Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 10.05.2019 kl 18:00
Amfi Ørsta eller Alti Ørsta, som er det nye namnet frå september 2019, har inngått ein tre års avtale med Ørsta Fotball.
Publisert: 10.05.2019 kl 15:00
Politiet har kverrsett førarkortet til ein bilførar som køyrde 98 km/t i 60-sona på Vartdalsstranda.
Publisert: 10.05.2019 kl 14:00 - Oppdatert: 10.05.2019 kl 14:05
Statens vegvesen melder at det vert kolonnekøyring i Hjartåbergtunnelen i veke 20 og 21.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 10.05.2019 kl 07:00
Fredag 10. mai opnar Sagastad på Nordfjordeid, Vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida, med det 30 meter lange Myklebustskipet som hovudattraksjon.
Publisert: 09.05.2019 kl 19:35 - Oppdatert: 10.05.2019 kl 10:43
Torsdag kveld melder politiet at dei har kverrsett førarkortet til ein bilførar som køyrde i 114 km/t på E39 Kvivsvegen.
Publisert: 09.05.2019 kl 19:00
Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vore samla i Volda denne veka. Her fekk dei mellom anna høyre om planane om å etablere Norsk Innovasjonssenter i Ivar Aasen-huset på høgskuleområdet.
Publisert: 09.05.2019 kl 16:03
Kjem du til eit hus som har Prideflagget ståande framme, veit du at her er rom for mangfald og inkludering. Slik som i eit hus på Lauvstad. Transperson Gjermund Olava Grini tok det tøffe steget å kom ut med si legning for nøyaktig tre år sidan, og har slett ikkje angra!
Publisert: 09.05.2019 kl 15:55
Heilt sidan barnehagealder har Inga Klepp Bjørndal visst at ho likar jenter. Då ho gjekk siste året på ungdomsskulen, valde ho å stå fram med legninga si.
Publisert: 09.05.2019 kl 07:00
Fleire lokale ungdom frå Volda og Ørsta har delteke på fylkesfestivalen i UKM. Birgithe Kristine Runde frå Åmdalen i Ørsta, imponerte dommarane og er med vidare til den nasjonale UKM-festivalen med akvarellbildet «Mildrid».
Publisert: 08.05.2019 kl 18:00
SNR-prosjektet sender ut ny konkurranse for bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Konkurransen er ein totalentreprise med samhandling og budsjettprisen er 2,1 milliardar kroner.
Publisert: 08.05.2019 kl 16:35 - Oppdatert: 09.05.2019 kl 15:30
Regjeringa gir Høgskulen i Volda kr. 3 mill. til ombygging av det store auditoriet i Hans Strøm-huset. – Prosjektet har vi kalla «Veksel-Strøm» fordi vi vil lage eit lokale der ein kan veksle mellom undervisnings- og arbeidsmåtar, seier dekan Odd Ragnar Hunnes.
Publisert: 08.05.2019 kl 11:25 - Oppdatert: 08.05.2019 kl 12:36
Politiet melder at ein bil har hamna på taket etter ei trafikkulukke på E39 mellom Festøy og Barstadvika.
Publisert: 08.05.2019 kl 07:00
Kommunestyret i Volda ynskjer å honorere og inspirere det gode og viktige arbeidet som vert gjort på kulturfeltet i kommunen, og deler av den grunn årleg ut ein kulturpris for Volda.
Publisert: 07.05.2019 kl 18:00
Kalvatn Kroppspleie fyller to år. Og i den anledning blei det feiring laurdag den 4. mai. Salongen var pynta til bursdagsfeiring, og kundane som kom fekk goodiebags og gode tilbod denne dagen.
Publisert: 07.05.2019 kl 13:00
Betonmast Røsand har levert det beste pristilbodet på ny idrettshall i Volda, og har teke imot tildelingsbrev frå Volda Campus Arena AS. – No står det att endelege avklaringar om opsjonar for parkeringskjellar og klatrehall før vi kan byrje å byggje hallen, seier styreleiar Arild Bakke.
Publisert: 07.05.2019 kl 15:50 - Oppdatert: 07.05.2019 kl 15:50
Naturfotografen Roger Brendhagen kjem til Volda for å halde foredrag. - Dette vert eit sjeldan høve til å møte ein av Noregs mest profilerte naturfotografar, seier arrangøren, Biofoto Sunnmøre og Nordfjord.
Publisert: 07.05.2019 kl 07:00
Formannskapet i Ørsta fekk tysdag ein gjennomgang av Dalevegen 24. Etterpå vedtok dei rehabilitering med påbygg, i staden for å byggje heilt nytt.
Publisert: 06.05.2019 kl 18:00
Volda og Ørsta ynskjer å utvikle og styrke kollektivtilbodet i området, og oppnå auka bruk av buss. No ber dei innbyggjarane om hjelp til å vite kvar ressursane skal setjast inn.
Publisert: 06.05.2019 kl 15:55 - Oppdatert: 06.05.2019 kl 16:39
Politiet melder at to bilar har kollidert i Eiksundtunnelen. Tre personar er innblanda.
Publisert: 06.05.2019 kl 13:10 - Oppdatert: 06.05.2019 kl 13:43
Det er bygdepridestemning i Volda og Ørsta. Måndag fortalde arrangørane at dei er klar, det er om lag like mange påmelde som under suksessåret i fjor og programmet er spikra.
Publisert: 06.05.2019 kl 07:00
Møre Folkehøgskule vil satse breiare og søkjer dermed Næringsfondet i Ørsta kommune om ei støtte på 60.000 kroner. Prosjektet dei vil prøve seg på kallar dei «Sommar i Sunnmørsalpane, – turar og opplevingar for vaksne og familiar».
Publisert: 06.05.2019 kl 09:30 - Oppdatert: 06.05.2019 kl 09:35
Søndag kveld melde politiet at det er funne ein daycruicer i Hjørundfjorden.
Publisert: 05.05.2019 kl 18:00
Volda kommune startar asfaltsesongen måndag. Tre vegar på Lauvstad er fyrst ut.
Publisert: 05.05.2019 kl 13:00
Tredjeklassingane ved Volda vgs. har fått svar på DNA-prøvene dei tok i haust, og får sjå korleis ættelinene deira har vandra ut frå Afrika og gått i ulike retningar før dei har kome til Sunnmøre og Volda.
Publisert: 05.05.2019 kl 07:00
Marit Aklestad vil at Ørsta kommunestyre skal gjere eit vedtak som seier at dei ikkje skal kjøpe inn eller nytte digitale læremiddel på bokmål.