Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 10.05.2018 kl 07:00
Volda kommune skal vere pådrivar for at det kjem ein hurtigladestasjon for el-bilar i sentrum. Det er klart etter at eit samla kommunestyre har gitt si støtte til ein interpellasjon frå Senterpartiet, SV og Miljøpartiet Dei Grøne.
Publisert: 09.05.2018 kl 07:00
Torsdag kveld er opninga av den aller fyrste Bygdepride i Ørsta og Volda. I løpet av dei neste tre dagane blir det både parade, konsert og andre festlegheiter i bygda.
Publisert: 08.05.2018 kl 09:30
I morgon, onsdag, er oppstarten på eit litt annleis integreringsprosjekt i Volda. Innvandrarar og lokale innbyggjarar er velkomne til å delta, og målet er å lage ein økologisk grønsakhage, hauste grønsakene og førebu spennande rettar i fellesskap.
Publisert: 05.05.2018 kl 07:00
Arbeidsveka har vore spesiell nok for dei fleste, men for nokre har den kanskje vore litt meir spennande enn for andre.
Publisert: 04.05.2018 kl 18:00
Senterleiar for Spinneriet, Jon Heltne, meiner ein må leggje til rette for større handelsaktørar i sentrum, og at Volda sentrum må gjerast meir tilgjengeleg. Også for bilar. – Vi må fjerne all trafikkregulering og lage 30-sone i heile sentrum. Det er ikkje New York dette her.
Publisert: 03.05.2018 kl 07:00
Dei som trur at 1. mai har utspela rolla si, fekk svar på tiltale då mellom 120 og 150 menneske deltok på 1. mai-arrangementet i Volda tysdag.
Publisert: 02.05.2018 kl 07:00
Volda tok tre nye poeng i årets første heimekamp. Gjestande Brattvåg var eigentleg aldri med i kampen, og det vart ein solid og trygg siger til grøntrøyene.
Publisert: 29.04.2018 kl 13:00
I høve den landsdekkande Strandryddedagen 5. mai, har fleire teke ansvar og bretta opp ermane for å rydde søppel i Volda. Torsdag rydda flittige ungdomsskuleelvar på Årneset, og fleire var sjokkerte over kor mykje søppel dei fann.
Publisert: 27.04.2018 kl 12:52
17.mai nemnda i Volda ser fram til Nasjonaldagen med varierte og kjekke innslag for store og små.
Publisert: 27.04.2018 kl 07:00
Kunstlaget i Volda og Ørsta er blitt trekt ut til å delta i eit landsomfattande kunstprosjekt. No søkjer dei ungdom mellom 15 og 18 år, som saman med kunstnar Robert Steinnes skal lage eit kunstverk inspirert av vasskraft.
Publisert: 26.04.2018 kl 18:00
NMS Gjenbruk i Volda merkar ei aukande interesse for heimelaga heklavarer og broderi. Dei neste to vekene er det «handarbeidsdagar» som står i fokus på gjenbruksbutikken.
Publisert: 25.04.2018 kl 13:00
Det som starta med to engasjerte journalistikkstudentar i 1996, har utvikla seg til ein folkefest som engasjerer heile Volda. For 22. gong arrangerast Noregs eldste og største dokumentarfilmfestival, og i år er det Oda Næs Skoglund som har teke på seg jobben med å skape ein arena der folk får...
Publisert: 20.04.2018 kl 18:00
Om du ser ein knallraud eller grå veteranbil langs vegane med ei dame bak rattet, kan det vere Gunnhild Vassbakke Dale som er ute på tur. Ho køyrer mykje bil, både i jobbsamanheng og på privaten. Fleire blankpolerte glis står på tunet og i garasjen, for Gunnhild har eit bankande hjarte for...
Publisert: 19.04.2018 kl 12:42
Som ei motstemme til Pride-feiringa i mai, fekk Hans Reite og andre eit kall om å arrangere Jesus-marsj for å fremme Guds ord.
Publisert: 19.04.2018 kl 07:00
Karsten Longvastøl Olsen har teke over som dagleg leiar for SkOlsen, etter mange år i skobransjen på Austlandet. Han ser positivt på framtida som butikkdrivar og meiner Volda sentrum har eit stort potensial.
Publisert: 12.04.2018 kl 07:00
Det er stor sykkelinteresse i Volda, og initiativtakarar ynskjer no å lage ein gjennomført dirtbike-park med kuler og hopp i ulike størrelsar. Men for å realisere planane, har dei behov for fleire sponsorar.
Publisert: 07.04.2018 kl 13:00
Velvillig støtte frå Voldasamfunnet har bidrege til at Kometland har fått eit nytt solteleskop. - Det vert spennande tider i vente når vi no kan opne for heilårsdrift ved Kometland, seier Knut B. Aarseth.
Publisert: 06.04.2018 kl 18:00
På årets vårkonsert med Høgskuleorkesteret i Volda skal Pål Andreas Folldal Aam vere solist på gitar. Han er frå Åmdalen og studerer for tida ved Noregs musikkhøgskole.
Publisert: 24.03.2018 kl 13:00
Det var ingen som sat på sidelinja då alle klassene ved Volda ungdomsskule deltok under årets MGP. Det var mange strålande ungdommar å sjå. Dei som fekk flest poeng for innsatsen var «Verda rundt» med 10a.
Publisert: 23.03.2018 kl 18:00
Ein gong i månaden samlast foreininga for slagramma på Mork rehabiliteringssenter. – Vi som er her, har eit stort hjarte for Mork. Fleire kom hit på båre frå sjukehuset, men gjekk herifrå på eigne bein, seier foreiningsleiar John Hide.
Publisert: 19.03.2018 kl 18:00
Voldajentene Louise Bjørdal og Julijane Vasbotn Remmereit deltok på Midtnorsk meisterskap i drill og imponerte med strålande resultat.
Publisert: 09.03.2018 kl 18:00 - Oppdatert: 09.03.2018 kl 22:36
– Om eg hadde hatt moglegheit hadde eg reist bort att til Arizona i morgon den dag, seier Madsi Vinjevoll entusiastisk.
Publisert: 23.02.2018 kl 18:00
Eirik Risholm Velle (30) frå Ørsta, vart ferdigutdanna skodespelar i 2013. No reiser han rundt på turne i Noreg med Riksteateret sin musikal Trollmannen frå Oz, der han spelar fugleskremsel.
Publisert: 15.02.2018 kl 10:48 - Oppdatert: 15.02.2018 kl 10:53
For 22. gong kunne to linjer ved Volda vidaregåande skule presentere ein profesjonell musikal. Denne gongen var det den nyskrivne «Cry Wolf». Tekstene og melodiane til gruppa A-ha viste seg å vere ypparlege til å lage ein spennande, lidenskapeleg og sterk musikal av. Alle som medverka ytte...
Publisert: 09.02.2018 kl 18:00
Under opninga av Internasjonal dag, nytta prorektor Jens Standal Groven og dei tilsette ved Høgskulen i Volda høvet til å minnast ein kjær kollega. Alle hadde på seg noko lilla til minne om «den fargerike dama», Cecilie Wilhelmsen.