Klargjør siden...
Annonse

Artikler om Ørsta

Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Ørsta. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.

– Klare til å ta opp kampen igjen

Sjukehuskjøkkenet i Volda i fare:

– Klare til å ta opp kampen igjen

Publisert:

Kari Ristesund og Bjarne Kvalsvik stod bak protestaksjonen «Nei til sjukehusmat frå Molde» som samla over 11.000 underskrifter i 2018. Dei er forundra over at det på ny er kome forslag om at Volda sjukehus skal få maten frå eit sentralkjøkken i Molde. – Men vi er klare til ny kamp.

Skuleskyss som normalt frå 8. juni

Skuleskyss som normalt frå 8. juni

Publisert: - Oppdatert: 29.05.2020 kl 16:08

Møre og Romsdal fylkeskommune går vekk frå avstandskrav i kollektivtrafikken frå måndag 8. juni

– Tyder ikkje at vi er tilbake i ein normalsituasjon

Barnehagar og skular går mot vanleg opningstid:

– Tyder ikkje at vi er tilbake i ein normalsituasjon

Publisert: - Oppdatert: 29.05.2020 kl 15:29

Barnehagane og skulane i Volda jobbar for auka opningstider etter at regjeringa har lempa på smitteverntiltaka. – Men det tyder ikkje at vi er tilbake til ein normalsituasjon, seier ordførar Sølvi Dimmen.

Annonse
Annonse
– Utruleg kjekt å vere i mål!

Rideklubben kan sleppe jubelen laus:

– Utruleg kjekt å vere i mål!

Publisert:

Kommunestyret har samrøystes godkjent lånegaranti for ein ridehall på Rotevatn, og dei over 100 medlemmane i Volda rideklubb kan endeleg sleppe jubelen laus. – Vi er veldig, veldig glade no. Det er utruleg kjekt å vere i mål, seier leiar i Volda rideklubb, Edle Holmin.

Trafikkulukke i Ørsta sentrum

Trafikkulukke i Ørsta sentrum

Publisert: - Oppdatert: 29.05.2020 kl 08:27

Fredag morgon har naudetatane rykt ut til melding om ei trafikkulukke i Ørsta sentrum.

Ny dekan ved Avdeling for mediefag

Høgskulen i Volda:

Ny dekan ved Avdeling for mediefag

Publisert: - Oppdatert: 28.05.2020 kl 14:41

Styret ved Høgskulen i Volda har vedteke å gi Kate Kartveit tilbod om dekanstilling ved Avdeling for mediefag frå 1. august 2020.

Fem fekk bot for mobilbruk

E39 Hovdebygda:

Fem fekk bot for mobilbruk

Publisert: - Oppdatert: 28.05.2020 kl 14:52

Fem bilførarar fekk bot for å bruke mobiltelefonen bak rattet når politiet hadde kontroll i Hovdebygda.

570 er koronatesta i Volda – ingen nye smitta

570 er koronatesta i Volda – ingen nye smitta

Publisert:

Volda kommune melder at pr torsdag 28. mai er 570 personar testa for koronasmitte i Volda.

Turistforeininga skiftar namn

Voldingar attvald i styret:

Turistforeininga skiftar namn

Publisert: - Oppdatert: 28.05.2020 kl 12:34

Ålesund-Sunnmøre Turistforening skiftar namn til DNT Sunnmøre. – Vi ønskjer å syne at vi er ei foreining for heile Sunnmøre, og at Ålesund ikkje er viktigare enn andre stadar i området, seier styreleiar Jørn Håskjold.

Volda sjukehus kan miste kjøkkenet

Ny vurdering av varmmatproduksjonen i Helse Møre og Romsdal:

Volda sjukehus kan miste kjøkkenet

Publisert:

Ei arbeidsgruppe skal sjå på organiseringa av varmmatproduksjonen i Helse Møre og Romsdal. Det kan tyde at Volda sjukehus får maten levert frå Ålesund eller frå det nye sjukehuset som skal byggjast utanfor Molde.

– Eit standpunkt som forpliktar

Glad sorenskrivar med bodskap til opposisjonspartia:

– Eit standpunkt som forpliktar

Publisert:

Sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik, er glad og letta over at det er fleirtal for å stoppe regjeringa si domstolsreform, men torer ikkje sleppe jubelen laus før det skjer ei reell styrking av dei små domstolane. – Eg er glad for opposisjonspartia sitt standpunkt, men det er...

Politiet rykte ut til «pysjamasfest»

Politiet rykte ut til «pysjamasfest»

Publisert:

Påstanden «ein kan ha det like kjekt utan alkohol» vart bevist i Volda natt til søndag.

549 er testa i Volda

Korona:

549 er testa i Volda

Publisert:

Hittil er 549 personar i Volda kommune testa for koronasmitte. Det er ikkje påvist ny smitte sidan 11. mai.

Tingretten kan vere berga

Opposisjonen kjem til unnsetning:

Tingretten kan vere berga

Publisert: - Oppdatert: 19.05.2020 kl 16:02

Tysdag 19. mai morgon: Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV og FrP er samde om å skrote regjeringa si domstolsreform. Det kan tyde at både tingretten i Volda og jordskifteretten i Ørsta er berga.

«Verdas beste mediehus» er i rute

«Verdas beste mediehus» er i rute

Publisert:

Høgskulen i Volda melder at korona-tiltaka ikkje har forseinka byggeprosessen på høgskuleområdet.
- «Verdas beste mediehus» skal vere klart til innflytting til studiestarten hausten 2021.

- Skal frigjere meir tid til rehabiliteringsoppgåva

Samhandlingsprosjekt for døgnbasert rehabilitering:

- Skal frigjere meir tid til rehabiliteringsoppgåva

Publisert:

Volda kommune og Helse Møre og Romsdal har søkt Innovasjon Noreg om tilskot til eit nytt prosjekt som skal betre samhandlinga for henvisning til døgnbasert rehabilitering. - Prosjektet er grensesprengjande og kan gi meirverdiar til behandlar og pasient i form av både effektivisering og auka...

5 av 10 bryt fartsgrensa i tettbygde strøk

5 av 10 bryt fartsgrensa i tettbygde strøk

Publisert:

Nordmenn køyrer stadig for fort. Verst er det i 80-sone, men nesten halvparten bryt også fartsgrensa i tettbygde strøk. Det syner ei ny undersøking frå Trygg Trafikk.

Sparebanken Møre best på kundeservice

Sparebanken Møre best på kundeservice

Publisert:

Sparebanken Møre har vunne prisen for landets beste kundeservice i kategorien bank. – Å kome øvst på pallen i år igjen, gjer oss veldig stolte!, seier banksjef i Volda, Mette Ryste.

- Det kan bli dramatisk

Uroa over koronaeffekten på kommuneøkonomien:

- Det kan bli dramatisk

Publisert:

Kommunedirektør Rune Sjurgard er uroa for dei økonomiske konsekvensane av koronasituasjonen.
– Til hausten skal budsjett og økonomiplan handsamast. Resultatet av koronasituasjonen kan bli dramatisk for mange kommunar.

Mistanke om promillekøyring på Festøy

Mistanke om promillekøyring på Festøy

Publisert:

Fredag kveld har politiet stoppa ei kvinne i 40-åra på Festøy etter mistanke om promillekøyring.

Koronapasienten i isolat

Koronapasienten i isolat

Publisert:

Den koronasmitta i Volda er skriven ut frå sjukehuset og ligg no i isolat i tilpassa lokale. – Tilstanden til pasienten er stabil, opplyser kommunen.

- Banken merkar koronasituasjonen

Resultatet meir enn halvert:

- Banken merkar koronasituasjonen

Publisert:

SpareBank 1 Søre Sunnmøre seier banken er godt kapitalisert og har god likviditet ved utgangen av første kvartal, men merkar at koronasituasjonen pregar samfunnet. Resultatet før skatt er på 37,7 millionar kroner mot 94,4 millionar kroner for same kvartal i fjor.

Trafikkuhell på Ekset

Trafikkuhell på Ekset

Publisert: - Oppdatert: 15.05.2020 kl 10:56

Fredag morgon har to bilar kollidert på E39 ved krysset til Berkneset.

- Vi fekk ein vekkjar

Store delar av heimetenesta i karantene:

- Vi fekk ein vekkjar

Publisert: - Oppdatert: 14.05.2020 kl 15:03

12 tilsette i heimetenesta i Volda sit i karantene etter nærkontakt med ein koronapasient. Ingen av dei har fått påvist koronasmitte, men situasjonen skaper utfordringar for tenestetilbodet. - Vi har hatt dagar der sju av ni på vaktlista har vore i karantene, og dagar med åtte av ti, seier...

Engstelege pasientar tek kontakt med Volda sjukehus

Tjue tilsette i koronakarantene:

Engstelege pasientar tek kontakt med Volda sjukehus

Publisert: - Oppdatert: 14.05.2020 kl 13:45

Tjue tilsette ved Volda sjukehus er sett i karantene etter at ein pasient med uoppdaga koronasmitte vart innlagd ved sjukehuset. No seier sjukehustilsette at dei opplever at fleire pasientar tek kontakt, og at nokon vel å utsetje timane sine ved sjukehuset.