Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 28.05.2020 kl 11:59
Volda kommune melder at pr torsdag 28. mai er 570 personar testa for koronasmitte i Volda.
Publisert: 27.05.2020 kl 13:00
Volda kommune vil kjøpe eit næringsareal på Raudemel i Hornindal for kr. 3,2 mill. Kommunen vil føre vassleidning over eigedomen, og så opparbeide arealet for utleige eller sal.
Publisert: 26.05.2020 kl 18:00
Både Bratt Sykkelklubb og Volda Rideklubb fekk ros i formannskapet for prosjekta dei har jobba med. No vil kommunen garantere for lån til dei begge.
Publisert: 25.05.2020 kl 13:00
Sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik, er glad og letta over at det er fleirtal for å stoppe regjeringa si domstolsreform, men torer ikkje sleppe jubelen laus før det skjer ei reell styrking av dei små domstolane. – Eg er glad for opposisjonspartia sitt standpunkt, men det er...
Publisert: 25.05.2020 kl 10:26
Hittil er 549 personar i Volda kommune testa for koronasmitte. Det er ikkje påvist ny smitte sidan 11. mai.
Publisert: 20.05.2020 kl 13:27
Foreininga Grobygget har som målsetjing å «skape nytt liv» i Grobygget på Grodås, og har søkt Volda kommune om både aktivitetsmidlar og sentrumsutviklingsmidlar til det vidare arbeidet.
Publisert: 20.05.2020 kl 10:25 - Oppdatert: 20.05.2020 kl 11:49
Fylkesveg 5890 ved Nautvika har redusert framkome inntil vidare. Vegbana er innsnevra grunna steinras.
Publisert: 19.05.2020 kl 06:43 - Oppdatert: 19.05.2020 kl 16:02
Tysdag 19. mai morgon: Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV og FrP er samde om å skrote regjeringa si domstolsreform. Det kan tyde at både tingretten i Volda og jordskifteretten i Ørsta er berga.
Publisert: 18.05.2020 kl 13:00
Volda kommune og Helse Møre og Romsdal har søkt Innovasjon Noreg om tilskot til eit nytt prosjekt som skal betre samhandlinga for henvisning til døgnbasert rehabilitering. - Prosjektet er grensesprengjande og kan gi meirverdiar til behandlar og pasient i form av både effektivisering og auka...
Publisert: 16.05.2020 kl 13:00
Kommunedirektør Rune Sjurgard er uroa for dei økonomiske konsekvensane av koronasituasjonen. – Til hausten skal budsjett og økonomiplan handsamast. Resultatet av koronasituasjonen kan bli dramatisk for mange kommunar.
Publisert: 15.05.2020 kl 17:00
Den koronasmitta i Volda er skriven ut frå sjukehuset og ligg no i isolat i tilpassa lokale. – Tilstanden til pasienten er stabil, opplyser kommunen.
Publisert: 14.05.2020 kl 15:00 - Oppdatert: 14.05.2020 kl 15:03
12 tilsette i heimetenesta i Volda sit i karantene etter nærkontakt med ein koronapasient. Ingen av dei har fått påvist koronasmitte, men situasjonen skaper utfordringar for tenestetilbodet. - Vi har hatt dagar der sju av ni på vaktlista har vore i karantene, og dagar med åtte av ti, seier...
Publisert: 14.05.2020 kl 13:20 - Oppdatert: 14.05.2020 kl 13:45
Tjue tilsette ved Volda sjukehus er sett i karantene etter at ein pasient med uoppdaga koronasmitte vart innlagd ved sjukehuset. No seier sjukehustilsette at dei opplever at fleire pasientar tek kontakt, og at nokon vel å utsetje timane sine ved sjukehuset.
Publisert: 14.05.2020 kl 13:00
I dag byrjar ei gradvis opning av høgskuleområdet. - Studentar som treng tilgang for å unngå forseinkingar i studieløpet vil få det. Vi ber alle om å halde gjeldande reglar for smittevern, seier prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Publisert: 14.05.2020 kl 12:40 - Oppdatert: 14.05.2020 kl 13:59
Frå neste veke kan borna vere ein halvtime lengre i barnehagen, og opningstida vert utvida til 8-15.30.
Publisert: 14.05.2020 kl 11:40 - Oppdatert: 14.05.2020 kl 12:43
Kommuneoverlegen trur det siste koronatilfellet i Volda har blitt smitta for så lenge sidan at ein kanskje aldri kjem til å finne smittekjelda.
Publisert: 14.05.2020 kl 09:20 - Oppdatert: 14.05.2020 kl 12:44
Ingen av dei som har vore i nærkontakt med koronapasienten i Volda har fått påvist smitte. Det melder Volda kommune.
Publisert: 12.05.2020 kl 14:55 - Oppdatert: 12.05.2020 kl 15:04
Kommunalsjef for helse og omsorg i Volda, Svein Berg-Rusten, seier dei må gjere tøffe prioriteringar no når mange tilsette i heimetenesta sit i karantene. – Vi skal oppretthalde ei fagleg forsvarleg tilbod, og dei som må ha hjelp frå heimetenesta skal få det.
Publisert: 12.05.2020 kl 12:45 - Oppdatert: 12.05.2020 kl 14:21
Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol seier at dei ikkje veit korleis koronapasienten i Volda har blitt smitta. Pasienten hadde utypiske symptom og 35 tilsette i kommunal helseteneste og ved Volda sjukehus er no i karantene etter kontakt med pasienten.
Publisert: 12.05.2020 kl 09:00 - Oppdatert: 12.05.2020 kl 09:05
Volda kommune stadfestar at personen som fekk påvist koronasmitte i går, har motteke tenester frå heimetenesta. - Dei tilsette som har vore i kontakt med denne personen er sett i karantene.
Publisert: 11.05.2020 kl 15:00 - Oppdatert: 11.05.2020 kl 15:03
Til saman 398 personar er testa for koronasmitte i volda kommune. Fredag vart det teke 13 nye prøver, men det er ikkje meldt om nye smittetilfelle.
Publisert: 11.05.2020 kl 13:00
Formannskapet i Volda kommune har fått ei orientering om generalforsamlinga i Tussa, der det ikkje vart semje om utbytteutbetaling. Arild Iversen (KrF) stilte seg undrande til måten eigarkommunane hadde truga med å kaste styret.
Publisert: 10.05.2020 kl 13:00
Volda kommune ser på moglegheitene for å stimulere lokalt næringsliv gjennom kommunale innkjøp og halde oppe planlagt aktivitet.
Publisert: 09.05.2020 kl 13:00
Volda kommune vurderer å søkje på koronapengar som er sett av til flaumsikring for å ferdigstille sikringa av elvane i Volda sentrum.
Publisert: 08.05.2020 kl 13:47
- At samfunnet opnar meir opp til ein meir normal situasjon, er eit resultat av at vi har følgt dei råd og pålegg som er gitt. Men det tyder ikkje at vi skal gje slepp på dei gode hygienevanane vi har lagt oss til, oppmodar smittevernlege i Volda kommune, Bent Ingebrigtsen.