip. I høve opninga av Sagastad opplæringssenter på Nordfjordeid, skal skipet sjøsetjast 27.– 28. april.
Publisert: 27.04.2019 kl 07:00
Årets Dokfilm-festival har trekt mange til kinosalen på Samfunnshuset. I dag er det barna som står i fokus, med folkefest og Barnedok.
Publisert: 26.04.2019 kl 18:00
Pål Christian Brautaset valde å flytte heim etter studiar i Bergen, for å arbeide som fysioterapeut i Volda. – Det er ein spennande kvardag, og det er gjevande å hjelpe andre og sjå at det gjev resultat.
Publisert: 26.04.2019 kl 16:28
Samferdsleminister Jon Georg Dale hadde ikkje med seg meir pengar til Voldatunnelen då han var i heimbygda fredag. – Men eg har registrert at det er sterkt lokal ønskje om å halde fast på den vedtekne reguleringsplanen. Då må det jobbast for å finne innsparingar innan den, sa Dale.
Publisert: 26.04.2019 kl 14:55 - Oppdatert: 26.04.2019 kl 14:58
Bil i tunnelen har fått motorstopp. Tunnelen blir stengt ei kort stund, melder politiet på Twitter.
Publisert: 26.04.2019 kl 13:23
SpareBank 1 Søre Sunnmøre vil vere med og støtte KFUM Volda Volleyball sitt arbeid for å utvide sandvolleyballanlegget på Årneset.
Publisert: 26.04.2019 kl 10:35 - Oppdatert: 26.04.2019 kl 10:49
Fredag i 10.30-tida køyrde ein bil med ei lift bak av vegen i Vikane i Volda.
Publisert: 26.04.2019 kl 11:29
Tussa sitt kundesenter er kåra til best i test innanfor kategorien energi. Førsteprisen vart delt ut under Call Center-dagane 25. april.
Publisert: 26.04.2019 kl 09:27
Song-konkurransen The Voice har starta med livesendingar, og fredag er det Nora Aurdal (20) frå Volda sin tur til å overvise publikum.
Publisert: 26.04.2019 kl 07:00
Jordmor Mari Heltne og overlege i gynekologi, Jobe Smith, har vore på hospitering ved eit sjukehus i Kambodsja. No har fødeavdelinga i Volda fått besøk av ei jordmor og ein fødselslege frå det sørasiatiske landet.
Publisert: 25.04.2019 kl 18:00
Voldaherrane opnar 2019-sesongen borte mot Emblem fredag.
Publisert: 25.04.2019 kl 13:34
Årleg kårar Widerøe’s Flyveselskap årets beste stasjon mellom alle Widerøe sine destinasjonar i inn- og utland. Kriterium for Årets Stasjon er prestasjonar innanfor flyselskapet sine hovudprioriteringar sikkerheit, punktlegheit og service.
Publisert: 25.04.2019 kl 10:36
I morgon kjem samferdsleminister Jon Georg Dale (FrP) til Volda, og tema vert Voldatunnelen.
Publisert: 25.04.2019 kl 07:00
Øyvind Arne Høydal frå Volda, og andre norske forskarar, har funne hjernecellene som held styr på kvar ting er rundt oss. – Ved å vite korleis den friske hjernen fungerer, kan ein forstå kva som skjer når hjernen vert sjuk.
Publisert: 24.04.2019 kl 18:00
Frå og med 1. mai får du ikkje lenger høyre Radio Sunnmøre sine sendingar via BygderadioVest. Då må du nytte DAB eller internettradio, og som plaster på såret får du ein kristen lokalradio døgnet rundt.