Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Ørsta. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 07.07.2020 kl 16:13
Volda kommune får tilskot frå NVE til gjennomføringa av sikringstiltak i Gjølelva. Dette er med å fullfinansiere det store flaumprosjektet som Volda kommune og NVE utfører.
Publisert: 07.07.2020 kl 12:45 - Oppdatert: 07.07.2020 kl 15:42
Fylket vil ikkje gjere endringar i skysstilbodet, så born på Lid må framleis køyre på gamlevegen gjennom Alida og borna i Høydalen må framleis ta bussen klokka sju om morgonen.
Publisert: 06.07.2020 kl 13:01
Volda kommune har oppheva kokevarselet på Lauvstad etter at to vassprøver har komne attende reine. Kokevarselet vart sendt ut etter funn av E.coli i drikkevatnet.
Publisert: 03.07.2020 kl 15:00
Harevadet Hyttegrend AS vil at hytteeigarar som har nytta shingel i staden for naturmateriale på taka sine, skal bli pålagt å skifte tak. Hytteeigarane meiner det er urimeleg om dei må bytte tak for eiga rekning når dei har fått godkjent byggeløyve frå kommunen.
Publisert: 03.07.2020 kl 11:30 - Oppdatert: 03.07.2020 kl 15:16
Jon Georg Dale (FrP) tek ikkje attval til Stortinget. Frå neste år vil han heller jobbe i næringslivet, men utelukkar ikkje eit politisk comeback i framtida.
Publisert: 03.07.2020 kl 10:39
Ørsta kommune stadfestar at personen i same husstand som smittetilfellet som vart registrert onsdag 1. juli har testa positivt på Covid-19. - Det betyr at vi no har to registrerte smitta i Ørsta, melder kommunen.
Publisert: 03.07.2020 kl 10:17
Dei tre energikonserna TAFJORD, SFE og Tussa planlegg eit felles selskap for straumsal til privat- og bedriftsmarknaden i regionen.
Publisert: 03.07.2020 kl 07:00
Eit samrøystes samferdsleutval i Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort vedtak om at det skal startast arkeologiske undersøkingar på Fv. 60 mellom Tomasgard og Røyrhus bru.
Publisert: 02.07.2020 kl 15:18
For skuleåret 2020-2021 set FRAM i gong eit prøveprosjekt med FRAM Student – ein periodebillett for studentar opp til 30 år.
Publisert: 02.07.2020 kl 10:05 - Oppdatert: 02.07.2020 kl 11:05
Fram til 10. juli vil det vere redusert framkomst og manuell dirigering på kveld og natt på Eiksundsambandet mellom Helgehorntunnelen og Furene medan Vegvesenet legg ny asfalt.
Publisert: 02.07.2020 kl 09:50
Statens vegvesen melder at det vert manuell dirigering i Hjartåbergtunnelen fram til kl. 15.30 grunna vedlikehaldsarbeid.
Publisert: 01.07.2020 kl 15:00 - Oppdatert: 01.07.2020 kl 15:24
Ørsta trafikkstasjon får leve vidare, men kan miste både kontrollhallen og førarprøver for motorsykkel. – Det vert dramatisk for dei som må reise heilt til Ålesund, Førde eller Kristiansund for å ta oppkøyringa, seier Ørsta-ordførar Stein Aam og lovar at siste ord ikkje er sagt....
Publisert: 01.07.2020 kl 14:00 - Oppdatert: 01.07.2020 kl 16:23
Norled melder at ferjesambandet Volda-Lauvstad er innstilt inntil vidare grunna tekniske problem.
Publisert: 01.07.2020 kl 13:25 - Oppdatert: 01.07.2020 kl 16:09
Politiet stadfestar at dei har funne Maja Justyna Herner frå Polen, som forsvann 21. november 2018 oppe i fjellterrenget ovanfor Ørsta sentrum. DNA-analysen viste sikker identitet.
Publisert: 01.07.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 01.07.2020 kl 14:26
Redningshelikopter har henta ut tre personar som stod skårfast under Litledalshornet på Sæbø.
Publisert: 01.07.2020 kl 11:36
For å få det til å gå rundt med testing for covid-19 i sommar er det fleire av leiarane i sektor helse og omsorg som no får opplæring. Leiarane skal ha kvar sine vakter i test-teltet i sommar.
Publisert: 01.07.2020 kl 10:30 - Oppdatert: 01.07.2020 kl 11:35
Ein person har testa positivt på Covid-19 i Ørsta denne veka. Kommunen ventar på prøvesvar frå ein person i same husstand, men antek at det er to nye smitta som oppheld seg i Ørsta kommune.
Publisert: 01.07.2020 kl 10:07
Stryn kommune stadfestar at ein person har testa positivt på Covid-19 viruset etter å ha vore i kontakt med den koronasmitta legen ved Nordfjord sjukehus.
Publisert: 30.06.2020 kl 09:40 - Oppdatert: 30.06.2020 kl 11:27
Natt til tysdag fekk politiet melding om at støy frå russen gjorde at pasientar ved Volda sjukehus ikkje fekk sove.
Publisert: 29.06.2020 kl 13:05 - Oppdatert: 29.06.2020 kl 13:13
Måndag ettermiddag har brannvernet rykt ut til ein bilbrann på E39 ved Rystefeltet i Ørsta.
Publisert: 25.06.2020 kl 13:35 - Oppdatert: 25.06.2020 kl 14:40
I ei pressemelding seier politiet at dei er kjende med rykte om at det skal vere svært farleg narkotisk stoff i Ålesund-området. – GHB er mellom dei mest omtala stoffa. Dette vert no undersøkt av politiet.
Publisert: 24.06.2020 kl 17:00
– I dag feirar vi dei som har arbeidd med dette fantastiske bygget som Volda kjem til å ha glede av i generasjonar, sa styreleiar i VCA, Arild Bakke, då det vart invitert til kranseskål for den nye idrettshallen.
Publisert: 24.06.2020 kl 15:07
Nupen – Moe området i Ørsta er populært. Og ser ein på kommunestatistikken til Ørsta kommune og aldersgrupper, så er det flest i alle aldersgrupper fram til 66 år som bur i dette området.
Publisert: 23.06.2020 kl 13:15 - Oppdatert: 23.06.2020 kl 13:37
Ein politibetjent i Vest politidistrikt er sikta for promillekøyring og for ikkje å ha varsla politiet etter ei utforkøyring med bil natt til laurdag. To andre politifolk var passasjerar i bilen.
Publisert: 23.06.2020 kl 11:19
Møre og Romsdal fylkeskommune vil har regjeringa og kulturministeren på bana for å hindre at teknologigiganten Microsoft fjernar nynorsk frå Outlook-appen sin.