Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 05.08.2015 kl 15:15 - Oppdatert: 05.08.2015 kl 15:57
To tunnelar har vorte stengt på Søre Sunnmøre i ettermiddag. I begge tilfella var det snakk om bilberging.
Publisert: 04.08.2015 kl 15:36
Statens Vegvesen søkjer no kommunen om dispensasjon frå reguleringsplanen for Vikeneset. Dette fordi dei planlegg å byggje ny ferjekai som skal erstatte eksisterande kai for sambanda til Folkestad og Lauvstad. Målet er at prosjektet har byggestart i 2016.
Publisert: 03.08.2015 kl 13:07 - Oppdatert: 03.08.2015 kl 13:12
Årets Naturfestival var ekstra lang. Trass varierande vêr, vart arrangementet ein suksess.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 31.07.2015 kl 13:58 - Oppdatert: 28.08.2015 kl 14:57
I samband med dei to fylkestoppane sitt besøk til Volda og Ørsta på onsdag, vart også problematikken med industriområde kontra landbruksareale diskutert.
Publisert: 02.08.2015 kl 07:00
Det summar i øyra, folk snakkar og hygger seg i godt lag over ein kopp kaffi eller noko anna godt. Det dårlege vêret trekk voldingane til kafeane.
Publisert: 31.07.2015 kl 13:54 - Oppdatert: 28.08.2015 kl 14:57
1.kandidat Kristin Sørheim og 3.kandidat Marit Nerås Krogsæter på Senterpartiet si Fylkestingsliste, er for tida på sykkeltur rundt i heile fylket. Onsdag var turen komen til Volda og Ørsta, og lokale politikarar fekk møtt dei to, og diskutert viktige lokale saker med dei.
Publisert: 01.08.2015 kl 21:15 - Oppdatert: 01.08.2015 kl 21:20
Laurdag kveld i 20.30-tida, jakta politiet ei laus høne i Ørsta sentrum
Publisert: 01.08.2015 kl 07:00
Fredag var siste feriedag i fellesferien, og på måndag startar arbeidet igjen for dei aller fleste. Vi har snakka med ordførarane og lensmannen for å høyre kva dei brukar ferien sin på.
Publisert: 31.07.2015 kl 14:12
Det er enno ei helg igjen av Naturfestivalen i Ørsta, og desse dagane er det duka for både konsertopplevingar og toppturmoglegheiter. Kanskje vil du ta steget og vere med i konkurranseklassen i Saudehornet rett opp?
Publisert: 31.07.2015 kl 10:31
Etter å ha slått Nordby Turbojenter 1-0 torsdag kveld, er jentelaget til Hovdebygda/Mork no klare for finale i B-sluttspelet i Norway Cup!
Publisert: 31.07.2015 kl 15:22
Hovdebygda/Mork vann over Sunndal
Publisert: 31.07.2015 kl 08:37
Kameratane Jan Olav Hoggen og Tore Vinjevoll, har halde i hop i tjukt og tynt sidan den gongen dei sat i sandkassa. Sjølv om dei etter nesten 40 år har endra seg mykje, har dei ei stor felles interesse, nemleg dikting.
Publisert: 30.07.2015 kl 23:29 - Oppdatert: 30.07.2015 kl 23:50
Det var to menn frå Ålesundtraktene som vart tatt på Riste. Den siste av dei overgav seg til politiet i 22-tida.
Publisert: 30.07.2015 kl 21:32 - Oppdatert: 30.07.2015 kl 23:32
Torsdag i middagstida, oppdaga personar på Kvamsøya at det låg ein båt på land ved Riste. Båten vart sett i forbindelse med ein stolen båt frå Ålesundområde.
Publisert: 30.07.2015 kl 16:33 - Oppdatert: 10.08.2015 kl 16:26
Maurice oppmodar alle voldingar om å ta turen til Folkestad på fredag.
Publisert: 30.07.2015 kl 07:00
Eit yrande folkeliv og stort lokalt engasjement møtte Noregsturneen til AMCAR Norway Cruise i Ørsta søndag.
Publisert: 29.07.2015 kl 18:00
Sommarles er populært blant born i Volda, og i år er langt fleire med i konkurransen, enn tidlegare.
Publisert: 29.07.2015 kl 09:56
Det vart siger for Sivert Heltne Nilsen i hans første kamp i Brann-drakta tysdag kveld.
Publisert: 28.07.2015 kl 23:57 - Oppdatert: 29.07.2015 kl 00:08
Like etter kl. 23 tysdag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til ei brennande garasje
Publisert: 28.07.2015 kl 10:40 - Oppdatert: 28.07.2015 kl 10:44
I kveld spelar Brann borte mot Follo. Sivert Heltne Nilsen er teken ut i troppen, og kan dermed få sin debut i Brann-drakta.
Publisert: 28.07.2015 kl 07:00
Kaldt sommarvêr har redusert lynaktiviteten over Møre og Romsdal. Mot normalt har dei ikkje registrert lynskade i sommar.
Publisert: 24.07.2015 kl 15:46 - Oppdatert: 27.07.2015 kl 09:49
I helga starta den største fotballturneringa i Noreg, Norway Cup. Rundt 1600 lag frå 55 nasjonar deltek i turneringa. Blant desse finn vi både Volda, Hovdebygda/Mork og Ørsta.
Publisert: 27.07.2015 kl 15:58 - Oppdatert: 27.07.2015 kl 16:02
Har du sett eit slikt merke før? Dette fann Jakob Helset på ein pjakk, og lurer på kvar den kan stamme frå.
Publisert: 27.07.2015 kl 12:35 - Oppdatert: 27.07.2015 kl 16:29
Båten som vart meldt stolen ved eit verft på Fiskarstranda søndag, vart funnen i Volda måndag føremiddag.
Publisert: 25.07.2015 kl 08:16 - Oppdatert: 27.07.2015 kl 09:15
Firebarnsmor frå Bergen, tidlegare busett i Barstadvika, sette uoffisiell rekord opp og ned Mont Blanc, iført eit skjørt. Faksimile frå Bergens avisa, Bergens Tidene.