Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Ørsta. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 16.07.2020 kl 12:45
Aldri før har Høgskulen i Volda lyst ut så mange stipendiatstillingar i løpet av eitt år som i 2020 – heile 14 i talet.
Publisert: 15.07.2020 kl 18:00
Før sommaren vart Tilstandsrapporten for grunnskulen 2019-2020 lagt fram for kommunestyret. Rapporten tek føre seg resultat i gamle Volda kommune, og syner at elevane i Voldaskulen har god framgang og gode faglege resultat.
Publisert: 15.07.2020 kl 14:35 - Oppdatert: 15.07.2020 kl 15:03
Ein mann i 20-åra er mistenkt for promillekøyring i Volda, og ved undersøking av mannen sin bopel fann politiet narkotika.
Publisert: 15.07.2020 kl 11:45 - Oppdatert: 15.07.2020 kl 11:45
Uteseksjonen er i full gang med å henge opp plakatar og skilt rundt om kring i heile Ørsta kommune for å minne om smittevernreglane.
Publisert: 14.07.2020 kl 13:00
Avdelinga for vatn og avløp i Volda kommune krev erstatning frå avdelinga for samfunnsutvikling for kostnadar dei har hatt med ein tett pumpestasjon på avløpsnettet på Grodås. Dei meiner massar frå utbygginga av Løvland byggefelt har tetta stasjonen.
Publisert: 14.07.2020 kl 10:28
Mange festivalar har valt å avlyse, men Animation Volda vil gå mot straumen og tek sikte på å arrangere ein fullverdig filmfestival.
Publisert: 13.07.2020 kl 18:00
Når Volleyballforbundet inviterer til landslagssamlingar i juli og august, så er det med voldingar på både junior- og seniorlandslaga.
Publisert: 13.07.2020 kl 16:10
- Etter positive søk under "Storeniven" måndag 13. juli er no alt vesentleg av leivningar funne etter Maja Justyna Herner som vart sakna i fjella ovanfor Ørsta sentrum på Sunnmøre 21. november 2018. Vi har også funne mobiltelefonen og klokka hennar, seier politiinspektør Yngve Skovly.
Publisert: 13.07.2020 kl 13:00
Fylkesmannen meiner det må gjennomførast arkeologiske registreringar før det kan startast utbygging på Langeteigen i Volda sentrum. Fylkesmannen meiner dette området har stort potensial for freda kulturminne, særskilt knytt til forhistorisk jordbruk og gardsbusetting.
Publisert: 13.07.2020 kl 07:00
Møre Folkehøgskule har full fått fylt opp alle plassane til det nye studieåret som byrjar til hausten.
Publisert: 12.07.2020 kl 15:00
Ein bebuar ved Storgata har vendt seg til kommunen med bøn om ekstra fartsskilt for å få bukt med råkøyring i den trafikkerte sentrumsgata. - Vi opplever påkøyrsler av husdyr og lite vilje blant bilistar til å etterleve den nye 30-grensa.
Publisert: 11.07.2020 kl 15:00
Volda kommune ønskjer å innføre 40-grense på Morkavegen og delar av Håskjoldvegen, men då Morkavegen er påkopla fylkesvegnettet på to stadar må ein ha løyve frå Statens vegvesen. Det kan ta opptil seks månadar.
Publisert: 10.07.2020 kl 15:30 - Oppdatert: 13.07.2020 kl 08:00
Innebandyklubben er frustrerte over manglande banemerking for dei i den nye idrettshallen. Styreleiar i VCA AS, Arild Bakke, seier dei har sett på saka i styremøte, og at ein skal greie å finne ei løysing. – Men vi er overraska over at det kjem eit så hardt utspel fire månadar før hallen...
Publisert: 10.07.2020 kl 15:00 - Oppdatert: 13.07.2020 kl 08:03
Den tredje store hallidretten i Volda, innebandy, kjenner seg oversett når det kjem til bruken av den nye idrettshallen. Dei peikar på manglande oppmerking for innebandy og vanskar med å få halltid, og har teke dette direkte opp med ordførar Sølvi Dimmen.
Publisert: 10.07.2020 kl 13:40 - Oppdatert: 10.07.2020 kl 13:50
Volda kommune kommenterer avtalen for ny legevaktsentral i Hovdebygda, og seier at leigeprisen har vore offentleg kjend sidan oktober i fjor. Leigeprisen er kr. 603.000 i året i 15 år. – Kontrakten som no er avtala ligg innanfor godkjend kostnad.
Publisert: 10.07.2020 kl 11:54
Alle studentar ved Høgskulen i Volda vil i haustsemesteret få minimum halvparten av undervisninga med fysisk oppmøte på skulen. Sjølv om det betyr undervisningstimar litt lengre utover dagen, er prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim overtydd om at løysinga er ein klar fordel for studentane.
Publisert: 10.07.2020 kl 10:35 - Oppdatert: 10.07.2020 kl 10:35
Kommunen har etablert mellombels bubilparkering ved Volda samfunnshus. Tilbodet gjeld i juli og august.
Publisert: 10.07.2020 kl 10:00
Volda kommune har sagt opp avtalen om legevaktsentral ved Volda sjukehus og skal vere klare til å flytte inn i nye lokale i Hovdebygda innan februar 20201. Legevaktsentralen i Hovdebygda vert eit samarbeid med Ørsta kommune.
Publisert: 10.07.2020 kl 07:00
Det er sendt søknad til Volda kommune om rammeløyve for eit 3200 m² stort næringsbygg på Øvre Rotset. Bygget skal huse Rema 1000 og Europris, og skal stå ferdig i 2022.
Publisert: 09.07.2020 kl 14:33 - Oppdatert: 09.07.2020 kl 18:15
Leiar for Ørsta Næringskontor, Odd Magne Vinjevoll, meiner kommersialiseringa av rutetilbodet på kortbaneflyplassane som vart sett i gang 2016 har vore mislykka. Han åtvarar om at situasjonen ved Ørsta-Volda lufthamn Hovden no er kritisk.
Publisert: 09.07.2020 kl 13:03
Volda kommune byggemelder fjordportal og fyrlykt på moloen ved småbåthamna. Begge tiltaka er ein del av sentrumsprosjektet for å gjere Volda til ein meir attraktiv stad.
Publisert: 08.07.2020 kl 15:15
Då folkehøgskuleåret brått vart avslutta av korona, fekk Gjermund Eide Bratberg (20) ein idé: Han ville køyre Noreg rundt for å seie ha det til medelevane sine. Torsdag var han i Volda.
Publisert: 08.07.2020 kl 12:55
Volda kommune varslar oppstart av arbeid med områderegulering for Grodås og tilgrensande areal.
Publisert: 07.07.2020 kl 18:22
Tysdag kveld har brannmannskap vore ute til melding om sotbrann i Dalsfjordvegen.
Publisert: 07.07.2020 kl 18:19
Tysdag ettermiddag melder politiet at dei har stoppa ei kvinne i Hovdebygda etter mistanke om ruskøyring.