Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 14.09.2020 kl 12:50
FAU og SU ved Hornindal skule har sendt formelt krav til Volda kommune om endringar i SFO-vedtektene. Dei meiner dei nye vedtektene etter kommunesamanslåinga gjer at foreldre i Hornindal mister fleksibilitet samstundes som prisen vert mangedobla.
Publisert: 12.09.2020 kl 13:00
Odd A. Folkestad (Volda-lista) reagerer på vedtaket som er gjort om det vidare arbeidet med nytt symjeanlegg i Volda sentrum. – At ein vil greie ut alternativ både med og utan etasje med tribune er stikk i strid med kommunestyret sitt vedtak, som seier klart at ein skal gå vidare med...
- Eg er heilt sikker på at vi får diskutert dette grundig i det komande formannskapsmøtet og at vi skal få retta opp det som eventuelt måtte vere feil, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp) om spørsmåla kring symjehallvedtaket frå Odd A. Folkestad (Volda-lista).
Publisert: 07.09.2020 kl 13:00
Tenesteutvalet for oppvekst og kultur meiner at Volda skal ha same skjenketider som Ørsta, både med tanke på trafikktryggleik og likt konkurransegrunnlag i næringa.
Publisert: 05.09.2020 kl 13:00
Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å byrje reguleringsarbeid for Fv. 60 Røyrhus-Tomasgard så snart som mogleg.- I vedtaket seier samferdsleutvalet at fylket kan leige inn planleggingskapasitet om det ikkje er ressursar til å gjennomføre det i eigen regi.
Publisert: 03.09.2020 kl 13:27
Tenesteutvalet for oppvekst og kultur har vore med på å berge barnehagen og skulen i Austefjorden i fleire rundar, men no meiner dei det er på tide å gje bygda fred. – Det smertar, men for bygdefolket sin del så er det på tide at dei slepp fleire kampar, seier utvalsleiar Rebecca Riise...
Publisert: 03.09.2020 kl 13:00
Volda kommune har gjennomført ei pre-kvalifisering av entreprenørar til bygginga av ny ungdomsskule i sentrum, og sit no att med fem kandidatar.
Publisert: 01.09.2020 kl 13:17
Endeleg kunne det vere kakefest i Volda-sola utan at det hang ei mørk sky over tingretten. – Vanlegvis er vi her for å åtvare mot den massive sentraliseringa av domstolane, men i dag kunne vi berre nyte sola og kose oss saman, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge.
Publisert: 31.08.2020 kl 09:55
Stiftinga Voldabadet reagerer på fleire av momenta i sakspapira kommuneadministrasjonen legg fram for den kommunale byggenemnda i ettermiddag. - I desse sakspapira frå administrasjonen ser ein at det er kostnader og ikkje det totale biletet som kjem fram.
Publisert: 31.08.2020 kl 09:00 - Oppdatert: 31.08.2020 kl 09:30
I fjor vart barnehagen og skulen i Austefjord berga når kommunestyret brukte fondsmidlar for å halde ope eit år til. No kjem nytt nedleggingsforslag på bordet til politikarane.
Publisert: 30.08.2020 kl 13:00
No når kommunestyret har bestemt at det skal byggjast nytt symjeanlegg i Volda sentrum, kjem saka attende til den kommunale byggjenemnda. Dei må ta stilling til ei rekkje spørsmål, som kontraktsstrategi, element-prising, entreprenør-premiering og involvering av brukargrupper.
Publisert: 27.08.2020 kl 11:50 - Oppdatert: 27.08.2020 kl 16:14
Volda kommune melder at dei har flytta koronatest-stasjonen til grusbana ved Volda stadion.
Publisert: 26.08.2020 kl 17:55 - Oppdatert: 27.08.2020 kl 10:02
Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, seier at ut frå dei opplysningane dei har, så har ikkje den koronasmitta studenten vore med på fadderveka eller teke del i undervisning.
Publisert: 23.08.2020 kl 13:00
Frode Sætre, Ola Einang og Nils Ola Skuset håpar Volda-politikarane vil godkjenne båtbygging som ein del av sentrumsprosjektet. – Identiteten til Volda er mykje meir enn berre sjukehuset og høgskulen. Her er lange maritime tradisjonar, særskilt innan båtbygging, fyr- og hamnearbeid.
Publisert: 20.08.2020 kl 13:06
Volda kommune fekk presentere Voldatunnelen for samferdsleminister Knut Arild Hareide når han var i Ålesund for å hente innspel til rulleringa av Nasjonal Transportplan.
Publisert: 20.07.2020 kl 07:00
Volda kommune sin leigeavtale for Dagsenteret i Hamna 20 går ut neste haust, og kommunen ser no på andre aktuelle lokale. Både Austefjord skule og gamle Handelsskulen er vurdert.
Publisert: 18.07.2020 kl 13:00
Ein innbyggjar på Grodås har fått store inngrep i hagen sin pga. flaumsikringsarbeidet i Vikaelva og ber no Volda kommune om erstatning. – Tomta er blitt totalt øydelagt som følgje av elveførebygginga.
Publisert: 18.07.2020 kl 07:00
– Det er låg terskel for å komme hit og sykle seg ein tur. Hugs å sjekk at bremsane verkar og ha på sykkelhjelm, seier Anders Eidså, leiar i Bratt sykkelklubb.
Publisert: 17.07.2020 kl 16:16
Høgre-leiar og kommunestyremedlem i Volda, Ivar Otto Kristiansen, har lagt ut oppmoding om å boikotte Tussa som straumleverandør på si eiga private facebook-side. Han meiner Tussa er kopla til vindkraft gjennom KLP sin eigarpost i selskapet. Det tek no ordførarane i Volda og Ørsta sterk...
Publisert: 17.07.2020 kl 07:00
Sauebonde i Ørsta, Kjell-Martin Standal, kjem med ei innstendig bøn til folk som no ferdast i utmark og fjell med hundar. – Dei må seie frå dersom dei er så uheldige at hunden gjer skade på beitedyr, seier Standal, som sjølv har måtte avlive lam på grunn av bittskadar. – Vi fekk ingen...
Publisert: 16.07.2020 kl 13:58 - Oppdatert: 16.07.2020 kl 14:29
Sidan det vart påvist ny koronasmitte i Ørsta og Stryn i månadsskiftet juni/juli, har det vore stor pågang på teststasjonen i Volda. Heile 139 voldingar har testa seg på to veker, men det er ikkje kome positive prøveresultat så langt.
Publisert: 16.07.2020 kl 13:53 - Oppdatert: 16.07.2020 kl 14:34
Ordførar Sølvi Dimmen ønskjer alle voldingar ein god sommar og oppmodar til ein felles innsats for å unngå smittespreiing i ferien. – Når dei nasjonale påboda er lempa på, er ansvaret i større grad overført til kvar enkelt av oss.
Publisert: 15.07.2020 kl 18:00
Før sommaren vart Tilstandsrapporten for grunnskulen 2019-2020 lagt fram for kommunestyret. Rapporten tek føre seg resultat i gamle Volda kommune, og syner at elevane i Voldaskulen har god framgang og gode faglege resultat.
Publisert: 15.07.2020 kl 11:45 - Oppdatert: 15.07.2020 kl 11:45
Uteseksjonen er i full gang med å henge opp plakatar og skilt rundt om kring i heile Ørsta kommune for å minne om smittevernreglane.
Publisert: 14.07.2020 kl 13:00
Avdelinga for vatn og avløp i Volda kommune krev erstatning frå avdelinga for samfunnsutvikling for kostnadar dei har hatt med ein tett pumpestasjon på avløpsnettet på Grodås. Dei meiner massar frå utbygginga av Løvland byggefelt har tetta stasjonen.