Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 29.11.2018 kl 11:20
Erlend Krumsvik har meldt seg ut av KrF og skal i staden stå på valliste for Partiet Dei Kristne. – Styret i Volda KrF er orienterte om at eg går ut frå nyttår, stadfestar han.
Publisert: 24.11.2018 kl 13:00
Onsdag ettermiddag hadde foreldre og elevar ved Vikebygda skule samla seg for å protestere mot at kommunen vurderer ei nedlegging. Politikarane vart møtt av taktfaste rop om «Vi treng Vikebygda skule!». Tenesteutvalet for oppvekst og kultur lytta og sa samrøystes «nei» til nedlegging.
Publisert: 19.11.2018 kl 13:17
Volda sanitetslag trekkjer anken i saka dei har hatt mot Tomteservice As. Som kjent frå tidlegare så trekte eigedomsutviklaren seg frå kjøpet av Sanitetshuset.
Publisert: 17.11.2018 kl 13:00
Ivar Otto Kristiansen (H) har sendt innspel til kommunen om plasseringa av ny sentrumsbarnehage. Han meiner ein kan slå to fluger i ein smekk med å rive dei kommunale bustadane i Smalebakken og byggje barnehage på tomta i staden.
Publisert: 17.11.2018 kl 07:00
Debatten om Nordøyvegen hardnar til. Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) har sjølv bidrege med sterke meiningar, men han er uroa over at det er sett fram trugsmål mot personar i fylkesadministrasjonen. – Om desse trugsmåla er reelle eller ikkje, så syner det tydeleg at debatten har spora...
Publisert: 12.11.2018 kl 13:17
Ein 1. klassing i Ørsta er 2 timar og 45 minutt time lenger på skulen i løpet av ei veke enn kva ein 1. klassing i Volda er. Får eleven i Ørsta meir fagleg inn, enn ein volding, eller er det meir leik og moro?
Publisert: 09.11.2018 kl 13:00
Volda Campus Arena AS lanserer ein “folkeaksje» for dei som vil vere med og støtte arbeidet med ny idrettshall i Volda. Som takk får dei namnet sitt på ei tavle ved inngangen.
Publisert: 08.11.2018 kl 13:54
Torsdag ettermiddag legg rådmann i Volda kommune, Rune Sjurgard, sitt forslag til budsjett for 2019. Dette er det siste budsjettet for «gamle» Volda og inneheld ei rekkje store investeringar. Baksida er auka lånegjeld og press på dei kommunale tenestene.
Publisert: 04.11.2018 kl 13:00
Etter oppslag i Næravisa er butilhøva i Samlebakken og Røyslidvegen blitt tema i formannskapet. Der var det vilje til å finne løysingar, men alternativa verka få. - Det nyttar ikkje å bestille brannslokkingsapparat tre år frå no, når huset allereie står i brann, seier Odd A. Folkestad....
Publisert: 03.11.2018 kl 13:00
Torsdag kveld inviterte leiinga i Nye Volda til folkemøte i Honndalshallen på Grodås. Her fekk innbyggjarane i Hornindal kome med sine spørsmål og innspel. Dei var mest opptekne av folketalsutvikling, arbeidsplassar og lagnaden til Smia.
Publisert: 01.11.2018 kl 13:04
Prosjektgruppa som jobbar for ein multihall ved Stadion har lagt fram eit forprosjekt. Dei ser føre seg eit bygg som skal innehalde turnhall, allidrettshall, innandørs skatehall og eit eige E-sport senter. Prisen er på 44,8 millionar kroner. – Dette kan bli krona på verket på...
Publisert: 31.10.2018 kl 15:07 - Oppdatert: 31.10.2018 kl 15:07
Volda kommune ber turgåarar om å vere forsiktige når dei ferdast i området ved Rotsetstranda når det pågår skoging.
Publisert: 27.10.2018 kl 13:00
Frivilligsentralen ser på moglegheitene for å opne ein eigen utlånssentral i Volda. Målet er at flest mogleg born og unge skal få ta del i fritidsaktivitetar, uavhengig av økonomisk situasjon. – Det vil vere eit lågterskeltilbod til alle som av ulike årsaker treng å låne sports- og...
Publisert: 23.10.2018 kl 13:00 - Oppdatert: 23.10.2018 kl 13:06
Atter ein gong har det vore stor entusiasme og gjevarglede, og det er så langt kome inn kr 244.555.403 til årets tv-aksjon. I Ørsta har kvar innbyggjar i snitt gjeve kr 47,05. I Volda derimot er talet kr 42,99, som er kr 3,17 under landssnittet på kr 46,16.
Publisert: 22.10.2018 kl 13:00
Formannskapet har bedt teknisk eining orientere om arbeidet for å få på plass ein ny skiltplan i Volda sentrum. Einingsleiar Rune Totland kunne fortelje om mange positive signal, men lite framdrift.
Publisert: 21.10.2018 kl 12:00
Volda kommune har informert Samarbeidsutvalet ved Vikebygda skule om at det kan kome ei utgreiing om nedlegging i løpet av kort tid.
Publisert: 20.10.2018 kl 15:00
Planane om ny barnehagestruktur i sentrum vert ikkje sendt ut på høyring i denne omgang. Tenesteutvalet for oppvekst og kultur etterlyser fleire alternativ i utgreiinga, og meiner tre veker vert for kort tid til ein skikkeleg høyringsrunde.
Publisert: 20.10.2018 kl 12:00
Torsdag kveld heldt fellesnemnda for Nye Volda kommune eit folkemøte på Bjørke. Det vart uttrykt uro for at Bjørke og Viddal skal hamne i eit «vakuum», der det ikkje vert gjort investeringar, medan Nye Volda og Ørsta forhandlar om oppgjeret etter grensejusteringa.
Publisert: 19.10.2018 kl 13:00
Teknisk eining i Volda kommune har avgjort å fjerne fleire brusteinsgangfelt i Volda sentrum etter vanskar med vedlikehald og tilfelle der steinane slår opp i bilar som køyrer over.
Publisert: 13.10.2018 kl 13:00
Kommuneadministrasjonen føreslår å samle dei kommunale barnehagane i sentrum til ein storbarnehage med plass til 120 born. Det er aktuelt å bygge denne storbarnehagen på parkerings- og parkområdet utanfor rådhuset.
Publisert: 12.10.2018 kl 14:23
Under eit arbeidsseminar for den politiske og administrative leiinga i Volda kommune, kom det eit varsku frå økonomisjef Kari Mette Sundgot. – Om ein skal få til dei investeringane ein ønskjer i Volda, så må det sparast i driftskostnadane for tenesteproduksjonen.
Publisert: 10.10.2018 kl 09:00 - Oppdatert: 10.10.2018 kl 11:17
Onsdag morgon melder Statens vegvesen at det er manuell dirigering i Høydalstunnelen grunna bilberging.
Publisert: 07.10.2018 kl 13:00
I ein presentasjon til formannskapet og den administrative leiinga i kommunen har avdeling for opplæring og oppvekst peika på ei samanslåing av Oppigarden og Sollia barnehagar, men Engeset er ikkje nemnt.
Publisert: 06.10.2018 kl 13:00
Planane om å pusse opp Volda ungdomsskule og behalde «kvadraturen» kan bli for kostbart. I staden kan det bli aktuelt å bygge ny skule.
Publisert: 29.09.2018 kl 15:00
Paul Kristian Hovden (KrF) ser positivt på vedtaket som vart gjort i Volda kommunestyre om Voldatunnelen og bompengar. Men han vil «slanke» samferdslepakken enno meir. – Eg meiner vi må avgrense byrda på lokalbefolkninga og konsentrere oss om å løyse dei store prosjekta.