Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 15.05.2019 kl 07:00
Gunnar Knutsen (V) i Ørsta kommunestyre har ei klar oppmoding til innbyggjarane: - Ikkje kjøp heliumsballongar. Ein må ikkje kjøpe søppel, sjølv ikkje på 17. mai.
Publisert: 14.05.2019 kl 15:37
Ørsta kommune har gjort store investeringar den siste perioden. Investeringane, overforbruk i fleire sektorar og høgt sjukefråvær har gått hardt utover økonomien.
Publisert: 14.05.2019 kl 07:00
Det finnast ikkje dårleg vêr, berre dårlege klær! Trass mykje regn, var det berre store smil, latter og god stemning då Volda omsorgssenter arrangerte rullatormaraton på verdas aktivitetsdag, 10. mai.
Publisert: 13.05.2019 kl 07:00
Volda omsorgssenter og kommunen har lenge hatt på agendaen å byggje om sentralkjøkkenet frå kok-kjøl til kok-server. I veke 34 startar ombygginga, og til jul kan dei eldre glede seg over varm og nydampa juleribbe.
Publisert: 12.05.2019 kl 07:00
Det var usemje blant politikarane i Ørsta kommunestyre torsdag. FrP og SV ville utgreie nye alternativ, og fremma forslag om å byggje nytt i massivt tre. Fleirtalet gjekk inn for ei rehabilitering med påbygg for Dalevegen 24.
Publisert: 11.05.2019 kl 07:00
Dei raudkledde har entra gatene i Volda og Ørsta – årets russefeiring er i gong for fullt. Møre har snakka med russepresidentane Ingri April Vartdal Juliebø og Eirik Sjøhelle Eiksund om tradisjonen, knutar og planar for russetida.
Publisert: 10.05.2019 kl 07:00
Fredag 10. mai opnar Sagastad på Nordfjordeid, Vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida, med det 30 meter lange Myklebustskipet som hovudattraksjon.
Publisert: 09.05.2019 kl 07:00
Fleire lokale ungdom frå Volda og Ørsta har delteke på fylkesfestivalen i UKM. Birgithe Kristine Runde frå Åmdalen i Ørsta, imponerte dommarane og er med vidare til den nasjonale UKM-festivalen med akvarellbildet «Mildrid».
Publisert: 08.05.2019 kl 07:00
Kommunestyret i Volda ynskjer å honorere og inspirere det gode og viktige arbeidet som vert gjort på kulturfeltet i kommunen, og deler av den grunn årleg ut ein kulturpris for Volda.
Publisert: 30.04.2019 kl 07:00
For meir enn tusen år sidan segla eit praktfull vikingskip over Eidsfjorden. No har Myklebustskipet stått opp att frå oska, takka vere dei dyktige båtbyggjarane frå Bjørkedalen. I helga vart det sjøsett og døypt på ekte vikingvis!
Publisert: 29.04.2019 kl 07:00
Volda Maskin AS ynskjer å etablere eit masseuttak på 90 dekar ved Ytrestøylen. Grunna behov for meir utgreiing var saka utsett i førre formannskapsmøte. Tysdag vert saka teke opp på ny.
Publisert: 28.04.2019 kl 07:00
Om lag 20 russebilar møtte fram på trafikkstasjonen i Hovdebygda tysdag, for gratis tryggleikssjekk før russetida trer inn for fullt. Av desse vart 15 bilar godkjende.
Publisert: 27.04.2019 kl 13:00
Handverkarar frå Bjørkedalen har bygd Myklebustskipet, verda sitt største vikingskip. I høve opninga av Sagastad opplæringssenter på Nordfjordeid, skal skipet sjøsetjast 27.– 28. april.
Publisert: 26.04.2019 kl 18:00
Pål Christian Brautaset valde å flytte heim etter studiar i Bergen, for å arbeide som fysioterapeut i Volda. – Det er ein spennande kvardag, og det er gjevande å hjelpe andre og sjå at det gjev resultat.
Publisert: 26.04.2019 kl 09:27
Song-konkurransen The Voice har starta med livesendingar, og fredag er det Nora Aurdal (20) frå Volda sin tur til å overvise publikum.
Publisert: 26.04.2019 kl 07:00
Jordmor Mari Heltne og overlege i gynekologi, Jobe Smith, har vore på hospitering ved eit sjukehus i Kambodsja. No har fødeavdelinga i Volda fått besøk av ei jordmor og ein fødselslege frå det sørasiatiske landet.
Publisert: 25.04.2019 kl 07:00
Øyvind Arne Høydal frå Volda, og andre norske forskarar, har funne hjernecellene som held styr på kvar ting er rundt oss. – Ved å vite korleis den friske hjernen fungerer, kan ein forstå kva som skjer når hjernen vert sjuk.
Publisert: 23.04.2019 kl 18:00
Med minimal snøskredfare og strålande sol frå blå himmel, vart denne påska noko av det beste som tenkjast kan. Iallfall til langfredag. Då kom lette skyer sigande, men temperaturen var det slett ikkje noko å seie på resten av påskehelga heller.
Publisert: 23.04.2019 kl 07:00
Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) ynskjer å byggje eit biogassanlegg på Melsgjerdet. No vil politikarane i Ørsta formannskap kome i gong og utvikle industriområdet.
Publisert: 22.04.2019 kl 07:00
For aller første gong vitjar ein statsminister Operahuset Nordfjord. Det skjer torsdag 25. april, på dagen ti år etter at operahuset vart offisielt opna av kulturministeren
Publisert: 21.04.2019 kl 07:00
Ørsta Jeger- og fiskarforeining, Bondalen elveeigarlag og Vartdal elveeigarlag får tilskot frå fylkesmannen i Møre og Romsdal, til kartlegging og diverse andre aktivitetar.
Publisert: 20.04.2019 kl 07:00
VTI-alliansen heidra Øystein Bakke på sjølve dagen, 16. april, med overraskingsfest i klubbhuset på stadion. Jubilanten vart feira med kake, flotte gåver og mange gode helsingar.
Publisert: 19.04.2019 kl 18:00
– Sjølv om ikkje Volda og Ørsta er såkalla pressområde for bokmål, merkar vi konkurransen med bokmål her også. Dette fordi bokmål dominerer sentralt, seier den ferske direktøren for Nynorsk Kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark. 17. mai held han talen for dagen i Volda.
Publisert: 19.04.2019 kl 07:00
– Det er imponerande å sjå campus i Volda og korleis deira sjølvstende ivaretek den faglege aktiviteten og studentengasjementet.
Publisert: 18.04.2019 kl 13:00
Passasjerskipet MS Nordstjernen, som har gått 56 år i teneste som hurtigruteskip, vitjar Volda for fyrste gong skjærtorsdag.